Category Archives: Teikneseriar

Fables : Animal farm

Fables : Animal Farm av Bill WillinghamEtter at ein frykteleg, ukjent fiende invaderer Eventyrland flyktar mange av innbyggarane til vår verd. Her har dei som kan passere som menneske sitt eige samfunn i Fabelbyen midt i New York, medan dei som ikkje kan gå for menneske bur på Farmen på landsbygda.

Snøkvit og søstra Rose reiser opp til Farmen. Der er gardsbestyraren vekke og det foregår mystiske ting. Det er revolusjon på gang og Gullhår og bjørnungen har blitt vaksne sidan sist.

Som den forrige forteljinga i Fables, Legends in Exile, så likar eg også denne veldig godt. Den tar kjente eventyrfigurar og lar dei oppleve nye eventyr. Som tittelen viser spelar den sjølvsagt også på den kjente romanen Kamerat Napoleon (engelsk tittel: Animal Farm) av George Orwell. Teikneserieromanen står fint på eigne bein dersom ein ikkje kjenner til dei forskjellige historiane det blir referert til, men det blir sjølvsagt morsommare når du «tar» mange av referansane.

Som det første heftet i serien så har også dette komt på norsk, men er dessverre utseld frå forlaget.

ASVbib har også bestilt dei neste hefta i serien.

Dette syns andre:

Advertisements

Fables : Legends in exile

Etter at ein frykteleg, ukjent fiende invaderer Eventyrland flyktar mange av innbyggarane til vår verd. Her bur dei side om side med vanlege folk, men dei har også sitt eige samfunn i Fabelbyen midt i New York. Snøkvit prøver å administrere Fabelbyen, og når søstra hennar Rose blir meldt sakna og etterlet seg ein veldig blodig bustad, så er det Snøkvit og Den Store Stygge Ulven som må finne ut kva som har skjedd med henne.

Dette er mitt første møte med Bill Willingham sine fablar, og eg likar dei virkelig godt. Dette heftet er illustrert av Lan Medina, Stan Leialoh and Craig Hamilton, og medan eg må innrømme at eg ikkje har nokon som helst kompetanse på dette området, så likar eg illustrasjonane godt.

Når Bill Willingham flyttar figurane ut av eventyrverda og inn i vår verd kan desse figurane ha heilt andre liv og personlege forhold enn dei som vi kjenner frå dei opprinnelege eventyra. Tida har gått, lykkeleg-alle-sine-dagar gjeld ikkje nødvendigvis lenger og figurar frå forskjellige eventyr kan godt ha eit forhold.

Likevel, til tross for at alle personane er kjente eventyrfigurar så er ikkje dette noko eventyr. Dette er ei klassisk detektivforteljing, og ei godt laga ei og.

Legends in exile er første boka i denne serien, og eg ser fram til å lese fleire av dei. Eg har lest den engelskspråklege utgåva sidan det er den vi har på ASVbib, men den er også utgitt på norsk. Den norske utgåva er dessverre utseld frå forlaget, men eg håpar at det etterkvart vil komme eit nytt opplag.

Dette syns andre:

Valhall

I åra 1979-2009 utgav den danske teikneserieskaparen Peter Madsen dei 15 binda i serien Valhall.

Valhall tar utgangspunkt i dei norrøne gudesegnene og her møter vi Tor, Odin, Loke, Frøya, Siv og mange andre frå den norrøne gudeverda.

No har ASVbib den komplette serien til utlån.

Om teikneseriar (og bibliotekarar)

ASVbib har også teikneseriar.

Tatt av kvinner – Eon 5

Lars Lauvik er tilbake med sin spinngalne gjeng i Eon 5 – Tatt av kvinner.

Gjengen har som vanleg eit nokså irrasjonelt forhold til det meste her i verda som t.d. politikarar, julefeiring, stupebrett, sin herre og teiknemester Lars Lauvik og kolleagene hans, trafikkreglar og sjølvsagt kvinner.

Eg ler som vanleg masse.

 

Fullmetal Alchemist

Fullmetal Alchemist er ein mangaserie om alkymistbrødrene Edward og Alphonse Eldric og handlar om alt dei kjem ut for mens dei leitar etter dei vises stein.

Biblioteket på Askøy vgs. har i skrivande stund dei 4 første hefta i denne serien og kjem til å kjøpe inn resten etterkvart.

Foreløpig har eg berre fått lest det første heftet i serien. Eg likte det godt. Masse spenning og action, og som vanleg gjekk det fort å bli vant til å lese i «mangaretninga». No tar eg med meg dei neste tre hefta i serien heim og ser om eg får lest dei i helga. Hefte nr.1 er å finne i teikneseriehylla på biblioteket.

Wikipedia har ein artikkel for dei som vil lese litt meir om Fullmetal Alchemist.

Bomber over barneskolen

Dei andre dokumentarteikneseriane eg har omtalt har vore av utanlandske forfattarar, men det finst også norske bidrag i same sjangeren. Ingebjørg Jensen si Bomber over barneskolen om bombinga av Holen skole på Laksevåg er eit slikt bidrag.

Laksevåg blei bomba av allierte fly 4. oktober 1944. Målet for bombinga var ubåtbunkeren «Bruno» og det tyske verftet, men det var hovudsakleg sivile som blei ramma. Mellom dei drepte var 12 tyske soldatar, 20 mannskap på tyske malmskip, eit ukjent tal sovjetiske krigsfangar og 193 sivile. Av dei 193 sivile omkom 61 barn og 19 vaksne på Holen skole som ligg 200 meter frå ubåtbunkeren.

Forfattaren har sett seg godt inn i historien. Den har prega hennar familie sidan bestemor hennar var ei av dei som blei drept under bombinga, og ho har intervjua mange av dei overlevande. For mange av dei har livet vore prega av fortielsen om hendinga «barn glemmer så fort» og at mange etter bombinga blei sendt «på landet» for å vere trygge, det blei lite tid til å bearbeide det som hadde skjedd.  Sidan det var dei allierte som stod bak bombinga har den heller ikkje fått den merksemda i ettertida som den ville fått om det var tyskarane som stod bak.

Teikneserien om den fatale dagen og konsekvensane av den utgjer mesteparten av boka, men på slutten finn vi ein fyldig faktadel med presentasjon av personane som er grunnlaget for hovudpersonane i forteljinga og bakgrunnsinformasjon om Laksevåg som bombemål.  Dei personlege historiane blir også presentert i dokumentarfilmen «Sår som aldri gror» (bestilt til ASVbib), og Ingebjørg Jensen har også skrive fleire artiklar om emnet.

Teikneserieteknisk er ikkje dette den aller beste serien eg har lest, men det er likevel ein flott serie som fortel den viktige historien på ein veldig god måte.

Andre omtalar av teikneserien:
Viktig historie i brokete bok – Barnebokkritikk
Gripende om skolebombing – Serienett