Dødslekene / The Hunger Games

Eg var først motstrevande til å lese ”Dødslekene” (The Hunger Games) av Suzanne Collins, eg hadde lest litt på ryggteksten og var rett og slett redd for at den skulle vere for fæl. Men fleire av dei andre vgs-bibliotekarane i Hordaland fortalte meg at den var utruleg bra, og at eg berre måtte lese den. Og det gjorde eg….

Dødslekene finn stad i landet Panem som er det som er igjen av USA etter at krig og naturkatastrofar har øydelagt landet. Hovudstaden Capitol har all makt over resten av landet som er delt inn i 12 distrikt. Det var tidlegare 13 distrikt, men Distrikt 13 blei totalt øydelagt etter eit landsomfattande opprør ca.50 år før handlinga i boka finn stad. Som straff for dette opprøret blir kvart år to ungdommar, ein gut og ei jente, frå kvart distrikt tatt ut til å delta i ”Dødslekene” – eit realityshow der deltakarane blir plassert på ein stor utandørs arena der dei må kjempe til døden mens heile landet ser på. Den siste som står igjen er vinnaren. Vinnaren er sikra eit liv i luksus, og vinnaren sitt distrikt får nok mat til alle sine Dødslekeneinnbyggarar fram til neste års dødsleikar.

Vår hovudperson er jenta Katniss frå det lutfattige Distrikt 12. Som hjelpar i førebuinga får ho og guten Peeta den einaste tidlegare i vinnaren frå Distrikt 12. Han er ein bitter og alkoholisert mann som er tydeleg merka av det han hadde vore med på for mange år sidan. Deltakarane blir ført til Capitol der dei blir styla opp og er stjerner i eit stor medieshow – noko som for både Katniss og oss lesarar er ganske grotesk når ein tenker på kva leikane eigentleg går ut på. Katniss er ei tøff jente som er vant til å passe på mora og vetlesøstra si ved ulovlig jakt. Men dette er ingen garanti for å overleve dødsleikane.

Kollegaene mine hadde rett: ”Dødslekene” er tankevekkande, samfunnskritisk, original – og berre heilt FABELAKTIG.

Biblioteket på Askøy vgs. har den på både norsk og engelsk.

”Dødslekene” er den første i ein planlagt triologi: Bok nr. 2 ”Catching Fire” er planlagt utgitt 1.sept.2009 – og vi kjøper den så snart den er tilgjengeleg, både på norsk og engelsk.

Advertisements

10 responses to “Dødslekene / The Hunger Games

  1. Ja, jeg prøver å få alle jeg kan til å lese denne, og de tilbakemeldingene jeg har fått har vært veldig positive. Tomorrow-serien av John Marsden ble anbefalt et sted til de som likte Dødslekene. Jeg har lest den første og den er ganske bra selv om den ikke når helt opp til denne.

    Jeg tror forresten jeg kommer til å herme etter karaktersystemet ditt. Det var en god ide:-)

  2. Eg har lest heile Tomorrow-serien, og syns den er veldig bra og. Veit igrunnen ikkje heilt kva for ein av dei eg syns er best, Dødslekene eller Tomorrow.

  3. For min del var det noe spesielt med Dødslekene, men det har sikkert litt med at jeg ikke hadde hørt noe om den fra før og var uforberedt. Vi er heldige som har et hav av gode bøker vi kan lese som en del av jobben vår:-) Har du forresten lest Havprinsen? Jeg har akkurat begynt på den og håper den er noe å anbefale.

  4. Har ikkje lest Havprinsen enno. Har litt djupdykk i teikneseriar for tida, så den får vente. Får sjå om eg rekk det i vinterferien.

  5. Tilbakeping: Twilight-serien | Tanz

  6. Tilbakeping: Should I read the Twilight-books? « Mostraumbloggen

  7. Tilbakeping: Opp i flammer / Catching fire « Asvbib’s Blog

  8. Tilbakeping: Ei lita leseoppsummering i byrjinga av desember | Tanz

  9. Tilbakeping: The Maze Runner av James Dashner | Asvbib’s Blog

  10. Tilbakeping: The Maze Runner « Tanz

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s