Sangen om Malonia

Sangen om Malonia er den første boka av den unge forfattaren Catherine Banner. Den handlar om Leo som er femten år og bur saman med bestemora og lillebroren Stirling i landet Malonia. Malonia er regjert av ein konge som tok makta ved eit kupp for nokre år sidan og landet ligg i konstant krig med nabolandet. Kongen er og trua av at den unge tronarvingen Cassius også er i live.

Ein dag finn Leo ei svart bok utan innhald, men etterkvart så dukkar det opp skrift i denne boka. Teksten handlar om fleire personar som bur i England, eit mytisk land dit Leo sin grandonkel Aldebaran visstnok skal ha reist og der Cassius visstnok og skal vere. Ein dag blir Stirling sjuk. Han har fått den frykta soldatfeberen. Leo les høgt til han frå den svarte boka og etterkvart lærer vi meir om kva som har hendt i tidlegare tider og kva som skjer i England no.

Eg syns at dette var ei ujamn bok og at nokre av dialogane var direkte dårlege. Andre delar av boka er strålande. Grunnen til at eg strekker meg til ein 3’ar er at eg likte konseptet med tre forskjellige stemmer (markert med forskjellige skrifttype) og at delar av boka var veldig bra. Eg er og håpefull til fortsetjinga og til at ein 18 år gammal forfattar som skriv såpass bra alt no, blir endå betre i neste bok.

Det er slettes ikkje alle som er einige med meg:

Advertisements

One response to “Sangen om Malonia

  1. Tilbakeping: Bokblogging « Tanz

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s