Nettbasert litteraturformidling og skriving

Ønskebok

v/Eva Haga Rognflåten, ABM-utvikling

Prosjekt 2005-2009
ABM-utvikling i samarbeid med Opening the book

Mål

  • Nå målgruppa unge lesarar med gode lesaropplevingar
  • Vise fram bibliotekarane sine store bokkunnskapar
  • Vise fram biblioteka sin bokbestand
  • Kompetanseheving for bibliotekarane
  • Promotere kulturfondbøker

Dugnad!

  • Ønskeboklesarar: 57 stk.
  • Ønskebokredaksjon

No må barnet driftast – ABM-utvikling har berre prosjektmidlar, så nokon andre må ta drifta – Aust-Agder bibliotek- og kulturformidling. Overtakinga skjer i løpet av året.

Har tenkt på å ha ein teljar som viser kor mange bøker som ligg i basen.

Ein søker etter bøker på andre måtar enn med tittel/forfattar (personleg kunne eg tenkt med at ein også kunne søke på slikt og finne ting som liknar).

Nivåmessig rettar ønskebok seg hovudsakleg mot ungdomsskule og vidaregåande skule.

————————————————————————————–

Friskriving og FanFiction

– erfaringer fra Re v.g. skole, Marianne Bøhle, lærer og Unni Sørsveen, skolebibliotekar (døme på bruk nederst på Re si side).

Fanfiction er:

  • friskriving
  • kreativ skriving
  • ein skriv ein litterær, oppdikta tekst ut frå noko ein er fan av

Fanfiction.net – unleash you imagination

For lærar – mykje under læringsplakaten, tilpassa opplæring, læreplanane i norsk og engelsk når det gjeld å lage skriftlege tekstar. På Re fann dei også mål i utviklingsplanen til skulen

Tilpassa undervisning

  • Elevar vel ut frå eigne interesseområde, eige nivå og forutsetningar.
    På Re skal elevane no etter å ha lest ei bok på engelsk ikkje skrive ein bokrapport, men skrive fanfiction.
    Elles så har dei oppgåver der lærar gjer dei ein startsetning/startavsnitt og så skriv elevane vidare – har ikkje gitt karakter, berre ei vurdering.
  • Den enkelte sine tekstar kan vidareutviklast ut frå kommentarar frå medelevar, lærar og biblitoekar – kan plukke ut den versjonen dei er best nøgd med å få denne vurdert/kommentert. Re vgs. brukar ITL som verktøy i prossessen.
  • For dei som klarar betre å tegne eller fotografere – deviantart.com – kan jo også tilpassast forgivingsfag, foto i IT-opplæring, m.m.

Samarbeid -Lærarar/elevar og skulebibliotek, lærar – lærar, elevar – elevar, på tvers av klassar, evt. på tvers av skular.

Utstilling av ferdige arbeid – anten på vegg og bord eller på nettsider/blogg (her kan jo sjølvsagt også teikningar/bilde vere med). Arbeida kan utstillast anonymnt.

Utfordringar

  • Må tilpassast programområde, den enkelte klasse og den enkelte lærar – (byggfag – prosjektbeskrivelse på engelsk, hs-forteljing til barn….)
  • Elevane er gjerne litt usikre i byrjinga – dei treng ofte litt hjelp til å komme i gang
  • Viktig at tilbakemeldingar er konstruktive, begrunne kommentarane (å begrunne kommentarar er jo også ein læreprossess)
  • Utfrodringar for læraren å rekke over alle tekstane

——————————————————————————————————-

Skrivebua.no – ein skrivestad for deg mellom 10 og 20 år
(utgår pga. sjukdom, men dei har mykje godt på nettsida si.)

——————————————————————————————————

Eikerungdom.no – for deg som tør å være kreativ!
– Maria Bodilsen, Øvre Eiker bibliotek

Det finst så mange ulike, unge, aktive og kreative folk – vi vil sjå kva dei lagar

  • Ønskjer å sjå nettstaden i bruk, men det er også eit mål å sjø ei auke i bruk av biblioteket både nettbasert og fysisk.
  • Endre unge si oppfatning av biblioteket
  • Skape nye arena for musikk(utlån) og bilder(utstillingar) i biblioteket
  • Skape noko fysisk av det nettleverte (bøker med favorittekstar, cd med musikk)
  • Nettsidene er desgna av Karl Gundersen (lokal kunstnar) og laga i Joomla (gratis nettverktøy) slik at det skal vere greit for andre å kopiere delar eller heile designen.

———————————————————————————————

Bloggen møter undervisninga – Konkrete metodiske tips

v/Liza Greczanik

Korleis lokke språklysta inn i klasserommet. Ungdommane chattar, sms’ar, mailar – vi kan gje dei eit kompass og gje dei kunnskap som er attraktiv i vår verd.

Kva er ein blogg? – elevsvar

  • Ein type dagbok på nett
  • Folk skriv tekstar som dei vil at andre skal lese – om seg sjølv og sine tankar og/eller om ting ein er interessert i eller jobbar med.

Bloggar er så mangt, og mange tjenar masse pengar på bloggen sin.

Kvifor blogga i skulen?

  • Trene på skriving og styrke språket sitt
  • Skrive for eit publikum (trene seg på å skrive for ulike mottakarar, jamaldringar, lærar, folk med andre meiningar – som gjerne sit i eit anna land)
  • Trene seg i å skrive om ulike saker
  • Alle elevar kan komme til ordet
  • Skrive ulike typar tekstar i ulike samanhengar
  • Få/gje respons
  • Kombinere skrivinga med moderne teknikk – noko som ofte blir opplevd som stimulerande for tekstskapinga
  • Bli meir kjent på Internett, både å søke etter informasjon og formidle informasjon
  • Auka fellesskapet i klassen, ein snakkar gjerne med andre enn dei ein omgås til vanleg
  • Foreldremedvirkning – foreldra får ein ny type innsyn

Liza ser alt ho opplever/leser/gjer/høyrer som potensielle blogginnlegg – dette er ein ganske vanleg bloggarsjukdom

Korleis kjem ein i gong: WordPress, Blogspot

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s