Havprinsen

Havprinsen handlar om David som har vokse opp på ein barneheim i Bergen etter at mora hans vart tatt av ei stor bølgje då han var 6 år gammal. Han har alltid hatt ei sterk dragning mot havet og styraren på barneheimen har gjort alt for at David ikkje skal komme ned til sjøen. Når David endeleg kjem ned til å sjøen blir han tatt av ei bølgje og hamnar i havriket Regnumia. Der blir han kjent med havjenta Anastacia og hennar familie, og lærer om livet under havet. Men også Regnumia har sine løyndomar – klasseskilje, dårlege nabolag og ein sakna arveprins.

Boka er den første i ein planlagt trilogi av den svært unge forfattaren Kristine Rande. Ho er født i 1991 og går for tida på studiespesialiserande linje på Danielsen vgs. i Bergen.

Eg har vore veldig i tvil om kvar eg skal plassere denne boka på karakterskalaen. På nokre måtar fortener ho ikkje betre enn ein 2’ar og på andre måtar ein 4’ar, så 3’aren er eit kompromiss.
2’ar biten først – boka blir til tider litt rotete. Nokre setningar er uklare og eg blir usikker på kva forfattaren eigentleg prøver å sei. Ein god redaktør som kunne hjelpe med dette hadde nok vore ein bra. Mange av personane, spesielt dei vaksne, blir eindimensjonale, og David virkar til tider nokså lite intelligent.
4’ar-biten – Havprinsen fortel ein spennande og original historie. Universet ho har skapt er ikkje eit eg kjenner igjen frå andre bøker eg har lest, og det er eit stort pluss. Når det gjeld David sin intelligens og dei eindimensjonale karakterane så håpar eg at framhaldet av trilogien kan hjelpe på det.

Alt i alt var boka vel verd å lese og eg er spent på fortsetjinga.

På Vys bokside kan du også finne ein omtale av boka.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s