Graceling

Eg las om boka Graceling av Kristin Cashore på ein eller annan litteraturblogg og syns den såg interessant ut, så eg tok den med meg heim så snart den var på plass på Askøy vgs.

Katsa bur i ei verd der nokre folk blir født med såkalte «gåver». Gåvene kan vere alt frå å vere ekstremt god til noko ganske vanleg som musikk til å kunne lese tankar. Katsa si gåve er å kunne drepe, eller det er iallfall gåva ho og dei rundt henne trur ho har. «Begåva» barn er lette å kjenne igjen fordi dei alltid har auger med forskjellige fargar og dei blir alle sendt til hoffet for å tjene landet. Dersom dei har ei gåve kongen ikkje kan gjere seg nytte av blir dei returnert til familien sin.

Katsa tjener ein konge som brukar henne til å skremme og true folk sidan alle veit at ho er dødeleg. Katsa er lei av å bli brukt på denne måten og ho har derfor stifta ein hemmeleg organisasjon som hjelper folk som treng det. På grunn av dette finn ho seg sjølv i eit nabokongedømme der ho og nokre andre bryt seg inn i kongen sitt fengsel for å befri faren til ein av dei andre kongane i området. Resten av boka går ut på å finne ut kven som har kidnappa den gamle mannen og prøve å få tatt skurken. Undervegs oppdagar Katsa meir om seg sjølv og si eiga gåve, og at kjærleik kanskje ikkje er så uoppnåeleg som ho har trudd. Dette kan høyrast ut som ei veldig vanleg oppskrift på ei fantasyroman, men denne historien tar sine eigne vegar.

Eg likte denne boka veldig godt. Blei oppslukt med ein gong og sa stort sett ja og ha når eg blei snakka til dei neste timane, noko som oftast er eit godt teikn for ei bok. Språket er godt og noko som kunne bli ein veldig «vanlig» fantasyhistorie tar sine heilt eigne vendingar. Eg likar alltid når ein forfattar overraskar meg med kva som skjer med personane i forteljinga og det skjedde her. Eg håpar at det etterkvart kjem ein oppfølgjar, men i mellomtida får eg sjå om eg ikkje kan få tak i Kristin Cashore si bok «Fire» som finn stad i samme univers som Graceling men foregår tidlegare i tid.

Dette syns andre om Graceling:
Pure Imagination Blog
Hip Librarians Book Blog
The SF Site
Never not reading

Advertisements

5 responses to “Graceling

  1. Tilbakeping: Ei lita leseoppsummering i byrjinga av desember | Tanz

  2. Tilbakeping: Graceling « KNIRK

  3. Tilbakeping: Fire og Carrington-katastrofen « Asvbib’s Blog

  4. Tilbakeping: Eit lita bokoppsummering (eh, kanskje ikkje så lita…) « Tanz

  5. Tilbakeping: Recent reading « Mostraum

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s