Adrians atlas

Adrians Atlas 1-3 av Arne Svingen er ein serie på 3 bøker om Adrian som ein dag vaknar opp til eit tomt hus. Foreldra og søstra Beate er sporlaust vekke og ingen veit noko om kor dei er. Etterkvart finn Adrian ut at det nok er mykje han ikkje veit om familien sin. Så finn han ein koffert full av pengar under ei seng og legg avgarde mot Berlin der foreldra hans visstnok skal ha blitt sett. Jakta på foreldra og Beate fører han etterkvart gjennom fleire land i Europa og Afrika til vi får ein dramatisk slutt i Sør Afrika.

Dette er spennande bøker. Ting skjer i full fart og dei korte setningane passar godt til stilen elles i boka. Eg veit ikkje om eg heilt trur på at Adrian ville greie seg såpass bra på eiga hand ute i verda, eller at han ville klare å finne ut og gjere alt det han gjer i desse bøkene, men det er uansett ei god spenningsforteljing. Bøkene er greie å kjappe å lese og passar godt for både leseglade og dei som ikkje er fullt så glade i å lese.

Askøy vgs. har bøkene både i trykt form og som lydbok.

Barnebokkritikk.no likte også den første boka i serien.

Advertisements

One response to “Adrians atlas

  1. Tilbakeping: Endå litt meir boklesing | Tanz

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s