Fra p-bok til e-bok, erfaringar med digitalt lesebrett på Horten vgs.

v/Kjetil Idås, lektor ved Horten vgs.

Horten vgs. er ein nasjonal demonstrasjonsskole. Jobbar med digitalbok, tabletPC, SmartBoards.

Lesebretteknologien er på 1984-pc-stadiet, altså i ein veldig tidleg fase. I 1984 trudde vi pc var ei skrivemaskin…

Lesebrettet er papirerstattar, logistikkdings, bibliotek. – «Velkommen til Horten vgs – her har du alle lærebøkene dine» – foreløpig har det ikkje vore så alt for vellykka, men det er ein del av læringa. Ein del av problema er det tekniske, dei er litt treige og slikt. Forlaga har endringa litt haldning til dette, til det betre, men det er og ein alvorleg situasjon for dei. Elles så er det jo ikkje så gale om vi som samfunn treng mindre papir.

Kan søke i boka, kan notere i boka, lage bokmerke, m.m.

Pr.idag, svart/kvitt – venta utvikling dei neste åra er bøyelege skjermar og fargar. Lagringskapasiteten er no på ca 10000 bøker og det  veks stadig. Førebels dyrt, men prisen kjem nedover. Horten vgs har førebels hatt dei i to år, og dei lever enno til tross for fall frå pultar, ikkje glasskjerm men ein slags pleksiglass.

Fordelar for skulane:

  1. Læringstrykk – ingen gløymte bøker, og alle bøkene er klare ved skulestart, endringar i bøkene kan gjerast fortløpande utan at ein treng å trykke nye utgåver.
  2. Logistikk – (ASV sin bibliotekar heiar sterkt på dette aspektet)
  3. Økonomi – billegare bøker utan trykkekostnader, elevane kan og rable ivrig i bøkene og så er det berre å slette alt av notatar og slikt ved slutten av skuleåret.
  4. Auka leseinteresse – kanskje
  5. Teknologiaksept

Oppsummering – dette er såpass bra og lovande at det må vi forhalde oss til.

Advertisements

One response to “Fra p-bok til e-bok, erfaringar med digitalt lesebrett på Horten vgs.

  1. Sarpsborg Arbeiderblad har skrevet en artikkel om elevenes syn på prosjektet under tittelen «Ubrukelige lesebrett»:

    http://www.sa.no/lokale_nyheter/article4054026.ece

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s