Category Archives: Faglitteratur

The C-Word

The C-Word by Lisa LynchI juni 2008 var Lisa Lynch 28 år, lykkeleg gift, glad i jobben sin og i full gang med å prøve å bli gravid. Å finne ein klump i brystet var nokså uventa, og ho forventa absolutt ikkje at klumpen skulle vise seg å vere brystkreft i stadium 3.

I løpet av det neste året gjekk ho gjennom all den behandlinga som ein slik diagnose fører med seg. Som den skribenten ho er så starta ho og opp ein blogg der ho blogga om livet som kreftsjuk, Alright Tit. Bloggen blei etterkvart enormt populær.

Boka The C-Word er hovudsakleg skrive etter at ho var ferdig med behandlinga og er på mange måtar ein kommentar til bloggen. Kvart kapittel startar med utrad frå ein bloggpost, det første frå juni 2008 og det siste frå juli 2009. Resten av kapittelet handlar om dei same tinga som bloggposten, men sett frå eit synspunkt etter at behandlinga er over. Forskjellen mellom her-og-no-synspunktet og tilbakeblikka er interessant.

Det høyrest kanskje ikkje slik ut, men dette er faktisk ei veldig morsom bok. Ho pyntar ikkje på kva det inneber å ha kreft. Å gjennomgå cellegiftbehandling, stråling, miste håret og handle parykkar, å føle seg elendig på grunn av behandling, forsone seg med å ikkje få barn, brystrekonstruksjon og ei ny brystvorte, å bli omvendt frå dyrehatar til katteeigar, å oppleve ei følelsesmessig berg- og dalbane…alt er med. Dei gode tinga er også med, som å få den beste behandlinga som moderne medisin kan tilby og kjærleiken ho er omgitt av frå slekt og venner.

The C-Word er ikkje noko «hjelpsom» bok med masse råd om kva kreftpasientar skal/skal ikkje gjere, men den lét aldri som den er noko slikt heller. Det den er er Lisa sin veldig lesverdige, ærleg, såre og morsomme historie om korleis det var for henne å få brystkreft før ho var 30, på eit tidspunkt då ein eigentleg skal ha eit godt liv med familie og venner utan alt for mange bekymringar i livet.

Bloggen Alright Tit blir framleis oppdatert, slik at du kan få med deg kva som har hendt i Lisa sitt liv etter at boka slutta sommaren 2009.

Dette syns andre om boka:

Blogging av Jill Walker Rettberg

Jill Walker Rettberg er førsteamanuensis på Universitetet i Bergen og forskar på korleis folk fortel historiar på Internett. Ho har blogga på bloggen jill/txt sidan hausten 2000, først på ei blanding av norsk og engelsk og etterkvart hovudsakleg på engelsk.

Då Jill i 2008 utga boka Blogging så tenkte eg med ein gong at den skulle eg lese. Dessverre har det tatt eit par år å komme så langt, men då eg første gjorde det så var boka absolutt verd å lese.

Dette er ikkje ei lærebok i korleis ein skal blogge, men ein gjennomgang av sosiale media sin funksjon i samfunnet med spesiell vekt på blogging. Boka tar for seg «journalistiske» og politiske bloggar, personlege bloggar, firma- og institusjonsbloggar, m.m. og ser på dei forskjellige sine forskjellar, likheiter og samfunnsrollar.

I tillegg til ei oversikt over bloggarsjangeren tar boka for seg blogginga sin historie og forhold til andre typar online og offline media.  Boka er på engelsk, men er rask og grei å lese uansett. Faktisk så kjapp og grei å lese at eg gjerne vil gå gjennom den igjen og bruke litt tid på å stoppe for å utforske dei omtalte bloggane nærmare (dei av dei som framleis er tilgjengelege iallfall).  Heldigvis har forfattaren vore omtenksam nok til å liste opp alle dei omtalte bloggane bakerst i boka.

Som sagt kom boka ut i 2008, og ting skjer fort på Internett. Diskusjonen om m.a. Facebook ber preg av at ting har skjedd på Facebook sidan 2008, men dette er ikkje noko stort minus sidan Facebook ikkje er noko hovudemne i boka. Det same gjeld truleg den veldig korte delen om korleis ein startar sin eigen blogg, men dei to sidene hoppa eg rett og slett over sidan eg har sett opp nokre bloggar etterkvart.

Veldig god bok for alle som er interessert i sosiale media generelt og blogging spesielt.

Jill har m.a. også publisert ein artikkel der ho skriv om å bruke bloggar i undervisning av studentar.

Dette syns andre om boka:

Darwins teori

I 2009 er det 200 år sidan to store menn i verdshistoria blei født. Abraham Lincoln blei USA sin 16.president og er nok mest berømt for å vere presidenten som fekk avskaffa slaveriet. Charles Darwin var den britiske naturforskaren som for 150 år sidan, i 1859, offentleggjorde evolusjonslæra sitt hovudverk «Artenes opprinnelse».

I samband med dette doble jubileet for Darwin er det ikkje rart at den siste tida har komt ut fleire bøker om evolusjonsteorien og Charles Darwin.

Ei av desse bøkene er «Darwins teori : evolusjon gjennom 400 år» av Erik Tunstad. Boka tar for seg utviklingslæra frå dei første folka begynte å tenke litt i dei same banene som Charles Darwin fram til vår tid, frå ein først begynte å gruppere dyr i familiar og klassar og til vi no kan lese historien om livet rett frå genene. Denne historien rommar heltar, tålmod, gjennombrot, tragedier, sjalusi, svik og bedrageri.

Ein treng slettest ikkje vere biolog for å ha glede av denne boka, men eg fann at eg trong ganske lang tid på å lese den. Det er så mange forskjellige personar og grupperingar som skal ha sitt, så fordi om eg syns historiane var interessante så må eg innrømme at det ikkje er alt frå boka eg kjem til å hugse. Likevel, det går jo an å gå tilbake og lese delar om igjen.

Alt i alt likte eg boka godt og vil anbefale den til alle som vil ha ei grei innføring i evolusjonsteorien sin historie, både før og etter Charles Darwin.

Meir om evolusjonslæra og boka:
Darwin til folket
– tb.no
Darwin og ånden som går – Stian Bromark
Darwins farlige idé – Klassekampen

Tidens historie

Dei siste vekene sin lydboklærdom er: Ikkje høyr på populærvitskaplege bøker, les dei istaden.

Tidens historie av Trond Berg Eriksen frå 1999 gjev eit innblikk i ein interessant historie om utviklinga i synet på og kunnskapen om tid og om utviklinga av uret. Boka har mange interessante historiar som t.d. om kor viktig det var å finne opp ein nøyaktig tidsmålar slik at båtar kunne bestemme posisjonen sin langt til havs, om kalendarrevisjonar gjennom tidene, om makthavarar (inkludert kyrkja) sitt behov for å styre tida, m.m. TBE skriv også om forskjellig oppfatning av tid som t.d. syklisk eller rettlinja. Denne delen av boka likar eg godt.

Det er to hovudmoment som dreg boka ned til ein 2’ar for meg.
Det eine er at eg syns at det blir for lite av tida sin historie og for mykje tidsfilosofi der Trond Berg Eriksen viser tydeleg kva han meiner om tidsbruk og levemåtar i vår moderne tid. TBE set tydelege kvalitative merkelappar på sine forskjellige tidsbegrep og let ikkje til å ha mykje til overs for vår moderne levemåte.  Her kjem det fort betegnelsar som «slavar av tida», «tidsklemma», «behovet for det langsame» og det naturvitskaplege tidsbegrepet blir omtalt som «innhaldslaust» og «tomt». Kanskje er det lyttaren og forfattaren som her har alt for forskjellig syn på verda, livet og tida?

Boka er rett og slett ikkje særleg spenstig. Ei bok om tid burde vere mykje meir spennande enn denne er. Eg blir lei av at ting stadig vekk blir repetert: Er Gud den store urmakaren eller ikkje, har vi tid eller har tida oss, og fleire andre spørsmål frå stadig nye synsvinklar. Eg saknar også andre moment om tida som t.d. skjønnlitterær behandling av tid og syns elles at naturvitskapen sine begrep om og tankar om tid burde hatt ein større plass. Men her er det kanskje lyttaren og forfattaren som igjen har for forskjellig syn på tinga?

Nokre ord om boka som lydbok. Lydboka er litt forkorta i forhold til den trykte utgåva, men det eg saknar mest frå ei vanleg trykt bok er referansar til andre bøker og artiklar. Det er forfattaren sjølv som les. Han gjer ein brukbar jobb, men eg trur at ein skuespillar kunne gjort lyttinga til ei meir spennande oppleving enn det ein veldig tørr og intonasjonslaus TBE gjer. Og som eg alt har nemnd syns eg det er vanskeleg å «lese» populærvitskaplege bøker på lyd.

Det er mange som er ueinige med meg om denne boka. Ein søk i A-tekst (elevar på Askøy vgs. må vere pålogga ped.nettet for å søke her) på boka leidde meg til mange gode kritikkar.

Big Bang

I boka «Big Bang : tidenes viktigste vitenskapelige oppdagelse og hvorfor du bør kjenne til den» tar Simon Singh for seg to viktige og spennande historiar: Den spennande historien om korleis verda blei til og den spennande historien om korleis vi fann ut korleis universet starta og fungerer.

Han startar i tidlige tider der alt blei forklart ved hjelp av gudar, myter og uhyrer. Deretter går han vidare til antikkens Hellas der filosofane utifrå det dei kunne observere lagde eit jordsentrert verdsbilde (eigentleg eit solsystembilde), og så tar han for seg observasjonane og arbeidet som over 1000 år seinare gradvis gjorde at det jordsentrerte verdsbildet måtte skiftast ut med eit solsentrert system der planetane ikkje går i sirklar men i svakt ellipseforma baner rundt sola.

Så snart forskarane er einige om at det solsentrerte systemet er riktig har observasjonsteknikken og vitskapen komt så langt at det er på tide å utforske universet utanfor vårt solsystem, og det er dette det meste av boka handlar om.

Simon Singh skriv lettfattelig om eit vanskeleg emne og forklarar det slik at ein ikkje treng å ha alt for store kunnskapar om fysikk, matematikk og kjemi for å forstå prinsippa bak universet og Big Bang. Kvart kapittel blir også avslutta av ei grei tosiders oppsummering med illustrasjonar og korte oppsummerande setningar. Dette er veldig greitt når ein seinare i boka lurar på eit eller anna fakta, då er det berre å sjå på oppsummeringane av tidlegare kapittel der ein stort sett finn den infoen ein manglar. Boka har også ei ordliste og ei liste over bøker som gjer meir informasjon om forskjellige emne.

Dette er ikkje berre ei bok om vitskapen bak Big Bang-teorien. Det er like mykje ei bok om folka som har gitt eit bidrag til utforskinga av universet; teoretikarar som Einstein, dei som observerte gjennom teleskop og dei som analyserte og registrerte utallige observasjonar. Nokon fekk mykje ære, nokon blei ignorert i samtida men har fått anerkjennelse seinare og andre igjen blei trua til å endre sine påstandar av religiøse eller verdslege makter som ikkje likte at verda ikkje er slik som dei syns den skal vere. Den mest kjente her er sjølvsagt Galileo Galilei som i 1633 blei tvungen av den katolske kyrkja til å ta tilbake sine påstandar om det solsentrerte verdsbildet.

Boka fortener absolutt ein 5’ar.

Andre skriv om Big Bang:
Bokavisen – Big Bang av Simon Singh
Skepsis Blog – Store smell
Vårt Land – Tenkerens guide til Galaksen

Liste over astronomibøker på norsk.

Ei lita bokanbefaling på tampen:
Big Bang handlar om astronomi. Dersom du etter å ha lest den har lyst til å lese meir populærvitskap om forskjellige emne vil eg anbefale «En kort historie om nesten alt» av Bill Bryson. Den er forholdsvis lett å lese, veldig interessant og som dei fleste av Bill Bryson sine bøker er den også riktig morsom.