Tsjernobylfortellinger

Ingrid Storholmen og søstrene hennar var ute og leikte den vårdagen i 1986 då regnet førte med seg Cesium 137 frå Tsjernobyl til Midt-Norge. Begge søstrene har seinare måtte fjerne skjoldbruskkjertelen. Tekstane i denne boka blei til i 2001/2002, før og etter ei tomånaders lang reise til Ukraina og Kviterussland, men blei først til bok i 2009. Utgivelsen er ein direkte reaksjonen på notidas diskusjon der ein byrjar å sjå kjernekraft som eit miljøvennlig alternativ til kraftverk som produserer co2.

Tsjernobyl ligg i Ukraina nær grensa til Kviterussland. Ulykka er den største kjernekraftulykka i verda fram til no og du kan finne meir om den i Store Norske Leksikon og Wikipedia.

Tsjernobylfortellinger er ei blanding av fakta og fiksjon med eit lite faktaavsnitt fremst i kvart kapittel. Det som står sentralt er likevel formidlinga om korleis det var og er, korleis det følest. Tekstane er korte og fragmenterte, vi blir berre litt kjent med kvar av dei mange personane som opptrer i teksten, men dei har alle til felles at dei var på eller nær kjernekraftanlegget då ulykka skjedde. Det er ein viss progresjon i forteljingane, i byrjinga av boka er det øyeblikksbilde frå då ulykka skjedde medan tekstane lenger bak handlar om tida etter ulykka, gjerne med tilbakeskuing til tida før, under og nett etter ulykka. Personane vi treffer er alle fiktive, men kunne like godt vere virkelige. Det er tragiske tekstar om tap, redsel, sjukdom, sakn, avmakt, kamp og død. Tsjernobyl er noko som ingen blir ferdig med sjølv om dei har flytta langt vekk, det er alltid med dei.

Tekstane er prosatekstar, men det er lett å sjå at Ingrid Storholmen først og fremst er lyrikar. Språket er poetisk, med rytme, gjentakingar og pausar.

Også bokomslaget har eit bodskap, her blir strålinga frå Tsjernobyl framstilt som eit gyldent regn over Europa og som kvitglødande over Tsjernobyl og nærområda.

Eg likte boka veldig godt og har gitt den ein 5’ar, men har ein liten minus. Etterkvart blir stemmene litt for like, alt er så håplaust både for dei som gjennomlevde ulykka som vaksne og for dei som kom til etterpå. Boka stoppar akkurat tidsnok til at eg framleis blir berørt, men eg kjenner at nok er nok.

Boka blei nominert til Brageprisen 2009 og er nominert til Ungdommens Kritikerpris 2009/2010.

Meir om boka og kva andre syns om den:

Advertisements

2 responses to “Tsjernobylfortellinger

  1. Hallo! Min anmeldelse er publiceret i Klassekampen, først og fremmest, ikke bare på min blog.

  2. Greit å vite 🙂 Takk skal du ha for at du også la den på bloggen slik at folk som ikkje abonnerer på Klassekampen også kan lese den.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s