Landet under isen

Landet under isen tar oss med til den vesle staden Smalvik som er røyklagt av røyken som veltar opp frå undersida av den store isbreen i fjella bak bygda. (Omtrent som om Jondal skulle vore innhylla i røyk som kom frå Folgefonna). I løpet av dei siste åra har det forsvunne fleire menneske frå denne bygda, og mange andre har valgt å flytte vekk.

Den dagen forteljinga tek til har det blitt oppdaga bein etter 4 menneske i kjellaren på godset i bygda og førstebetjent Jerstad kjem til bygda. Så deler forteljinga seg i to: I den eine blir vi med førstebetjenten som prøver å finne ut kva som foregår. I den andre blir vi med den eine av dei forsvunne ungdommane, dette er ei forteljing som tar til då han og nokre andre forsvinn eit år tidlegare og går så framover mot notida.

Lars Mæhle har henta inspirasjon og stoff frå bøker om kristendommen i tillegg til legender og sagn frå heile verda. Han seier og sjølv at han er inspirert av Tolkien og andre fantasyforfattarar. Dette merkast godt, dette er ei bok i den klassiske fantasysjangeren med ei reise, eit oppdrag og kampen mellom gode og onde krefter.

Det er berre det at ikkje syns den er heilt god nok. Språket er bra og eg syns bygda og det som skjer der blir skildra på ein god måte. Det eg slit med er landet under isen, det fungerer dårleg for meg. Dersom ei fantasiverd skal fungere må den vere bygd opp på ein slik måte at eg kan tru på den, men denne fantasiverda blir alt for skisseaktig. Det irriterer meg også at parallellane til vår eiga verd sine kristne, jødiske og muslimske tradisjonar er alt for tydeleg. Det er ein veldig spennande historie, og eg skulle gjerne likt den betre, men det blir ein trear.

Dette syns andre om boka (og dei er ikkje alltid einige med meg):

Boka er også anmeldt i Stavanger Aftenblad, Aftenposten, Dagsavisen, Åndalsnes avis og Troms folkeblad – alle som er pålogga ped-nettet på skulen kan finne anmeldelsane på Atekst.

Advertisements

3 responses to “Landet under isen

  1. Tilbakeping: Eit lita bokoppsummering (eh, kanskje ikkje så lita…) « Tanz

  2. Tilbakeping: Recent reading « Mostraum

  3. Tilbakeping: Uprisen til Lars Mæhle « Asvbib’s Blog

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s