Tidens historie

Dei siste vekene sin lydboklærdom er: Ikkje høyr på populærvitskaplege bøker, les dei istaden.

Tidens historie av Trond Berg Eriksen frå 1999 gjev eit innblikk i ein interessant historie om utviklinga i synet på og kunnskapen om tid og om utviklinga av uret. Boka har mange interessante historiar som t.d. om kor viktig det var å finne opp ein nøyaktig tidsmålar slik at båtar kunne bestemme posisjonen sin langt til havs, om kalendarrevisjonar gjennom tidene, om makthavarar (inkludert kyrkja) sitt behov for å styre tida, m.m. TBE skriv også om forskjellig oppfatning av tid som t.d. syklisk eller rettlinja. Denne delen av boka likar eg godt.

Det er to hovudmoment som dreg boka ned til ein 2’ar for meg.
Det eine er at eg syns at det blir for lite av tida sin historie og for mykje tidsfilosofi der Trond Berg Eriksen viser tydeleg kva han meiner om tidsbruk og levemåtar i vår moderne tid. TBE set tydelege kvalitative merkelappar på sine forskjellige tidsbegrep og let ikkje til å ha mykje til overs for vår moderne levemåte.  Her kjem det fort betegnelsar som «slavar av tida», «tidsklemma», «behovet for det langsame» og det naturvitskaplege tidsbegrepet blir omtalt som «innhaldslaust» og «tomt». Kanskje er det lyttaren og forfattaren som her har alt for forskjellig syn på verda, livet og tida?

Boka er rett og slett ikkje særleg spenstig. Ei bok om tid burde vere mykje meir spennande enn denne er. Eg blir lei av at ting stadig vekk blir repetert: Er Gud den store urmakaren eller ikkje, har vi tid eller har tida oss, og fleire andre spørsmål frå stadig nye synsvinklar. Eg saknar også andre moment om tida som t.d. skjønnlitterær behandling av tid og syns elles at naturvitskapen sine begrep om og tankar om tid burde hatt ein større plass. Men her er det kanskje lyttaren og forfattaren som igjen har for forskjellig syn på tinga?

Nokre ord om boka som lydbok. Lydboka er litt forkorta i forhold til den trykte utgåva, men det eg saknar mest frå ei vanleg trykt bok er referansar til andre bøker og artiklar. Det er forfattaren sjølv som les. Han gjer ein brukbar jobb, men eg trur at ein skuespillar kunne gjort lyttinga til ei meir spennande oppleving enn det ein veldig tørr og intonasjonslaus TBE gjer. Og som eg alt har nemnd syns eg det er vanskeleg å «lese» populærvitskaplege bøker på lyd.

Det er mange som er ueinige med meg om denne boka. Ein søk i A-tekst (elevar på Askøy vgs. må vere pålogga ped.nettet for å søke her) på boka leidde meg til mange gode kritikkar.

Advertisements

4 responses to “Tidens historie

  1. Populærvitenskap i det hele tatt finner eg ganske, uinteressant for det meste. Men av og til er det jo noe som interesserer. Men denne boken høres egentlig kjedelig ut.

  2. Smak og behag. Eg likar ofte populærvitskaplege bøker, men ikkje alle.

  3. Eg deler erfaringen om at å lese vitskapsbøker er best! Tidens historie er likevel ikkje populærvitenskap , men kulturhistorie på sitt beste. Den tar for seg korleis skiftande oppfatningar av omgrepet tid har prega vår forståelse av religion og politikk, vitenskap og teknologi, filosofi og økonomi. Og den tek oss med heilt inn til vår tid.

    Prøv å les den så ser du kanskje annleis på boka? Men selvfølgelig er det smak og behag, relatert til formålet med lesinga.

  4. Trur ikkje eg vil lese den no, kjem nok berre til å høyre forfattaren si stemme i hovudet. Det eg elles gløymte å nemne i hovudposten var at eg tidlegare ein gong gjorde eit forsøk på å «lese» boka, men gav opp ganske fort.

    Elles så er nok kulturhistorie mest korrekt ja. Likar den igrunnen ikkje noko betre av den grunn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s