Steffen tar sin del av ansvaret

Steffen tar sin del av ansvaret av Christian Støre Valeur handlar om Steffen som har bestemt seg for å ta sin del av ansvaret for miljøet, han skal bli nullutsleppar av CO2.

Måten han skal gjere det på er å reise på familiehytta mitt på vinteren for å leve eit liv utan elektrisitet. Maten er all hermetikken som står uopna på hytta. Steffen har imidlertid gjort ein litt dårleg jobb med planlegginga og oppdagar fort at å vere på fjellet i Norge vinterstid med småsko og hytta sin elektrisk boksopnar ikkje er det lettaste i verda.

Ganske fort oppdagar lesaren at det kanskje ikkje er den brennande miljøinteressa som er hovuddrivkrafta bak Steffen sine handlingar. Vi får stadig tilbakeblikk frå hausten der han og sambuaren kommuniserer stadig dårlegare, ei studieveninne med aktivt medlemskap i Natur og Ungdom gjer eit stort inntrykk, bestekameraten forstår han ikkje, sjefen hans forstår iallfall det iallfall ikkje når Steffen blir tatt i å ete restaurantgjestane sine restar og han mistrivst på jusstudiet. Steffen er 23 år, har vakse opp i velstand, går familie og venner på nervane og er rett og slett ikkje særleg nøgd med seg sjølv og forbrukarsamfunnet.

Etter nokre dagars forhutla liv på ei kald hytte blir elektrisiteten brått slått på. Steffen, som ikkje eingong har nytta toalettet inne i frykt for å bruke vatn som burde gått til tørkeramma i Afrika, har ikkje tiltak nok til å skru den av.  Det er Steffen sin far som har slått den på med fjernkontroll frå Oslo slik dei vanlegvis plar gjere for å kunne komme til ei varm hytte når dei reiser oppover. Etterkvart er alle aktørane i det lille dramaet samla på hytta og det blir det fleire pinlige situasjonar og samtalar av.

Dette er ei dagbokroman med mange innslag av samtalar, chatting på Internett og sms’ar. I samtalane har kvar deltakar fått sin tabulatorplass på sida slik at den blir eit godt visuelt bilde av slik ein samtale gjerne høyrest ut, litt forvirrande i byrjinga men eg likar det. Sms’ar og chatting er halde i den uformelle tonen slik kommunikasjon gjerne har.

Steffen tar sin del av ansvaret er ei småmorsom og lettlest bok. Spesielt likar eg samtalane, chattinga og sms’ane.  Boka minner meg på mange måtar om Naiv. Super av Erlend Loe, men klarar likevel å få sitt eige særpreg. Generelt syns at boka blei litt for lang,  men elles så er den bra. Eg er  spent på kva Christian Støre Valeur vil komme med neste gong. Denne boka er iallfall absolutt lesverdig.

Dette syns andre om boka:
Sammen skal vi leve – Bergens Tidende
Debutroman om forvikling og forureining – NRK
Tilbake til naturen – Dagbladet
Med lattermildt alvor om forbruk og forelskelse – Aftenbladet
Bærekraftig debut – Universitas
Seig samtidsroman – Altaposten

Advertisements

One response to “Steffen tar sin del av ansvaret

  1. Tilbakeping: Ei lita leseoppsummering i byrjinga av desember | Tanz

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s