Airman

Eoin Colfer er nok best kjent for serien om Artemis Fowl og dei fantastiske alvane, spesielt Kristtornia Kort. No er han imidlertid tilbake med ein ny ungdomshelt, nemlig Conor Broekhart i Airman.

Conor blir født i ein luftballong og lengtar alt frå han er liten gut etter å komme opp i lufta. Far hans er kaptein for skarpskyttarkompaniet og livvakt for Kong Nicholas Trudeau over Saltee-øyene vest for Irland. Conor er einebarn og veks opp med Prinsesse Isabella som sin beste venn. Når Conor er 14 år går imidlertid alt galt og Conor hamnar som fange i diamantgruva på øya Little Saltee. Frå no av set han alt inn på å overleve, flykte, redde familien sin og ikkje minst redde prinsessa. Å få alt dette til inkluderer sjølvsagt flyging.

For meg tok det ei stund før denne boka tok skikkeleg av. Byrjinga av boka føltes litt som ein blanding av bakgrunnsinformason og ei typisk James Bond-filminnleiing. Så, når Conor er 14 tar boka av og derifrå og inn er den kjempespennande. Boka har igrunnen alt…vakre prinsesser, fektande heltar og skurkar, gift, militærstrategi, konspirasjon, svik, sorg og kjærleik. Einaste grunnen til at den ikkje får ein 5’ar hjå meg er altså at eg ikkje likte byrjinga av boka så veldig godt. Dersom det blir ei fortsetjing av boka ville eg dessutan likt å bli litt betre kjent med Conor si mor og Prinsesse Isabella.

Boka er også omsett til norsk og heiter sjølvsagt «Flygeren».

Les kva andre syns om Airman:

Advertisements

One response to “Airman

  1. Tilbakeping: “Airman” og “No humans involved” | Tanz

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s