De dødes bibliotek

Som mange andre bibliotekarar blir eg litt ekstra interessert når ei bok har ord som bibliotek eller bok i tittelen. Dermed blei De dødes bibliotek av Glenn Cooper eit naturleg val når eg eg skulle ha litt krim til regnvåte kveldar.

I New York mottar fleire menneske eit postkort med ei teikning av ei kiste og ein dødsdato. Samtlige døyr på datoen som står på kortet og FBI er snart på jakt etter ein seriemordar. Problemet er berre at bortsett frå postkorta så er det ingenting som ser ut til å binde morda saman på nokon måte. Avdanka og alkoholiserte Will Piper har tidlegare hatt stor suksess med å løyse seriemordsaker og han blir også involvert i denne saka.

Det som i byrjinga ser ut til å vere nok eit mordmysterium viser seg fort å vere noko heilt anna. Historien viser seg å ha røter heilt tilbake til 7/7- 777 når ein sjuande son av ein sjuande son blir født på Isle of Wight i England. Historien blir nøsta opp i tre forskjellige tidslinjer, ei frå år 777 og framover, ei i 1947 og ei i 2009. Handlinga i 2009 flyttar mellom New York, Las Vegas, Los Angeles og Area 51 i Nevada. Area 51 er kjent frå allslags UFO- historiar og andre konspirasjonsteoriar og der jobbar Will Piper sin gamle studiekamerat Mark Shackleton med verdens største hemmelighet.

Dette var ei spennande bok med ein veldig original historie. Vel verd å tilbringe litt tid med på mørke haustkveldar, dersom du ikkje er alt for lettskremt då. Det er også ei bok for dei som likar Da Vinci Koden. Berre at denne boka er mykje betre enn Dan Brown sine.

Dette meiner andre om boka:
Levanger bibliotek
Euro Crime
The BookBag

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s