Skalden Skurres historier / The Tales of Beedle the Bard av J.K.Rowling

Skalden Skurres historier - forside

Alle som har lest alle sju bøkene om Harry Potter veit at eit av eventyra frå Skalden Skurres historier spelar ein viktig rolle i Harry Potter og Dødstalismanene, men Skalden Skurre har fleire eventyr på lager, og dei får vi lese her.

I Harry Potter si verd var Skalden Skurre  ein eventyrdikter på 1400-talet. Eventyra hans er populære i trollmannsverda, omtrent som H.C. Andersen sine eventyr i vår ver.

Boka inneheldt 5 eventyr, med omfattande kommentarar av Rektor Albus Humlesnurr. Eventyra er på mange måtar slik vi kjenner t.d. Grimm sine eventyr med kongar, riddarar,  tjenarar, hekser, trollmenn og snakkande dyr. Stort sett går gale med dei som prøver å overliste magien, moralen og naturen sine lover.

Eventyra er greie nok, men åleine er dei ikkje verd meir enn ein 3’ar. Det som i mine auge gjer boka verd ein 4’ar er Humlesnurr sine kommentar. Desse er fulle av morsomme kommentarar, småforteljingar frå hekserisamfunnet sin historie, tankar om moral og etikk , barndomsminner og sjølvironi, og utgjer ein vel så stor del av boka som sjølve eventyra. Dette er hovudsakleg ei bok for dei som alt har lest bøkene om Harry Potter, for andre vil eg anbefale å begynne på Harry Potter og De Vises Stein.

Boka er «oversett» frå oldruner av Hermine Grang, og til norsk av Torstein Bugge Høverstad. Biblioteket på Askøy vgs. har boka på både norsk og engelsk.

Ein ekstra pluss skal J.K.Rowling ha for at overskotet av denne boka går til stiftelsen the Childrens High Level group (CHLG), som har til formål å betra forholda for barn som bur på instutisjonar rundt om i Europa.

Advertisements

One response to “Skalden Skurres historier / The Tales of Beedle the Bard av J.K.Rowling

  1. Tilbakeping: Bokomtalar og Konspirasjonsteori | Tanz

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s