Atekst, sjokk og skandalar

På Askøy vgs. har vi tilgang til tekstarkivet Atekst der 71 norske aviser og tidsskrift gjer tilgjengelege artiklane sine i fulltekst. Dette er ein veldig nyttig database som av og til også kan brukast til å ha det litt gøy.

For nokre år sidan verserte det ein reklame for VG der ein papegøy sa «VG er en drittavis!«. Deretter kom det ein eksplosjon, og ein ganske rufsete og sotete papegøye endra visa si til «VG er en dynamisk avis. Dynamisk. Aaarrrk..» Min konklusjon etter litt søking i Atekst er at «VG er ei SJOKKERT avis!».

For å demonstrere eit søk for mine kursdeltakarar testa eg eit søk i overskrifter og ingressar for ein del norske aviser dei tre siste åra. Testordet var *sjokk* (gjev treff på alt med «sjokk» i) sidan eg hadde ein vag mistanke om at enkelte aviser er meir lettsjokkerte enn andre.

Mistanken blei bekrefta. VG hadde 848 sjokk i overskrifter og ingressar i denne tida medan Aftenposten (714) og Dagbladet (517) var dei neste på lista. Eg testa og kor «skandaliserte» regions- og rikspressa er, og her er konklusjonen at Aftenposten med sine 504 skandalar stikk av med ein knepen seier over VG (501). Dagbladet med sine 361 skandalar blir ein lillebror i denne klassen.

Dagens ikkje-særleg-sjokkerande hovudkonklusjon er at Oslofolk i den såkalla rikspressa er eit sart folkeslag. Den minste lille ting fører til sjokk og skandalar. Regionsavisene er mykje meir robuste, der er det trøndarane i Adresseavisa som stikk av med seieren med 474 sjokk og 214 skandalar. Bergens Tidende med 301 sjokk og berre 130 skandalar kjem langt nede på lista.

Prøv Atekst sjølv, kanskje de og kan finne morsomme ting. (Er kun tilgjengelig når du er logga på skulen sitt nett)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s