Category Archives: Historie

100 år med kvinner på Stortinget

Anna Rogstad av Arbeiderpartiet tilgjengelig via CC BY-ND 2.0

Torsdag 11.mars 2011 er det 100 år sidan Anna Rogstad stilte som første kvinnelege representant på Stortinget. Verd å feire!

Du finn litt om henne på Stortinget sin nettstad og.

Advertisements

Kulturhistorie og arkeologi på nett

Det blir stadig meir kulturhistorisk og arkeologisk materiale tilgjengeleg på Internett, og her er litt av det.

Kulturhistorisk vegbok for Hordaland er digitalisert og kan finnast på Internett. Ein kan gå inn via Landskap, tema og kart og finne artiklar frå forskjellige delar av Hordaland.
Etterkvart skal også Naturhistorisk vegbok for Hordaland leggast ut på nettstaden,  og kanskje også verk som Vestlandets historie.

På nettstaden Digitalt fortalt, http://www.digitaltfortalt.no,  møter vi ukjente, morsomme, triste, spennande og gripande historiar knytta til forskjellig kulturminne i heile Norge. Det går an å søke på området ein er interessert i. Førebels er det lite å hente på Askøy, men ganske mykje frå Bergen.

Universitetsmuseenes arkeologiske samlinger på nett.
Universitetsmusea har lagt informasjon om mykje av sine arkeologiske samlingar ut på Internett. Ein kan søke via kart eller tidslinje i tillegg til utvalde godbitar. Personleg syns eg nettstaden har  mykje bra innhald, men at søkefunksjonen er litt krøkkete.

Kulturnett Norge famnar om alt mulig som har med kunst, kultur og kulturhistorie i Norge å gjere.  Her kan du søke etter kunstnarar, finne nettutstillingar, kulturinstitusjonar, finne ut kva som skjer i kulturkalenderane m.m.  Her i Hordaland har vi også vårt lokale Kulturnett Hordaland som blir drifta av Hordaland Fylkeskommune.