Vann til Elefantene – Water for Elephants

Å lese Sara Gruen si bok Vann til Elefantene var ei flott oppleving. (ASVbib har den på både norsk og engelsk.)

Boka er ei erindringsroman fortalt av nitti (eller nittitre) år gamle Jacob Jankowski som sit på gamleheimen og tenker tilbake på sirkustida si under depresjonen i USA.

Som ung og nesten ferdig utdanna veterinær hamnar Jacob via tragiske omstende på «Benzinibrødrenes Mest Spektakulære Sirkus i Verden» som på langt nær er så spektakulært som namnet skulle tilsei.

Der møter han sirkusdirektøren Onkel Al, den Shakespeare-lesande dvergen Walter, sirkusarbeidaren Camel, dyreansvarlege August og August si kone Marlena, som har dei flottaste hesteoppvisningar. Jacob blir sjølvsagt forelska, og dramaet er i gang.

I tillegg til den personlege historia skildrar også Gruen ei verd der klasseskiljet var enormt og dyremishandling var ein del av kvardagen. Artistane representerte overklassen medan arbeidarane levde som dyr og risikerte «rødt kort» dersom dei blei overtallige. «Rødt kort» betydde å bli kasta av toget i fart.

Gruen har gjort grundig research av 30-talet si sirkusverd i USA og har bakt inn fleire sirkusanekdoter i forteljinga. M.a. er forteljinga om den skjønne elefanten Rosie inspirert av fleire elefantsoger frå sirkusverda.

Eg las boka på engelsk og det er derfor vanskeleg for meg å sei om den er godt omsett. Men, det er uansett ein historie som er verd å lese.

Advertisements

2 responses to “Vann til Elefantene – Water for Elephants

  1. Tilbakeping: Bokomtalar og Konspirasjonsteori | Tanz

  2. Tilbakeping: Dei 12 beste i 2009 | Tanz

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s