Fullmetal Alchemist

Fullmetal Alchemist er ein mangaserie om alkymistbrødrene Edward og Alphonse Eldric og handlar om alt dei kjem ut for mens dei leitar etter dei vises stein.

Biblioteket på Askøy vgs. har i skrivande stund dei 4 første hefta i denne serien og kjem til å kjøpe inn resten etterkvart.

Foreløpig har eg berre fått lest det første heftet i serien. Eg likte det godt. Masse spenning og action, og som vanleg gjekk det fort å bli vant til å lese i “mangaretninga”. No tar eg med meg dei neste tre hefta i serien heim og ser om eg får lest dei i helga. Hefte nr.1 er å finne i teikneseriehylla på biblioteket.

Wikipedia har ein artikkel for dei som vil lese litt meir om Fullmetal Alchemist.

Ei tilbakemelding

  1. [...] vår kunnskap om det. I tillegg fekk eg lest dei siste utgåvene av National Geographic, bind 2 av Fullmetal Alchemist og starta på “Red Seas under Red Skies” av Scott [...]

Legg att eit svar