The Hungry Ghosts

I 1942 blir jenta Lin Shui voldtatt og drept av ein japansk soldat i Hong Kong. Ho blir ei udød ånd som svevar rundt til ho finn ein person å knytte seg til. Så finn ho Alice Safford.

I 2003 blir Alice sin far Ralph Safford gravlagd i England. Ingrid er sjukepleiar og selskapsdame for Ralph si søster Lucy Holiday. I gravferda spør Lucy etter Ralph si dotter Alice, men verken Ralph si kone eller born vil innrømme at det finst noko Alice. Ingrid får ikkje noko svar.

The Hungry Ghost er Alice og hennar familie sin historie, fortalt av alle andre enn Alice sjølv. Familien Safford tilhøyrer den britiske eliten i kolonien Hong Kong. Faren Ralph elskar sine barn, men er ein travel mann i koloniadministrasjonen. Mora Myrtle sippar whisky og passar på fasaden. Dei 4 borna veks opp og taklar det følelseskalde livet på kvar sine måtar. Ingen av dei er spesielt veltilpassa. Alice er absolutt ikkje mora sin favoritt. Myrtle vil eigentleg ikkje ha barn, og taklar dårleg å få ei tredje dotter når det einaste ho vil ha er ein son slik at ho kan blir ferdig med å få barn. Alice vekker aldri varme følelsar i mor si. I oppveksten hjelper det heller ikkje på forholdet at Ghost viser sine følelsar på ein nokså påtagelig måte. Etterkvart blir det fleire spøkelse i Alice sitt liv og dei sug livskrafta ut av henne slik at ho til slutt lurar på om livet er verd å leve.

Boka finn stad fleire stader i verda; England, ein liter tur innom Kenya, Paris og sjølvsagt Hong Kong der dei britiske familiane lever i sine gylne bur, bur dei etterkvart må forlate ettersom tida for å levere Hong Kong tilbake til Kina nærmar seg.

Så, kva skjedde med Alice? Les og finn ut.

Ein soleklar 5’ar.

Forfattaren Anne Berry er oppvaksen på The Peak i Hong Kong og har gått på skulane som Saffordbarna går på i boka. Her kan du lese eit avisintervju med Anne Berry eller sjå det nedanforståande intervjuet på YouTube.

Dette syns forresten andre om boka:

Advertisements

2 responses to “The Hungry Ghosts

  1. Tilbakeping: I tid og rom – bokomtalar « Tanz

  2. Tilbakeping: In time and space – about books « Mostraum

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s