Midtvinterblod

Eg tenkte at eg skulle lese ei krimbok igjen etter gammalt, og den utvalde boka blei Midtvinterblod av Mons Kallentoft. Ein død mann blir funnen hengande i ei einsleg eik på eit djupfrose jorde utanfor Lindköping i Sverige. Kriminalbetjent Malin Fors og resten av politistyrken får ein vanskeleg  jobb med å nøste opp saka som viser seg å ha mange forgreiningar til både gammal åsatru og gamle familieløyndomar.

 

Eg likar skildringa av politifolka og dynamikken mellom dei. Eg likar og miljøskildringane, ein kan verkelig føle kor kaldt der er på Östgötasletten denne vinteren. Eg syns og at det er eit interessant puslespel Mons Kallentoft har funne på…   Men likevel så likar eg ikkje boka så veldig godt. Det blir for mange stemmer som skal ha sin større eller mindre del av merksemda, dei fleste mistenkte har tendensar til å vere karikaturar, alt blir litt for melodramatisk og eksistensielt, og eg blir irritert.

 

Midtvinterblod er første boka i ein trilogi om Malin Fors. Det kan hende eg kjem til å lese dei neste bøkene . Hovudsakleg fordi Kallentoft har vore smart nok til å etterlate seg ein del ubesvarte spørsmål i denne boka, og eg er litt nysgjerrig. Eg håpar imidlertid at dei neste bøkene blir litt stramma inn i forhold til denne.

 
Sjå kva andre skriv om boka:
Nytt svensk krimnavn – Kulturspeilet
Frossen fortelling – Aftenposten
Advertisements

One response to “Midtvinterblod

  1. Tilbakeping: Korallrev og krimbøker | Tanz

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s