No humans involved

No humans involved av Kelley Armstrong er mitt første møte med denne forfattaren.

Etter litt lesing oppdaga eg at boka er ein del av ein serie (Women of the Otherworld), men det gjorde ingenting sidan historien stod godt på eigne bein og eg fekk den nødvendige informasjonen om andre faste personar i serieuniverset etterkvart som dei dukka opp. I omtalar har eg også oppdaga at hovudpersonen Jaime Vegas heller ikkje har vore hovudperson i nokre av dei tidlegare bøkene, så det hjelper sikkert også på følelsen av at det ikkje gjorde noko at eg ikkje har lest dei seks foregåande bøkene. Hekser, varulvar, «necromancers» og vampyrar (nei, vi treff ingen i denne boka) og åndeleg rettleiarar (dersom ein vil kalle Eve noko slikt) er ein naturleg del av Jaime si verd. Utanom dette er verda hennar vår eigen.

Jaime er ein «necromancer» (eg anar ikkje kva dette heiter på norsk) og kan kommunisere og (dersom det er nødvendig) vekke opp døde. Ho og to andre som også skal ha overnaturlige evner er samla i eit hus i Brentwood i Los Angeles for å gjere opptak til eit TV-program om kjendismord i området. I hagen blir imidlertid Jaime plaga av nokre spøkelse som ho ikkje kan kommunisere direkte med. Etterkvart blir det klart at det er spøkelse av barn som har blitt myrda på brutalt vis av ei gruppe med «vanlege» menneske på jakt etter magiske evner. Godt støtta av varulv og potensiell elskar Jeremey startar Jaime jakta på den hemmelige gruppa,som forresten er ein riktig guffen gjeng.

Dette er ein velskreven og spennande bagatell av ei bok. Den gjev eit humoristisk spark til alle såkalte «åndeshow» og viser både forsøk på juks frå produsentane si side og kattete oppførsel mellom vil-bli-tv-stjerner. Det er Jaime som fører ordet og ho er ein herlig usjølvhøgtidleg forteljar som stadig vekk vaklar rundt i høge hælar på upassande stader. Det er ikkje stor litteratur og den føl dei vanlege konvensjonane for denne type bøker, men eg koste meg med boka og må innrømme at eg sterkt vurderer å lese fleire bøker frå denne serien. Ideell for dei dagane då enkelt, greit og småmorsomt er det som passar best.

Dette syns andre:

Advertisements

One response to “No humans involved

  1. Har bok nummer 1, Bitten, i bokhyllen hjemme og ungdomsserien hennes Darkest Powers på biblioteket. Den siste har jeg lest og likte godt, så nå gleder jeg med til å begynne på denne. Jeg burde kanskje ha den på biblioteket også.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s