Tag Archives: 2

The Wrecker

The Wrecker av Clive Cussler og Justin Scott foregår stort sett i 1907, med ein liten tur innom 1934. Osgood Hennessy eig Southern Pacific Railroad og har ambisjonar om å bli den største jernbaneeigaren i USA. Men han har ein motstandar, the Wrecker, som er dyktig til å sabotere jernbanelinjer og jernbanebygging. Spesielt utsatt er bygginga av Cascades-snarvegen som vil korte ned viktige jernbanestrekningar. Det er imidlertid viktig at bygginga blir fullført før vinteren, elles kan Hennessy risikere å gå konkurs. The Wrecker er derimot fast bestemt på at Cascades-snarvegen aldri skal bli noko av og han gjer store skadar på snarvegen og Southern Pacific Railroad sine andre linjer. For å beskytte jernbanelinjene sine hyrar Hennessy inn Van Dorn Detektivbyrå, og dei set sin dyktigaste medarbeidar Isaac Bell på saka.

The Wrecker er ei spennande fortelling. Her går det unna med sabotasjeaksjonar og mord. The Wrecker er ein hensynslaus forbrytar og jakta på sabotøren flyttar seg fram og tilbake over USA. Grunnen til at eg likevel berre gjev boka ein 2’ar  er alle klisjeane. Korallgrønne auger, lang og elegant hals, lange bein, skjorter som forsterkar fargen på auger, eit kaldt blikk… og liknande ting kvar gong ein viktig person blir introdusert er typiske eksempel på ein ting som eg syns trekker ned ei bok. Dei einaste folka som unngår slike introduksjonar er bipersonar, som stort sett blir drept av The Wrecker i løpet av dei neste sidene uansett. Også slike ting som at skurken er så einsidig skurkete og helten så einsidig heltete er ting som irriterer meg. Men spennande er det.

Dette syns andre om The Wrecker:

Tidens historie

Dei siste vekene sin lydboklærdom er: Ikkje høyr på populærvitskaplege bøker, les dei istaden.

Tidens historie av Trond Berg Eriksen frå 1999 gjev eit innblikk i ein interessant historie om utviklinga i synet på og kunnskapen om tid og om utviklinga av uret. Boka har mange interessante historiar som t.d. om kor viktig det var å finne opp ein nøyaktig tidsmålar slik at båtar kunne bestemme posisjonen sin langt til havs, om kalendarrevisjonar gjennom tidene, om makthavarar (inkludert kyrkja) sitt behov for å styre tida, m.m. TBE skriv også om forskjellig oppfatning av tid som t.d. syklisk eller rettlinja. Denne delen av boka likar eg godt.

Det er to hovudmoment som dreg boka ned til ein 2’ar for meg.
Det eine er at eg syns at det blir for lite av tida sin historie og for mykje tidsfilosofi der Trond Berg Eriksen viser tydeleg kva han meiner om tidsbruk og levemåtar i vår moderne tid. TBE set tydelege kvalitative merkelappar på sine forskjellige tidsbegrep og let ikkje til å ha mykje til overs for vår moderne levemåte.  Her kjem det fort betegnelsar som «slavar av tida», «tidsklemma», «behovet for det langsame» og det naturvitskaplege tidsbegrepet blir omtalt som «innhaldslaust» og «tomt». Kanskje er det lyttaren og forfattaren som her har alt for forskjellig syn på verda, livet og tida?

Boka er rett og slett ikkje særleg spenstig. Ei bok om tid burde vere mykje meir spennande enn denne er. Eg blir lei av at ting stadig vekk blir repetert: Er Gud den store urmakaren eller ikkje, har vi tid eller har tida oss, og fleire andre spørsmål frå stadig nye synsvinklar. Eg saknar også andre moment om tida som t.d. skjønnlitterær behandling av tid og syns elles at naturvitskapen sine begrep om og tankar om tid burde hatt ein større plass. Men her er det kanskje lyttaren og forfattaren som igjen har for forskjellig syn på tinga?

Nokre ord om boka som lydbok. Lydboka er litt forkorta i forhold til den trykte utgåva, men det eg saknar mest frå ei vanleg trykt bok er referansar til andre bøker og artiklar. Det er forfattaren sjølv som les. Han gjer ein brukbar jobb, men eg trur at ein skuespillar kunne gjort lyttinga til ei meir spennande oppleving enn det ein veldig tørr og intonasjonslaus TBE gjer. Og som eg alt har nemnd syns eg det er vanskeleg å «lese» populærvitskaplege bøker på lyd.

Det er mange som er ueinige med meg om denne boka. Ein søk i A-tekst (elevar på Askøy vgs. må vere pålogga ped.nettet for å søke her) på boka leidde meg til mange gode kritikkar.