Lavinia

Æneiden er hovudverket til den romerske forfattaren Vergil (Publius Vergilius Maro) som levde i 70-19 f.kr. Æneiden skulle vere ein hyllest til det romerske folket og keisar Augustus, og fortel om den trojanske helten Aenas som klarar å flykte frå det falne Troja og etter mange viderverdighetar hamnar i Italia der han blir den antatte stamfaren til romarane.  I siste delen av dette diktverket dukkar det opp ei ung jente ved namn Lavinia. Namnet hennar er omtrent alt Vergil skriv om henne, jenta sjølv får ikkje sei eit einaste ord.

I boka Lavinia lét Ursula Le Guin Lavinia fortelje sin eigen historie.

Lavinia er einaste barnet til kong Latinus av Latium. Latium er eit fredeleg kongerike på den italienske vestkysten, nett sør for dei 7 åsane der Roma etterkvart blir grunnlagt. Mor hennar vil gjerne gifte henne bort til fetteren sin, den unge og ambisiøse nabokongen Turnus. Far hennar høyrer derimot på Lavinia når ho fortel at det lokale orakelet har spådd at ho skal bli gift med ein framand helt. Det ho ikkje fortel far sin er at det ikkje var vanlege ånder som snakke til henne, men at ho hadde ein samtale med ånda til den enno ufødde diktaren Vergil som skulle komme til å skrive om henne. Lavinia er ei sterk heltinne, men ikkje ei som gjer opprør mot den rollen orakelet (eller i hennar tilfelle Vergil) seier ho skal ha, ho gjer derimot sitt beste for at spådommen skal bli sann. Vergil oppdagar på si side at han kanskje har forfordelt Lavinia i eposet sitt.

Så kjem Aenas til Latium og krig bryt ut.

Eg syns dette er ei veldig god bok. Ursula Le Guin skildrar eit tidleg Italia som er eit jordbruks- og krigarsamfunn styrt av mange småkongar. Det er eit religiøst samfunn der rituale,  plikter, gudar og orakel har sterk makt over enkeltmenneska og samfunnet sit liv, og det er fascinerande å få eit innblikk i korleis Italia kan ha vore før Romarriket vaks fram. Eg likar også veldig godt Ursula Le Guin sitt språk. Det er på mange måtar enkelt og utan masse pynt, men likevel så er det veldig poetisk. Eg skulle ønske eit eller anna forlag ville omsette Lavinia til norsk slik at dei som ikkje les engelsk også kunne få lese den.

Ursula Le Guin les frå Lavinia:

Dette syns andre om Lavinia:

Advertisements

One response to “Lavinia

  1. Tilbakeping: Tweets that mention Lavinia « Asvbib’s Blog -- Topsy.com

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s