L-ore – Framtidas lesevaner v/Eirik Newth

Lesar, astrofysikar, forfattar, synsar, framtidstenkar, bibliotekvenn – har nettpublisert i ca. 15 år.

Bloggar på: 2050 – en blogg om fremtid og fremtidstenking og Eiriks forfatterblogg

PowerPointpresentasjon på SlideShare.net

Historisk sett har det vore lange periodar der lite har skjedd, dagen i går blei omtrent som dagen i dag. Dei siste 100 åra har det skjedd utruleg mykje, og det meste av dette har skjedd dei siste ca.15 åra.

Hjernen vår er sentrum for alt – men framtidstenkinga vår foregår i same del av hjernen som også tar seg av fortida. Så litt av utfordringa er å frigjere lesetenkinga vår frå fortida.

Fredeleg setting med bok i godstolen er det bildet vi har av lesaren, men den notidige og framtidige lesar ser oftast ikkje slik ut.

Ungdom brukar stort sett data dagleg – også når dei ikkje må. Tradisjonell lesing brukar dei veldig lite tid på. Men, når ein er på nett så gjer ein mykje lesing og gjerne mykje skriving.

Det vesentlige av lesinga som foregår i Norge i dag foregår på skjerm. Vi har basert oss på bokstavar på papir i 500 år, men på 15 år er det snudd på hovudet. Leksikon blir no hovudsakleg brukt på nett og brukarane får høve til å delta i innhaldsleveransen, aviser legg ned papirutgåvene sine, lærebøker blir utgitt online, m.m.

Medievanar – ikkje berre vanar, men verdiar – det representer ei forflytning av verdiar og det er stort sett positivt.

Mediaagnostisisme – unge mediebrukarar skiller mindre mellom mediatypar enn vaksensamfunnet – ”bøker er bra, TV er dumt”-tenkinga har ikkje dei, og det er bra.  Mixogmatch. Ting som vedvarar som suksess er dei som er mediagnistiske t.d. Simpsons.

Kulturagnostisisme – Nollywood lagar fleire filmar enn Bollywood og Hollywood til saman – det som var fjernt for vår kultur blir no tatt inn i vår kultur, oftast gjennom dei yngste. Framtidas mediebrukarar kjem til å vere meir kulturagnostisistiske.

Samansette tekstar er normalteksten på nettet – berre eit googlesøk vil gje tilgang til kompleks lesing – TV-nyheter/aviser gjev oss eit filtrert bilde av røynda via nettet kan du få alle sidene. Dette er BRA – kobling av forskjellige teksttypar blir vanlege, t.d. koblar nettavis gjerne nettavisartikklen – bloggar – leserreaksjonar. (Nettavisartikkelen er annleis enn papiravisartikkelen fordi dei blir oppdatert)

Deltaking – ein treng ikkje vere veldig skrivekyndig for å delta t.d. i Twitter. Forskjellige arenaer med forskjellige krav. Nettsamfunna lagar arenaer for alle.

”Alle skal med” er her ikkje eit ideal men virkelighet.

Kva skal vi så gjere med dei digitale innfødte? – Boklesinga har gått ned dei siste 15 åra – folk les like mykje i minuttar men i mange fleire media (mediaagnostisisme)

Tre tiltak som ikkje virkar på boklesinga:

  • Kampanjer
  • Tilgang (volum)
  • Teknologi

To tiltak som kan virke på lesinga

  • Agnistiske arenaer – akseptere av at brukarar vil ha spenning, nyttig, verdifullt som gjerne kan delast med andre, ikkje medielojale
  • Digital dialog – levande nettstader – dette er vanskeleg, Facebook er eit av utallige, det som lykkast. Det smartaste er å henge seg på noko som alt virkar, t.d. Goodreads, LibraryThing, Amazon.com. Det første som blei etterlyst då SNL kom på nett var eit brukarforum, folk vil kommunisere

Gjer det noko at folk ikkje les bøker? Det kan tenkast at det 20 århundre i framtida blir omtalt som eit av dei siste der lesing av lang tekst var vanleg – er dette eigentleg eit problem. Skrifta som kommunikasjonsform har eit problem, skriftkulturen har sine negative sider – skrifta snakkar til deg ikkje med deg, den er konserverande – spesielt i ei foranderleg tid som vår. ”Gutenbergparentesen”. Boka tok vekk dialogen, men no er dialogen tilbake.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s