Category Archives: Politikk

100 år med kvinner på Stortinget

Anna Rogstad av Arbeiderpartiet tilgjengelig via CC BY-ND 2.0

Torsdag 11.mars 2011 er det 100 år sidan Anna Rogstad stilte som første kvinnelege representant på Stortinget. Verd å feire!

Du finn litt om henne på Stortinget sin nettstad og.

Advertisements

Gratulerer med kvinnedagen 8.mars

I 1975 erklærte FN 8.mars som den internasjonale kvinnedagen, men historia om ein kvinnedag går heilt tilbake til 1910.

På 1970-talet var viktige saker m.a.  lik rett til arbeid og utdanning, utbygging av barnehagar, sjølvbestemt abort og seksuell frigjering. Dei siste åra har kvinnedagen fått mindre oppslutning i Norge, delvis fordi mange av krava er oppfylt og delvis fordi andre saker har kome i fokus i likestillingsdebatten.

Det er likevel gode grunnar til å markere den internasjonale kvinnedagen. Kvinner manglar framleis rettar i mange land i verda og er ofte hardast ramma av sjukdom, fattigdom og krig.

I Bergen blir 8.mars 2010 markert på Torgalmenningen frå kl.1700. Ein av talarane er Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken. Her blir det tatt opp nasjonale saker som likeløn og internasjonale saker som mødredødelighet og sexindustri.

I Bergen er 8.mars berre starten på ein vekes lang kvinnefestival .

«Hvor Hender Det?», no også på Facebook

«Hvor hender det?» blir publisert av Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI) og har no også fått seg ei side på Facebook. Dersom du blir med på Facebookgruppa vil du få tilsendt nyhende og hendingsinvitasjonar til nettmøte.

«Hvor hender det?» inneheldt nyttig  informasjon om internasjonale spørsmål for elevar, lærarar og andre interesserte.

Du finn:
• Tema-artiklar om aktuelle internasjonale forhold. Artiklane er kortfatta, informative og gir ei heilheitleg framstilling av sakene.

Nettmøte med forskarar og andre om aktuelle tema. Du får informasjon om nettmøta ved å bli abonnent på «Hvor hender det?»  sin nyhetstjeneste.

UtenriksQuiz: Nettstaden inneheldt ei rekke quizar, både temaquizar og på artikkel-nivå.

NUPI-bloggen: Innlegg frå NUPI-forskarar om dagsaktuelle spørsmål.

Arbeidsoppgåver som er pedagogisk tilrettelagt for bruk i undervisninga.

Forhåndsstem på biblioteket

I tidsrommet 10.30-13.00 i dag er det mulig å forhåndsstemme på bibliotekt på Askøy vgs.

For å kunne stemme må du ha gyldig legitimasjon og det er kjekt om du har med deg valkortet også.

Har du endå ikkje bestemt deg? Kanskje denne nettsida kan vere til hjelp.

Valgprat

Valgprat

Valgprat

Aftenposten har oppretta nettstaden Valgprat.no der ein kan følgje norsk politikk og det kommande valet frå bloggosfæren. Dei har fått med alle bloggande politikarar og bloggane til ein god del andre politisk interesserte  folk. Dersom ein bloggar om politikk kan ein også registrere sin eigen blogg på Valgprat.no.