Huset ved moskéen

I Huset ved moskéen følgjer vi ein djupt religiøst storfamilie frå slutten av sekstitalet, gjennom revolusjonen mot sjahen av Iran og inn i det første tiåret som islamsk stat. Aqa Djan er teppehandlar og overhovud for storfamilien som i 800 har hatt overoppsyn med moskeen i byen Sandjan. Huset rommar dei to gamle bestemødrene (tenarar), Aqa Djan og hans familie, Imamen med familie og fleire andre slektningar. Huset er og sterkt prega av at dette er ein religiøs familie som ikkje leflar med moderne ting som radio, tv og slikt.

Boka startar i fredelege tider i Iran, før misnøya med sjahen har leidd fram til revolusjonen. Så få vi får sjå korleis familien blir meir og meir splitta når dei forskjellige familiemedlemmane tar sine eigne val i den turbulente politiske samtida, val som spelar ei stor rolle for kva som skjer med dei etter revolusjonen. Nokre blir meir fanatiske religiøse og sluttar seg til imamane og ayatolla Khomeini medan andre sluttar seg til den politiske venstresida som også kjempar mot sjahen. Aqa Djan, som så godt han kan unngår å blande seg inn i politikken, opplever at det heller ikkje  hindrar politikken frå å blande seg i hans liv.

Det er på mange måtar ei veldig sanselig bok, det er som om ein kan kjenne luktene og høyre lydane frå Sanjar. Vi blir og med på mange morsomme og sjarmerande episodar frå familielivet i tillegg til tragiske episodar og historier. Spesielt blir det fleire tragediar ettersom revolusjonen finn stad og den politiske forfølginga blir stadig meir merkbar.

Eg syns det er interessant å få eit slikt innsidebilde av Iran og revolusjonen, spesielt sidan det er den religiøse sida av motstanden av sjahen vi her blir mest kjent med. Eg har tidlegare lest den grafiske oppvekstromanen Persepolis der det er venstresida av motstanden mot sjahen som blir presentert, dei som etter revolusjonen blir forfulgt av ayatolla Khomeini og hans folk. Til saman gjev det meg eit litt meir komplett bilde av den iranske revolusjonen.

Eg klarar likevel ikkje å gje boka noko toppkarakter. Bortsett frå Aqa Djan så syns eg ikkje eg blir særleg godt kjent med nokon av personane. Det er som om forfattaren, spesielt i siste del av boka, prøver å gripe om alt for mykje. Historiske fakta om revolusjonen, forfølginga av politiske og moralske fiendar, krigen mot Irak og meir skal flettast saman med dei personlege forteljingane. Det blir berre litt for mykje til at eg syns det fungerer heilt bra som roman.

Forfattaren Kader Abdolah er oppvaksen i Iran, men har no budd lenge i Nederland.

Dette syns andre om boka:

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s