Category Archives: Uncategorized

Ha det godt så lenge

Denne bloggen har lege litt brakk ei stund fordi det har vore så mykje anna som har foregått.

No går eg også over i ny stilling. Nytilsett bibliotekar på Askøy vgs. har fått brukarnamn og passord til bloggen og kan vidareføre den dersom ønskjeleg.

Eg har hatt fire veldig gode år på Askøy vgs. og ønskjer alle på skulen lykke til vidare.

Klem frå
Eva

Advertisements

God sommar!

ASVbib ønskjer både elevar og tilsette ved Askøy vgs. og alle andre ein god sommar.

Bloggaktiviteten vil vere nok vere låg fram til ferien er over, men det kan nok dukke opp eit blogginnlegg eller to her likevel.

God Jul!

Ny teknikk, nye brukarar?

v/Johnny Lindqvist

Tenk alltid på adressaten når du skal kommunisere.

Unge europearar har ein stort digitalt fellesskap, ein har eit enormt nettverk online. Dei oppfører seg stort sett som ungdom alltid har gjort, dei har berre funne nye arenaer.

Ungdom 15-20 år

  • 61% seier at det første dei gjer når dei kjem heim er å slå på nettet
  • 42% har mobilen som første og siste ting dei sjekkar om dagen – ungdom sms’ar meir enn dei ringer
  • 49% seier dei påvirkar andre i spørsmål om sosiale nettverk og aktivitar
  • 47% seier dei blir påvirka av andre
  • 93% seier at majoriteten av det dei klikkar på er lenker som dei får frå venner – Aviser 24%, Radio 9%, TV 28%

Kor lett gjer vi det for ungdommen, kor interaktive er våre sider?

Ein alltid oppkobla generasjon – frazzing – dei gjer masse på ein gong.

The digital natives/the digital immigrants  – det er inga skam å vere ein digital innvandrar, vi må berre ta det med i vurderinga. Det er ikkje noko skam å spørje dei -«Du måste förstå dem för att kunna nå dem»

Alle populære ungdomssider finst tilgjengelige på mobiltelefonen, det er noko å tenke på.

Det er og viktig å få bodskapet ut på sider som ungdommane faktisk er på, vi må ut på deira arenaer.

Dei som er best å reklamere for deko er dykkar eigne brukarar som har gode opplevingar hjå dykk. Finst det noko å fotografere, noko å fortelje om på bloggar, twitter, m.m.?

Frå Gromgutter og Gulljenter til Machogutter og Villkatter

v/Selma Therese Lyng
Om elevstilar, kjønn og læring i ungdomsskolen

PowerPointPresentasjon på SlideShare.net

Elevstiltypar

  • Machogutten – godt synleg, tøff, utadvendt og mandig. Teoretisk erfaring er ikkje mykje verd.
  • Gromgutten – snill, hyggeleg, skuleflink og sosial.
  • Gutteromsgutten – mykje av livet foregår på gutterommet – der er han seg sjølv, er på skulen men er ikkje særleg sosial. Gjer det han må på skulen, men er ikkje nerd.
  • Nerd (både jenter og gutar) – opphengt opptatt av skulearbeid, untatt gym. Ikkje alltid like sosialt kompetent. Definitivt ikkje kul.
  • Villkatten – openlys opposisjon mot alt som har med skule å gjere. Omgås eldre ungdommar på fritida. Ikkje glad i skulen. Har liten kontakt med andre elevar, unntatt andre villkattar
  • Spurvejenta – umerkeleg til stades i skulen. Jenteekvivalenten til gutteromsgutten. Snill og grei og litt barsnleg.
  • Gulljenta – opptatt av gode karakterar. Blir litt stress å få tid til å gjere alt godt nok. Stiller høge krav både til seg sjølv og andre. Omgås andre gulljenter, lite kul.
  • Jålejenta – har alltid kjæreste, helst ein machogutt, eller er på jakt etter ein. Stor sosial aksjonsradius på skulen, sterkt veninnefelleskap. Ikkje så veldig glad i teoretisk pensum, andre ting er viktigare. Viktig å ikkje ta alt for seriøst.
  • Dei typelause – opptrer utanfor dei bestemte stilane. Blir unngått av dei andre – vennelause. Dannar avogtil vennegrupper, men blir ikkje tolka som vennar av dei andre fordi dei internt i gruppa er ulike.

Det er stort sett ukult å vere skuleflink….

Elevstilen ”fangar”

  • Image/elevstil må aktivt gjentas og bekreftast gjennom passande opptreden
  • Uformelle, men strenge, reglar om å opptre gjennomført

Ulike elevstilar – ulike utfordringar

Elevstilar og interesser

  • Interesser og preferansar = ladde symbol og markørar for elevstil og identitet
  • Elevstil påvirkar KVA og KVEN ein kan tillate seg å vise fram interesse for – og KORLEIS ein gjer det

«Noko som passar for meg» – Utfordring og mogleikar

  • Innsikt i ungdommens symbolunivers
  • Identifisér symbolske element i emner, arbeids- og medieformar
  • Bibliotek – alternativ arena i/til klasserommet og alternative vaksenpersonar å forholde seg til.

NB! Sensitivitet for variasjoner

  • over tid og stad – forskjell på plassar, forskjell frå år til år
  • Innan og på tvers av kjønn – «guttetiltak» treff ikkje alle guttar, «jentetiltak» treff ikkje alle jenter…