Boktagging

Litt tidlegare i august blei ASVbib utfordra av Skolebibliotekaren (Silje) til å avsløre litt om si eiga lesing. Dei siste vekene har vore litt for hektiske til å få gjort noko med det, men eg fann ut at det kunne passe bra å gjere det på denne fredagen no når lærebokutlånet har roa seg ned litt. Det gjer også nye lesarar ein sjans til å bli litt meir kjent med bibliotekmennesket på Askøy vgs.

Kva for bok les du akkurat no?
Fleire faktisk, eg les nesten alltid fleire.  Sangen om Malonia av Catherine Banner er ei bra fantasybok av ein veldig ung forfattar. Elles så les eg Epiphany of The Long Sun av Gene Wolfe  (men er ikkje heilt sikker på om eg likar den) og Year’s Best Science Fiction. Den siste er ei veldig god novellesamling. Eg brukar alltid veldig lang tid på novellesamlingar, og denne er ikkje noko unntak. I bilen går det i lydbøker. Akkurat no høyrer eg Sea of poppies av Amitav Ghosh, veldig bra bok som ASVbib har i trykt utgåve.

Kor likar du best å lese?
I godstolen i stova eller krølla opp i eit sofahjørne. Eg les lite på senga, mest fordi eg er eit b-menneske som sovnar fort når eg endeleg er i seng. Lesing ute i skyggen på ein fin soldag er også kjekt.

Kva for bok skulle du ønske kunne blitt filmatisert?
Drømmen min blei oppfylt då Ringenes Herre blei filmatisert, så akkurat no har eg ikkje nokre store filmatiseringsbehov. Trur at Løgneren Locke Lamora av Scott Lynch kunne blitt ein bra film med nokre stilige visuelle effektar. Warner Brothers har visstnok kjøpt filmrettane til den, så kanskje det blir noko av.

Kva er favorittboka di?
Dette kan eg ikkje svare på.  Eg har ikkje ei favorittbok, men mange bøker som eg er veldig glad i. Her kjem eit lite utval i uprioritert rekkefølge: Doomsday book og fleire andre av Connie Willis, Den tidsreisendes kvinne av Audrey Niffenegger, Sult av Knut Hamsun, Boktyven av Markus Zusak, Harry Potter-bøkene av J.K. Rowling, Hobbiten og Ringenes herre av J.K.K. Tolkien, The Dispossessed og fleire andre av Ursula K. Le Guin, Den gamle mannen og havet av Ernest Hemingway, Beretningen om et varslet mord av Gabriel García Márquez, Egalias døtre av Gerd Brantenberg, Dark Lord of Derkholm av Diana Wynne Jones, Good Omens av Terry Pratchett og Neil Gaiman (igrunnen det meste av dei to karane), En bønn for Owen Meaney av John Irving, Tomorrow-serien av John Marsden, Veien av Cormac McCarthy, Vann til elefantene av Sara Gruen, The Gone-Away World av Nick Harkaway, Jon Bing sin serie om stjerneskipet Alexandria (eit bibliotekromskip, eg hadde sagt ja til jobb der på flekken)….. med mange fleire.

Er det nokre bøker du ser fram til å lese dei neste månadene? Kva for bøker?
Eg kan nesten ikkje vente til All Clear av Connie Willis kjem dumpande ned i postkassa i slutten av oktober. Dette er slutten på forteljinga som blei starta i Blackout som eg las i vår, og eg gler meg vanvittig til fortsetjinga. Mockingjay, den tredje og siste boka i Dødslekenetrilogien gler eg meg også til. Reknar med at den norske utgåva også kjem ganske fort.  Heime ligg også John Irving si nye bok Siste natt i Twisted River og ventar, gler meg til den og.

Kva syns du er den finaste forsida på ei bok?
Eg har nok ein større tendens til å falle for titlar enn forsider, men ei forside utmerkar seg i mitt hovud. Boktyven plukka eg først opp på bokhandelen på grunn av forsida og eg syns framleis at den er heilt fantastisk. Vakker og nifs på ein gong.

Den siste oppgåva er å tagge tre andre bloggarar som også blir forventa å gå gjennom denne øvinga. Frå meg blir det Elis Lesebabbel (alltid gøy å lese), Bentebing’s Weblog (Meland kommune sin kjempesøte biblioteksjef) og Bibliotekarens bibliotek (berre for å stresse han litt).

Advertisements

2 responses to “Boktagging

  1. Tilbakeping: Boktagging » Bibliotekarens bibliotek

  2. Tilbakeping: Boktagging « Mammaen og havet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s