Sommarlesing

Som alltid byrja eg sommaren med ein optimistisk bokhaug, og ein del av den har eg faktisk fått lest. Her kjem ein liten omtale av dei av bøkene som vi har på Askøy vgs.

Skumringstimen og Nattefokk av Johan Theorin

Johan Theorin sine krimbøker Skumringstimen og Nattefokk er dei to første av ein serie på 4 bøker med handling frå Øland.
«Skumringstimen» – På ein tåkete seinsommardag tidleg på 70-talet forsvinn ein  liten gut på Øland. Meir enn 20 år seinare får bestefaren hans Gerlof Davidsson, ei uventa pakke i posten. Pakka inneheldt ein barnesko. Gerlof kontaktar dotter si som motvillig vender tilbake til Øland og saman prøver dei igjen å finne ut kva som skjedde den skjebnesvangre

dagen. Boka er spennande og løysinga totalt uventa. Veldig bra. Ein fortent 5’ar. Og sidan eg likte den så godt så var det naturlig å fortsetje med å lese neste bok av Johan Theorin.

«Nattefokk» – Katrine og Joakim Westin frå Stockholm vil vekk frå storbylivet og kjøper fyrvoktargarden Åludden. Det verserer mange spøkelsesforteljingar om Åludden, men Katrine og Joakim har pussa opp gamle hus før og er ikkje det minste overtruiske. Etterkvart byrjar imidlertid ting å skje…. og løysinga på mysteria får vi ikkje før under eit heftig vinteruvær «fokk» på sjølvaste julenatta. Til tross for at denne boka også går føre seg på Øland så er det berre Gerlof Davidsson som er med frå den forrige boka. Dotterdotter til bror hans har nett flytta til Øland og begynt i politiet der, og både ho og Gerlof blir sterkt involvert i det som skjer. Akkurat som i Skumringstimen er det ei overraskande løysing på mysteriet og dette er også ei veldig god bok som fortener ein 5’ar.

Dette skriv andre om Skumringstimen og Nattefokk:
Aftenposten om Skumringstimen – Nydelig
Dagbladet om Nattefokk – Elegant om skrømt
Fleire omtalar kan finnast på ATekst (krev pålogging på skulenettet)

Lucifers evangelium av Tom Egeland

Det er jo Dan Brown som er mest kjent for bøker om skjulte kodar i bibelen og slikt, men Tom Egeland gjer det ærleg talt mykje betre. Boka sin hovudhistorie handlar om arkeologen Bjørn Beltø som i 2009 blir konsultert om funnet av eit 5000 år gammalt manuskript, ein del av Lucifers evangelium. Ikkje lenge etter blir ein venn av han drepen i eit grotesk rituale og Bjørn forstår at dette ikkje er noko vanleg manuskript. Snart er på vill flukt frå dommedagssekta som drap vennen og fleire andre.  Boka sin andre hovudhistorie finn stad i Roma i 1970 der teologiprofessor og demonolog Giovanni Nobile får livet sitt øydelagt av ein annan del av Lucifers evangelium. Boka har alle dei kjente konspirasjonsteorielementa som skjulte kodar og  hemmelige organisasjonar. Boka er seld til nærmare 20 land, og det er vel fortent. Eg høyrde den som lydbok og syns at Erik Hivju gjer ein heilt grei jobb som opplesar. Ein 5’ar til.

Les kva andre skriv om Lucifers evangelium:
VG – Djevelsk bra
Stavanger Aftenblad – Satans sønn & co
Dagbladet – Overveldende
Aftenposten – Utspekulerte mysterier
Fleire omtalar kan finnast på ATekst (krev pålogging på skulenettet)

Gifts, Voices og Powers av Ursula Le Guin

Ursula Le Guin er kanskje best kjent i Norge for fantasyserien om Jordsjø (som vi berre har på engelsk), men ho er og forfattar av mange fleire fantasy og science fiction romanar. Fleire av desse er også omsett til norsk, t.d. Mørkets venstre hånd og Skog vil si samfunn.
No er ho ute med fantasyserien Annals of The Western Shore. Alle bøkene har unge hovudpersonar som vi får følgje gjennom viktige delar av ungdomslivet.

I Gifts er hovudpersonane Orrec og Gry. Dei er naboar og barn av kvar sin såkalte «brantor», herre over eit domene. Alle brantorfamiliar har evner som dei kallar gåver. Gry sin familie kan lokke til seg dyr og Orrec sin familie kan øydelegge alt dei kan sjå på. Andre brantorfamiliar har andre gåver og det er berre trusselen om bruk av gåvene som sikrar freden i det ville høglandet. Men Gry og Orrec bryt ut av mønsteret. Ho vil ikkje bruke gåva si til å lokke til seg dyr som skal drepast, men vil heller nytte den til å gjere oppdragelsen av ungdyr lettare. Orrec si gåve er vill og han kan ikkje kontrollere den, så han er blitt midlertidig blinda. Dei er også begge påverka av Orrec si mor Mella . Ho blei røva frå låglandet og kan lese og skrive. Ho lærer opp Gry og Orrec, og spesielt Orrec blir svært opptatt av forteljingar. Etter ein høfleg og påtvungen visitt til ein nabobrantor som kan sette sjukdom på folk blir Melle sjuk og blir gradvis dårlegare.

I Voices er hovudpersonen Memer. Ho har vakse opp i byen Ansul. Byen var tidlegare ein opplyst by med demokrati likestilling mellom kjønna, fleire bibliotek og eit universitet, men for litt over 17 år sidan blei den okkupert av Ald-folket. Okkupantane plyndra, brente og voldtok sin veg gjennom byen, og Memer er resultatet av at mor hennar blei voldtatt av ein soldat. Ald-folket trur at det skrivne ord inneheldt demonar som vil øydelegge verda, så dei verken kan eller vil lese og øydelegg alle bøker dei kjem over. Memer har vakse opp heime hjå sin eldre slektning som tidlegare var ein slags handelsminister (Waylord) for byen. Som liten lærer mor hennar henne korleis ho skulle komme seg inn i det hemmelige biblioteket i huset og seinare oppdagar ho at også waylorden kan komme seg inn dit.

Til denne byen kjem Orrec og Gry frå første boka i serien. Orrec er no ein kjend forteljar og også Ald-folket er ivrige etter å høyre på han, dei har ikkje noko frykt for det talte ord. Samtidig murrar opprørstendensane i byen, og Memer oppdagar at biblioteket er mykje meir enn berre ei samling bøker og at ho sjølv har spesielle evner.

I Powers er det slaven Gavir som fører ordet. Han er slave hjå ein adelsfamilie i byen Etra og har visjonar om framtidige hendingar. Gavir har gode eigarar som passar på at også slavebarna får utdanning. Bokflinke Gavir er utpeikt til å bli den neste skulemeisteren i storhushaldninga, men han er uansett ein slave og merkar fort at reglane er forskjellige for slavebarn og eigarbarn uansett om dei sit i same klasserom. Det er også store forskjellar på kjønna, dette er eit samfunn der mennene styrer. Det er stadig uro mellom byane i dette området og Etra er lenge omringa av fiendtlege styrkar, noko som gjer at Gavin blir sendt ut i byen og får andre impulsar enn dei heimen sin konservative skulemeister har gitt han. Når freden endeleg kjem er det indre ufred i adelsfamilien som fører til ulukke. Etter at tragedien har skjedd får Gavir eit samanbrot og vandrar ut av byen i ørske. Han er heldig og blir ikkje stoppa, men treff etter ei tid på andre rømte slavar som prøver å lære seg å leve som frie. Etterkvart treff han også på Gry og Orrec frå dei tidlegare bøkene i serien, og det blir eit oppgjer med ein gammal fiende frå Etra. Ursula Le Guin har vunne mange prisar for bøkene sine, og Powers vant Nebulaprisen for beste roman i 2008.
Eg syns alle bøkene er veldig gode. Alle bøkene handlar meir om store indre reiser enn om store ytre reiser, men alle bøkene har også nok ytre handling til at dette hjelper til å halde driven oppe i bøkene. Dersom eg er veldig streng så får Gifts og Voices ein 4’ar og Powers ein 5’ar.

Og dette syns andre:
Fantasybookreview om Gifts
TheBookShow om Voices (Klikk på «Show transcript» for å lese heile teksten)
StrangeHorizons om Voices
StrangeHorizons om Powers

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s