Posted on november 10, 2009 by mostraum
Opp i flammer av Suzanne Collins er oppfølgjaren til Dødslekene som eg las i februar, og den er like god.
“Spoiler alert” for alle som ikkje har lest Dødslekene.
To personar overlevde dei 74. Dødslekene – Katniss og Peeta. Noko slikt har aldri skjedd før og det er derfor eit opprør mot Capitol og ei oppmuntring til alle opprørslystne folk i alle 12 distrikta i Panem.
Vel heime i Distrikt 12 fryktar Katniss kva presidenten og hans folk kan finne på å gjere for å hemne seg på henne. Ho fryktar for livet til både familie og venner, og frykta blir ikkje mindre når ho forstår at ho er blitt eit opprørssymbol for heile landet.
Ho treff og på to flyktningar i skogen. Dei er på leiting etter Distrikt 13 som blei øydelagt for mange år sidan. Ryktet seier at Distrikt 13 har bygd seg opp igjen og no er ei eiga makt utanfor Panem sin kontroll.I mellomtida strammar Capitol grepet om Distrikt 12 og dei andre distrikta i Panem. Katniss får klar beskjed frå presidenten om å dempe opprørstronga som ulmar i landet og å overbevise han om at ho kun er ei forelska ungjente utan ein opprørsk tanke i hovudet. Dersom ikkje….
Når utvelginga av deltakarar til dei 75. Dødslekene blir annonsert forstår Katniss at ho hadde god grunn til å frykte konsekvensane av at ho klarte å få både seg og Peeta levande ut frå dei forrige Dødslekene.
Det er alltid litt nifst med oppfølgarar, men Suzanne Collins har greid jobben til fulle. Opp i flammer er like velskriven og spennande som Dødslekene. Eg kan nesten ikkje vente på den neste boka i serien.
På Askøy vgs. har vi både den engelske og den norske utgåva av begge bøkene.
Dette meiner andre om Catching Fire
Karin’s Book Nook
Persnickety Snark
Time
Linus’s Blanket
Suzanne Collins si heimeside
Arkivert under: Bokmål, Engelsk, Litteratur | Merka som: 5, Dystopi, Science Fiction, Serie, Ungdomsbøker | Legg att ein kommentar »
Posted on november 9, 2009 by mostraum
Nervous conditions av Tsitsi Dangarembga handlar om ungjenta Tambu som veks opp på landsbygda i Rhodesia – no Zimbabwe - på 60-talet. Etter barneskulen har bror hennar fått gå på misjonsskulen der onkelen hennar er rektor medan Tambu og søstrene ikkje får eit slikt tilbod. Tambu går på barneskule, men berre fordi ho klarer å finansiere skuleplassen sin sjølv. Så døyr broren hennar, og sidan det ikkje er fleire søner i familien så er det Tambu som får gå på misjonsskulen.
Ho bur heime hjå onkelen og tanta og deler rom med kusina Nyasha som delvis har vakse opp i England medan foreldra henner studerte der. Nyasha slit med å leve opp til og akseptere den tradisjonelle kvinnerollen i shonakulturen og er i konstant opposisjon til faren sin som er overhovudet i storfamilien sidan han er både mann og har utdanning og god jobb. Ho utfordrar også stadig Tambu sine forestillingar om korleis verda fungerer og burde fungere. Nyasha si mor har like god utdanning som mannen sin, men let likevel mannen sin styre det meste. Tambu si mor lever eit tradisjonelt liv i storfamlien på landsbygda, eit liv der mennene for ein stor del styrer medan kvinnene arbeider.
Tambu, Nyasha og dei andre kvinnene i livet deira lever alle i eit krysspress. Dei er kvinner i klemme mellom den tradisjonelle kvinnerollen i den patriarkalske shonakulturen og ein staden meir likestilte kvinnerollen i den engelske kulturen, og dei er innfødde i eit land styrt av kolonimakta. For Tambu og Nyasha sin familie kjem og utdanninga inn som eit skilje mot resten av storfamilien, utdanninga gjer dei på mange måtar “engelske” og til koloniherrane sine gode døme gode og flinke afrikanarar.
I starten syns eg boka var litt tung å lese. Det blei brukt mange uttrykk frå shonaspråket og det tok litt tid å venne seg til at det var enkelte ord eg ikkje skulle forstå, berre vite sånn nokonlunde kva dei refererte til. Så snart eg kom forbi denne lille mentale sprerra var boka ei strålande lesaroppleving. Tambu, Nyasha og dei andre i boka framstår som virkelige personar med virkelige liv og eg blir etterkvart like frustrert som dei over sperrene som både kjønnsrollar, raseskilje og utdanningsskilje lagar. Til tross for at dette er ei bok om alvorlege emne er det inga trist bok og Tambu ingen sjølvmedlidande forteljar.
Veldig bra!
Dette syns andre om boka:
The book nest
Growing fins
Vindu mot verden
Arkivert under: Engelsk, Litteratur | Merka som: 5, Afrika, Kvinner, Oppvekst, Zimbabwe | Legg att ein kommentar »
Posted on november 5, 2009 by mostraum
Lars Lauvik er tilbake med sin spinngalne gjeng i Eon 5 – Tatt av kvinner.
Gjengen har som vanleg eit nokså irrasjonelt forhold til det meste her i verda som t.d. politikarar, julefeiring, stupebrett, sin herre og teiknemester Lars Lauvik og kolleagene hans, trafikkreglar og sjølvsagt kvinner.
Eg ler som vanleg masse.
Arkivert under: Teikneseriar | Merka som: 5, Humor | Legg att ein kommentar »
Posted on oktober 28, 2009 by mostraum
Astrid Høgevold fekk anoreksi då ho var berre 12 år gammal og dei seks neste åra i livet hennar var ein einaste lang kamp mot sjukdomen.
I boka “Noe i meg er sterkere enn jeg” gjev ho oss eit levande og intens bilde av kva som går føre seg i hovudet på ei ung jente med veldig alvorlig anoreksi. På det verste er ho så sjuk at ho trudde at alt omkring henne inneheldt kaloriar, inkludert lufta, vatnet og tinga ho tok på. Ho personifiserer sjukdommen som ei kraft i henne sjølv som ho kallar for djevelen. Det er djevelen som styrer, bestemmer, fortel henne at ho må bli flinkare, springe meir, ete mindre, bli tynnast, bli som beina i eit røntgenbilde…. Det er djevelen som bestemmer, utan djevelen er Astrid ingen.
Astrid Høgevold fortel intenst og ærleg om alle sidene ved å leve med alvorleg anoreksi. om jernhard sjølvdisiplin, om tvangsprega trening, om tvangsforing med sonde, om kor kreativ ein sjølvskadar kan vere for å finne noko å kutte seg opp med, om opphalda på ungdomspsykiatrisk institusjon, og om prosessen ho måtte igjennom for å bli frisk.
Med ein så ung forfattar og såpass liten avstand i tid til hendingane boka skildrar kunne dette fort blitt ei sentimental stakkars-meg-bok, men det er det ikkje. Astrid Høgevold har skrive ei veldig, veldig god bok.
Dette skriv andre om boka og forfattaren:
Liv og død i samme hode – Vårt Land
Noe i meg er sterkere enn jeg - NRK
Skulle bli tynnast av alle – ABCnyheter
Arkivert under: Litteratur, Sjølvbiografisk | Merka som: 5, Anoreksi, Spiseforstyrrelser, Ungdom | Legg att ein kommentar »
Posted on oktober 19, 2009 by mostraum
Steffen tar sin del av ansvaret av Christian Støre Valeur handlar om Steffen som har bestemt seg for å ta sin del av ansvaret for miljøet, han skal bli nullutsleppar av CO2.
Måten han skal gjere det på er å reise på familiehytta mitt på vinteren for å leve eit liv utan elektrisitet. Maten er all hermetikken som står uopna på hytta. Steffen har imidlertid gjort ein litt dårleg jobb med planlegginga og oppdagar fort at å vere på fjellet i Norge vinterstid med småsko og hytta sin elektrisk boksopnar ikkje er det lettaste i verda.
Ganske fort oppdagar lesaren at det kanskje ikkje er den brennande miljøinteressa som er hovuddrivkrafta bak Steffen sine handlingar. Vi får stadig tilbakeblikk frå hausten der han og sambuaren kommuniserer stadig dårlegare, ei studieveninne med aktivt medlemskap i Natur og Ungdom gjer eit stort inntrykk, bestekameraten forstår han ikkje, sjefen hans forstår iallfall det iallfall ikkje når Steffen blir tatt i å ete restaurantgjestane sine restar og han mistrivst på jusstudiet. Steffen er 23 år, har vakse opp i velstand, går familie og venner på nervane og er rett og slett ikkje særleg nøgd med seg sjølv og forbrukarsamfunnet.
Etter nokre dagars forhutla liv på ei kald hytte blir elektrisiteten brått slått på. Steffen, som ikkje eingong har nytta toalettet inne i frykt for å bruke vatn som burde gått til tørkeramma i Afrika, har ikkje tiltak nok til å skru den av. Det er Steffen sin far som har slått den på med fjernkontroll frå Oslo slik dei vanlegvis plar gjere for å kunne komme til ei varm hytte når dei reiser oppover. Etterkvart er alle aktørane i det lille dramaet samla på hytta og det blir det fleire pinlige situasjonar og samtalar av.
Dette er ei dagbokroman med mange innslag av samtalar, chatting på Internett og sms’ar. I samtalane har kvar deltakar fått sin tabulatorplass på sida slik at den blir eit godt visuelt bilde av slik ein samtale gjerne høyrest ut, litt forvirrande i byrjinga men eg likar det. Sms’ar og chatting er halde i den uformelle tonen slik kommunikasjon gjerne har.
Steffen tar sin del av ansvaret er ei småmorsom og lettlest bok. Spesielt likar eg samtalane, chattinga og sms’ane. Boka minner meg på mange måtar om Naiv. Super av Erlend Loe, men klarar likevel å få sitt eige særpreg. Generelt syns at boka blei litt for lang, men elles så er den bra. Eg er spent på kva Christian Støre Valeur vil komme med neste gong. Denne boka er iallfall absolutt lesverdig.
Dette syns andre om boka:
Sammen skal vi leve – Bergens Tidende
Debutroman om forvikling og forureining – NRK
Tilbake til naturen – Dagbladet
Med lattermildt alvor om forbruk og forelskelse – Aftenbladet
Bærekraftig debut – Universitas
Seig samtidsroman – Altaposten
Arkivert under: Bokmål, Litteratur | Merka som: 4 | Legg att ein kommentar »
Posted on oktober 18, 2009 by mostraum
Full pott i hjerter av Svein Børge Hoftun handlar om brødrene Jon og Steinar som stikk av heimanfrå for ikkje å bli henta av barnevernet. Mor deira har eit forhold til ein svensk musikar og lét gutane vere åleine att heime medan ho reiser rundt med svensken og bandet, Steinar har ADHD og er blitt ferska medan han stal øl, og og sosiallærar og barnevern byrjar å mistenke alt for mykje. Flukta fører dei frå Oslo via Sauda og Bergen til København. Dei er på jakt etter Jon sin far som ingen har sett sidan han tok livet av ein annan mann før Jon blei født.
Dette er ei spennande bok som raskt flyttar seg frå ein stad til ein anna og ein situasjon til ein annan. Litt for fort faktiskt. Det er så mykje ein skal innom – dårlege heimeforhold, ADHD, kriminalitet og at Jon forelskar seg i den danske guten Erik og oppdagar at han er homofil. Sidan alt går så fort så er det liksom ingenting som får nok tid.
Språkleg likar eg boka godt. Forfattaren skriv eit lett og ledig nynorsk som bør vere lett å lese for dei fleste.
Dette syns andre om boka:
Når alt skal med – Bergens Tidende
Botnlaus spenningshistorie – Vårt Land
Arkivert under: Litteratur, Nynorsk | Merka som: 3, Ungdom, Ungdomsbøker | Legg att ein kommentar »
Posted on oktober 12, 2009 by mostraum
Eg las om boka Graceling av Kristin Cashore på ein eller annan litteraturblogg og syns den såg interessant ut, så eg tok den med meg heim så snart den var på plass på Askøy vgs.
Katsa bur i ei verd der nokre folk blir født med såkalte “gåver”. Gåvene kan vere alt frå å vere ekstremt god til noko ganske vanleg som musikk til å kunne lese tankar. Katsa si gåve er å kunne drepe, eller det er iallfall gåva ho og dei rundt henne trur ho har. “Begåva” barn er lette å kjenne igjen fordi dei alltid har auger med forskjellige fargar og dei blir alle sendt til hoffet for å tjene landet. Dersom dei har ei gåve kongen ikkje kan gjere seg nytte av blir dei returnert til familien sin.
Katsa tjener ein konge som brukar henne til å skremme og true folk sidan alle veit at ho er dødeleg. Katsa er lei av å bli brukt på denne måten og ho har derfor stifta ein hemmeleg organisasjon som hjelper folk som treng det. På grunn av dette finn ho seg sjølv i eit nabokongedømme der ho og nokre andre bryt seg inn i kongen sitt fengsel for å befri faren til ein av dei andre kongane i området. Resten av boka går ut på å finne ut kven som har kidnappa den gamle mannen og prøve å få tatt skurken. Undervegs oppdagar Katsa meir om seg sjølv og si eiga gåve, og at kjærleik kanskje ikkje er så uoppnåeleg som ho har trudd. Dette kan høyrast ut som ei veldig vanleg oppskrift på ei fantasyroman, men denne historien tar sine eigne vegar.
Eg likte denne boka veldig godt. Blei oppslukt med ein gong og sa stort sett ja og ha når eg blei snakka til dei neste timane, noko som oftast er eit godt teikn for ei bok. Språket er godt og noko som kunne bli ein veldig “vanlig” fantasyhistorie tar sine heilt eigne vendingar. Eg likar alltid når ein forfattar overraskar meg med kva som skjer med personane i forteljinga og det skjedde her. Eg håpar at det etterkvart kjem ein oppfølgjar, men i mellomtida får eg sjå om eg ikkje kan få tak i Kristin Cashore si bok “Fire” som finn stad i samme univers som Graceling men foregår tidlegare i tid.
Dette syns andre om Graceling:
Pure Imagination Blog
Hip Librarians Book Blog
The SF Site
Never not reading
Arkivert under: Engelsk, Litteratur | Merka som: 5, Fantasy, Ungdomsbøker | Legg att ein kommentar »
Posted on oktober 12, 2009 by mostraum
Ein gong for all for mange månader sidan utfordra ei veninne meg med denne leselista. BBC meiner at folk flest berre har lest 6 av desse bøkene/bokseriane. Korleis er det med deg?
Instruksjon: Kopier lista og sett ein “x” bak bøkene du har lest. Send utfordringa vidare til andre boknerdar.
Så her er lista med mine x’ar og merknader. Favorittar har fått store X’ar
1 Pride and Prejudice – Jane Austen
2 The Lord of the Rings – JRR Tolkien X
3 Jane Eyre – Charlotte Bronte
4 Harry Potter series – JK Rowling X
5 To Kill a Mockingbird – Harper Lee
6 The Bible – x (på eit tidspunkt då eg faktisk prøvde å tru på dette)
7 Wuthering Heights – Emily Bronte
8 Nineteen Eighty Four – George Orwell x
9 His Dark Materials – Philip Pullman X
10 Great Expectations – Charles Dickens
11 Little Women – Louisa M Alcott
12 Tess of the D’Urbervilles – Thomas Hardy
13 Catch 22 – Joseph Heller
14 Complete Works of Shakespeare
15 Rebecca – Daphne Du Maurier
16 The Hobbit – JRR Tolkien X
17 Birdsong – Sebastian Faulk
18 Catcher in the Rye – JD Salinger
19 The Time Traveler’s Wife – Audrey Niffenegger X
20 Middlemarch – George Eliot
21 Gone With The Wind – Margaret Mitchell x
22 The Great Gatsby – F Scott Fitzgerald x
23 Bleak House – Charles Dickens
24 War and Peace – Leo Tolstoy
25 The Hitch Hiker’s Guide to the Galaxy – Douglas Adams X
27 Crime and Punishment – Fyodor Dostoyevsky (tél det å komme til side 50 ca. 6 gonger?)
28 Grapes of Wrath – John Steinbeck X
29 Alice in Wonderland – Lewis Carroll x
30 The Wind in the Willows – Kenneth Grahame x
31 Anna Karenina – Leo Tolstoy
32 David Copperfield – Charles Dickens x
33 Chronicles of Narnia – CS Lewis x
34 Emma-Jane Austen
35 Persuasion – Jane Austen
36 The Lion, The Witch and The Wardrobe – CS Lewis x
37 The Kite Runner – Khaled Hosseini X
38 Captain Corelli’s Mandolin – Louis De Bernieres
39 Memoirs of a Geisha – Arthur Golden
40 Winnie the Pooh – AA Milne X
41 Animal Farm – George Orwell x
42 The Da Vinci Code – Dan Brown x (Ja, men fattar framleis ikkje kvifor.)
43 One Hundred Years of Solitude – Gabriel Garcia Marquez
44 A Prayer for Owen Meaney – John Irving X
45 The Woman in White – Wilkie Collins
46 Anne of Green Gables – LM Montgomery x
47 Far From The Madding Crowd – Thomas Hardy
48 The Handmaid’s Tale – Margaret Atwood x
49 Lord of the Flies – William Golding x (Hata den intenst, men den var pensum)
50 Atonement – Ian McEwan
51 Life of Pi – Yann Martel
52 Dune – Frank Herbert x
53 Cold Comfort Farm – Stella Gibbons
54 Sense and Sensibility – Jane Austen
55 A Suitable Boy – Vikram Seth
56 The Shadow of the Wind – Carlos Ruiz Zafon x (håpte heile tida at den skulle bli betre og leve opp til starten, men nei då…)
57 A Tale Of Two Cities – Charles Dickens
58 Brave New World – Aldous Huxley x
59 The Curious Incident of the Dog in the Night – Mark Haddon X
60 Love In The Time Of Cholera – Gabriel Garcia Marquez x
61 Of Mice and Men – John Steinbeck X
62 Lolita – Vladimir Nabokov
63 The Secret History – Donna Tartt
64 The Lovely Bones – Alice Sebold
65 Count of Monte Cristo – Alexandre Dumas x
66 On The Road – Jack Kerouac
67 Jude the Obscure – Thomas Hardy
68 Bridget Jones’s Diary – Helen Fielding x
69 Midnight’s Children – Salman Rushdie
70 Moby Dick – Herman Melville (Eg é ikkje amerikanarar og denne ikkje særleg obligatorisk lesing heromkring)
71 Oliver Twist – Charles Dickens
72 Dracula – Bram Stoker x
73 The Secret Garden – Frances Hodgson Burnett x
74 Notes From A Small Island – Bill Bryson x
75 Ulysses – James Joyce
76 The Inferno – Dante
77 Swallows and Amazons – Arthur Ransom
78 Germinal – Emile Zola
79 Vanity Fair – William Makepeace Thackeray
80 Possession – AS Byatt (Eg prøvde, eg prøvde…)
81 A Christmas Carol – Charles Dickens x
82 Cloud Atlas – David Mitchell x
83 The Color Purple – Alice Walker X
84 The Remains of the Day – Kazuo Ishiguro
85 Madame Bovary – Gustave Flaubert
86 A Fine Balance – Rohinton Mistry
87 Charlotte’s Web – EB White
88 The Five People You Meet In Heaven – Mitch Albom
89 Adventures of Sherlock Holmes – Sir Arthur Conan Doyle
90 The Faraway Tree Collection – Enid Blyton
91 Heart of Darkness – Joseph Conrad
92 The Little Prince – Antoine De Saint-Exupery
93 The Wasp Factory – Iain Banks
94 Watership Down – Richard Adams x
95 A Confederacy of Dunces – John Kennedy Toole
96 A Town Like Alice – Nevil Shute X
97 The Three Musketeers – Alexandre Dumas
98 Hamlet – William Shakespeare – x (Såg eg ikkje Shakespeare i komplett samling lenger oppe? Men eg har iallfall fnist meg gjennom Hamlet og Macbeth – fans av Terry Pratchett forstår sikkert grunnen til fnisinga)
99 Charlie and the Chocolate Factory – Roald Dahl x
100 Les Miserables – Victor Hugo
40 totalt, som ein del av min pågåande kamp for ikkje å vere folk flest så er vel dette greit. Det er og nokre i lista eg har forsøkt på, men ramla av veldig fort. Generelt apellerer t.d. moderne litteratur meir til meg enn Jane Austen og kompani og det bér nok avkryssinga preg av. Utfordringa går vidare til Silje som bloggar på Tanks vgs. og Bergen Maritime vgs.
Arkivert under: Litteratur | Merka som: Litteratur | Legg att ein kommentar »