Løgneren Locke Lamora

Løgneren Locke LamoraÅ hjelpe meg…. Løgneren Locke Lamora er Scott Lynch si første bok, men det skulle ein ikkje tru.

Locke Lamora blir foreldrelaus som ganske liten og hamnar i flokken til Tjuvmakeren. På dei første sidene i boka er Tjuvmakeren i god gang med å prøve å selge Locke til Den Øyeløse Presten, av den enkle grunn at dersom han ikkje får solgt han så må han drepe han. Guten har rett og slett stjåle for mykje, og frå dei feile folka.

Som vaksen er Locke Lamora ein gentlemanstjuv som saman med kompisane sine stjel frå dei rike i byen Camorr. Men ting byrjar å skje blant forbrytarane i Comarr, og til tider er kanskje Locke for smart for sitt eige beste.

Eg likte denne boka veldig godt, den er ei original og spennande forteljing om forbrytarar, vennskap og magi. Eg gler meg svært til fortsetjinga av serien “De Veloppdragne Kjøterne” og sit igjen med mange spørsmål som eg håpar å få svar på i løpet av serein. ASVbib har boka på både norsk “Løgneren Locke Lamora” og engelsk “The Lies of Locke Lamora“.

Kva andre seier om boka:
Det fantastiske hjørnet – klikk på fanekortet “Månedens spennende nykommer”
Pat’s Fantasy Hotlist
Realms of speculative fiction

3 kommentarar

  1. [...] har lest “The Lies of Locke Lamora” og absolutt elska [...]

  2. [...] går besøkte eg ein av Bergen sine betre bokhandlarar. Eg fann både “The Lies of Locke Lamora” (som eg fann ut at eg berre måtte ha) og bok nummer 2 i serien som heiter “Red Seas [...]

  3. [...] No Comments  Yesterday I visited one of the better bookstores in Bergen. I found both “The Lies of Locke Lamora” (which I’ve decided I just have to own) and book number 2 in the series called [...]

Legg att eit svar