Category Archives: Samfunnsfag

Kvinnedagen 8.mars

I forbindelse med kvinnedagen har det som vanleg blitt lagt ut mange artiklar om kvinner og likestilling på Internett. I tillegg så finst det også mange artiklar i papirmedia som ikkje er fritt tilgjengelege på nettet.

Her er eit lite utval:

Advertisements

Skolen i nyhetene

Det blir stadig publisert nyhetssaker om skolen, så ofte at det kan vere vanskeleg å få med seg alt. Bloggen Skolen i nyhetene frå Lillegården kompetansesenter prøver å få med seg det meste av det som blir publisert og kan derfor vere ein grei blogg å abonnere på for den som vil følge skoledebatten.

Dersom oljekatastrofen var i Nordsjøen

If the BP spill was in the North SeaDet er vanskeleg å sjå for seg kor stort oljeutsleppet i Mexicogolfen eigentleg er. Vi ser kart over eit område som er langt vekke frå oss og klarar ikkje å oppfatte den eigentlege størrelsen.

Omfanget blir imidlertid fort klart når ein brukar karttjenesten til Visualizing the BP Oil Disaster og flyttar utsleppspunktet til Nordsjøen. Vi kunne snart ha vassa i olje frå Stavanger til Aberdeen.

Dette er ein enorm tragedie, både for menneske og ikkje minst dyreliv i det ramma området. Vi får håpe at British Petroleum klarar å stoppe utsleppet snart og at dei ryddar opp etter utsleppet slik dei har lova å gjere. Skadane blir større for kvart sekund som går.

Gratulerer med kvinnedagen 8.mars

I 1975 erklærte FN 8.mars som den internasjonale kvinnedagen, men historia om ein kvinnedag går heilt tilbake til 1910.

På 1970-talet var viktige saker m.a.  lik rett til arbeid og utdanning, utbygging av barnehagar, sjølvbestemt abort og seksuell frigjering. Dei siste åra har kvinnedagen fått mindre oppslutning i Norge, delvis fordi mange av krava er oppfylt og delvis fordi andre saker har kome i fokus i likestillingsdebatten.

Det er likevel gode grunnar til å markere den internasjonale kvinnedagen. Kvinner manglar framleis rettar i mange land i verda og er ofte hardast ramma av sjukdom, fattigdom og krig.

I Bergen blir 8.mars 2010 markert på Torgalmenningen frå kl.1700. Ein av talarane er Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken. Her blir det tatt opp nasjonale saker som likeløn og internasjonale saker som mødredødelighet og sexindustri.

I Bergen er 8.mars berre starten på ein vekes lang kvinnefestival .

«Hvor Hender Det?», no også på Facebook

«Hvor hender det?» blir publisert av Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI) og har no også fått seg ei side på Facebook. Dersom du blir med på Facebookgruppa vil du få tilsendt nyhende og hendingsinvitasjonar til nettmøte.

«Hvor hender det?» inneheldt nyttig  informasjon om internasjonale spørsmål for elevar, lærarar og andre interesserte.

Du finn:
• Tema-artiklar om aktuelle internasjonale forhold. Artiklane er kortfatta, informative og gir ei heilheitleg framstilling av sakene.

Nettmøte med forskarar og andre om aktuelle tema. Du får informasjon om nettmøta ved å bli abonnent på «Hvor hender det?»  sin nyhetstjeneste.

UtenriksQuiz: Nettstaden inneheldt ei rekke quizar, både temaquizar og på artikkel-nivå.

NUPI-bloggen: Innlegg frå NUPI-forskarar om dagsaktuelle spørsmål.

Arbeidsoppgåver som er pedagogisk tilrettelagt for bruk i undervisninga.

WorldWideWeb fyller 20 år.

Fredag 13. mars fyller dei tre W’ane 20 år!

Gratulerer med dagen!

Det er mange som skriv om jubileet, her er nokre av dei:
Computerworld har laga ein kjekk liten bildehistorie.
Eirik Newth har blitt intervjua i Morgenbladet, og har lagt heile intervjusvaret sitt ut på sin eigen blogg.
Dagbladet har også ein lang artikkel om jubileet.

og Wikipedia skriv dette om WWW.

Folkeaksjonen for ytringsfrihet på nett

amnesty_514x12012. mars er den internasjonale aksjonsdagen for ytringsfrihet på nett. Amnesty International har publisert ei liste med 12 ting du kan gjere for å støtte dagen og dei som er fengsla eller på annan måte straffa for å sagt si meining på nett.

Sjå elles FN sine menneskerettar, og då spesielt artikkel 19.