Fedrenes løgner av Tom Egeland

Eg har med stor glede lest fleire av Tom Egeland sine bøker, så det var med forventning eg tok fatt på Fedrenes Løgner.

Fedrenes løgner handlar om 4 generasjonar av familien Scott. Victor er boka sin forteljar som i 1970 bestemmer seg for å skrive forteljinga om sine 3 berømte forfedre. Faren Carl Scott, klimaforskaren som forsvant i isen då Victor var 10 år. bestefaren William Scott som vant nobelprisen for ein fantastisk romantrilogi og sidan døydde som krigshelt, og oldefaren Alexander Scott som tilbrakte 20 år på ei aude øy etter eit forlis. Men, etter å ha reist jorda rundt i jakta på historiane så bestemmer Victor Scott seg brått for ikkje å offentleggjere manuskriptet sitt og slik forblir det fram til han dør i 2010.

Eg syns framleis at Egeland skriv godt, men eg er uansett ikkje så veldig begeistra for denne boka. Det blir for mykje uinteressant pjatt. Best syns eg boka er når dei mest intense tinga blir skildra, Carl Scott sine dagboknedteikningar frå isflaket er veldig gode og det same syns eg om skildringa av William Scott som ligg døyande etter flystyrten. Mange av kvardagsskildringane og dei daglegdagse dramaa er eg ikkje særleg begeistra for.  Victor Scott sjølv blir eg heller aldri noko glad i, eg syns han er ein sjølvmedlidande tullebukk. Som dreven romanlesar mistenker eg også veldig fort fleire av løgnene som etterkvart blir avslørt. Det kom nokre overraskingar og, og det er jo alltid kjekt, men også for mange ting som eg allereie hadde ant at skulle komme.

Dersom eg skulle velge ville eg heller lest Lucifers evangelium ein gong til, den overraska heile vegen.

Folk syns litt diverse om Fedrenes løgner:

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s