Myren

Islandske Arnaldur Indridason har blitt ein veldig populær krimforfattar i Norge med ein serie krimbøker frå Island. No har også eg endeleg lest ei av bøkene hans. Eg er ingen utprega krimlesar så det har tatt litt tid å begynne på dette forfattarskapet, men når eg først kom i gang så var det eit veldig bra nytt bekjentskap.

I ei fuktig lita kjellarleiligheit i Reykjavik finn politiet ein myrda eldre mann. Mannen har vore ein ganske tvilsom type som har vanka i lag med like tvilsomme typar, og det virkar umiddelbart som om mordet er resultat av ein internt oppgjer. Mordaren har imidlertid lagt igjen ein lapp på åstaden, ein lapp som får politimannen Erlendur Sveinsson til å lure på om det ikkje er noko heilt anna som ligg bak. Jakta på svaret fører Erlendur heilt tilbake til ein voldtekt som den drepte utførte på 1960-talet og ei forsvinning på 1970-talet. Det dukkar også opp eit anna mysterium i boka, ei brud forsvinn frå sitt eige bryllaup og alt tyder på at det er frivillig.

Myren er ei typisk politiroman der ein følgjer etterforskninga fram til svaret på gåta. Hovudpersonen Erlendur er ganske deprimert og sær med eit trøblete familieliv, og assistenten Sigurdur Oli har kjæresteproblem. Den er ikkje ei actionbok, men ei bok der det er masse graving (i nokre tilfelle bokstaveleg) og pågåande etterforskning som gjev svaret. Véret i boka speglar også ganske godt Erlendur sitt humør, det er stort sett ganske vått og grått.

Eg likte boka nokså godt, til tross for at eg ganske lei av deprimerte middelaldrande politimenn.

Dette syns andre om boka:

Advertisements

4 responses to “Myren

  1. Har ikke lest noe av Indridason, men mener å ha sett en film basert på denne boken. Jeg er helt enig i det med de middelaldrende deprimerte politimennene. Hva er det som er så interessant med dem?

  2. Veit ikkje heilt. Tenkte eg skulle fundere litt over det på privatbloggen i kveld 🙂

  3. Tilbakeping: Krim(anti)heltar som eg er litt lei av « Tanz

  4. Tilbakeping: Eit lita bokoppsummering (eh, kanskje ikkje så lita…) « Tanz

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s