Isprinsessen av Camilla Läckberg

Det første eg må sei er at eg har høyrt Isprinsessen som lydbok i bilen dei siste par vekene. Eg syns dette er ein fin måte å få lest nokre ekstra bøker på og det gjer det til ei litt annleis oppleving enn det er å lese boka sjølv.

Så over til boka:
Eg veit ikkje heilt kva eg syns om den. Eg tvilte lenge på om den skulle får 3 eller 4, men fann til slutt ut at eg mislikte enkelte ting så mykje at eg ikkje kunne gje den noko betre enn ein 3’ar.

Mislikar:
Den har for mange dameromantendensar og eg har ekstremt lav toleranse for slikt. Setningar som inneheldt utsagn som «firskåren hake», «surt uttrykk», «fyldige lepper» osb. irriterer meg grenselaust, og det var alt for mykje av slikt kvar gong ein ny person blei introdusert i boka. Vanlegvis hoppar eg berre over slike setningar, men det var vanskeleg i ei lydbok, så eit lite minus til lydbøker der. Eit anna lite lydbokminus er at eg berre likte opplesaren Hedda Munthe sånn passe. Ein god lesar kan gjere ei lydbok til ei fantastisk oppleving, men det gjorde ikkje Munthe – dette er jo ikkje Camilla Läckberg sin feil, men…  I det heile tatt hadde Isprinsessen såpass mange trekk frå den romantiske dameromanen at eg rett og slett ikkje klarte å gje den noko betre enn ein 3’ar, dette til tross for

det eg likte:
Komplisert og godt laga mordmysterium med veldig mange mistenkte og forgreiningar 25 år tilbake i tid. Forfattaren gjer oss dessutan nok spor til at ein nokonlunde skarpsindig og observant lesar vil løyse mysteriumet samtidig, eller helst litt før, politiet i boka.

Konklusjon: Bra krimbok for dei som ikkje er like allergiske mot for mykje rosaskjær i krimbøker som eg er. Den er og den første av ei rekke bøker med forfattaren Erica Falck og politimannen Patrick Hedström i hovudrollane, og utanom sjølve mordmysteriet er det fleire ting i bok nummer 1 som forhåpentlegvis blir løyst i seinare bøker.

Boka har også gitt opphavet til ein TV-serie.

Andre skriv om Isprinsessen:
Nordlys – Klisjéprinsessen
Litteratursiden.dk
Annettes blogg
Maris mørke hjørne

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s