Tag Archives: 4

The C-Word

The C-Word by Lisa LynchI juni 2008 var Lisa Lynch 28 år, lykkeleg gift, glad i jobben sin og i full gang med å prøve å bli gravid. Å finne ein klump i brystet var nokså uventa, og ho forventa absolutt ikkje at klumpen skulle vise seg å vere brystkreft i stadium 3.

I løpet av det neste året gjekk ho gjennom all den behandlinga som ein slik diagnose fører med seg. Som den skribenten ho er så starta ho og opp ein blogg der ho blogga om livet som kreftsjuk, Alright Tit. Bloggen blei etterkvart enormt populær.

Boka The C-Word er hovudsakleg skrive etter at ho var ferdig med behandlinga og er på mange måtar ein kommentar til bloggen. Kvart kapittel startar med utrad frå ein bloggpost, det første frå juni 2008 og det siste frå juli 2009. Resten av kapittelet handlar om dei same tinga som bloggposten, men sett frå eit synspunkt etter at behandlinga er over. Forskjellen mellom her-og-no-synspunktet og tilbakeblikka er interessant.

Det høyrest kanskje ikkje slik ut, men dette er faktisk ei veldig morsom bok. Ho pyntar ikkje på kva det inneber å ha kreft. Å gjennomgå cellegiftbehandling, stråling, miste håret og handle parykkar, å føle seg elendig på grunn av behandling, forsone seg med å ikkje få barn, brystrekonstruksjon og ei ny brystvorte, å bli omvendt frå dyrehatar til katteeigar, å oppleve ei følelsesmessig berg- og dalbane…alt er med. Dei gode tinga er også med, som å få den beste behandlinga som moderne medisin kan tilby og kjærleiken ho er omgitt av frå slekt og venner.

The C-Word er ikkje noko «hjelpsom» bok med masse råd om kva kreftpasientar skal/skal ikkje gjere, men den lét aldri som den er noko slikt heller. Det den er er Lisa sin veldig lesverdige, ærleg, såre og morsomme historie om korleis det var for henne å få brystkreft før ho var 30, på eit tidspunkt då ein eigentleg skal ha eit godt liv med familie og venner utan alt for mange bekymringar i livet.

Bloggen Alright Tit blir framleis oppdatert, slik at du kan få med deg kva som har hendt i Lisa sitt liv etter at boka slutta sommaren 2009.

Dette syns andre om boka:

Advertisements

Øye for Øye / One Good Turn av Kate Atkinson

Øye for øye (Norwegian title) by Kate AtkinsonJackson Brody er i Edinburgh. Det er mange endre folk og: Ein ukjent mann som ser ut til å ha eit eller anna oppdrag, ein sint hondasjåfør som vi stort sett berre ser noko til når han angrip nokon, fleire austeuropeiske jenter, kona til ein uhederleg byggfirmaeigar, ein krimforfattar som kjem nærmare virkelig kriminalitet enn han nokongong hadde tenkt og ei politikvinne som har både ein tenåringsson og eit forsvunne lik å bekymre seg om.

Eg las boka på engelsk, som eg likar å gjere når vi har den på engelsk. Den er imidlertid også utgitt på norsk med tittelen Øye for øye. ASVbib har den på begge språk.

One Good Turn / Øye for øye er på mange måtar som dei russiske matrjosjkadokkene som stadig dukkar opp i den. Plott inni plott, villeiande spor, masse folk med uventa forbindelsar m.m. For å vere ærleg så syns eg at det var litt for mange folk å halde styr på, eg ønskte meg ei liste over alle personane så eg kunne ta ein kikk på den kvar gong ein av dei mindre sentrale personane dukka opp. Fleire gonger brukte eg lang tid på å finne ut kven personen som no tok ordet eigentleg var.

One Good Turn by Kate AtkinsonAkkurat som i Case Histories / De fortapte blir historiar som tilsynelatande ikkje har nokon samanheng vevd saman på ein veldig dyktig måte. Eg likte ikkje denne boka så godt som den første, fordi eg ikkje syntes at det var like mykje humor i denne somi den forrige og på grunn av at det var så mange personar at eg sleit med å halde styr på dei. Spesielt det siste gjorde at eg brukte mykje lenger tid på å komme inn i denne boka enn eg gjorde med den forrige. Likevel, eg kom inn i den etterkvart og den siste tredjedelen koste eg meg veldig med.

No er eg nok solid hekta på Kate Atkinson og Jackson Brody, så eg kjem nok til å lese fleire bøker i denne serien.

Dette meiner andre:

Fables : Animal farm

Fables : Animal Farm av Bill WillinghamEtter at ein frykteleg, ukjent fiende invaderer Eventyrland flyktar mange av innbyggarane til vår verd. Her har dei som kan passere som menneske sitt eige samfunn i Fabelbyen midt i New York, medan dei som ikkje kan gå for menneske bur på Farmen på landsbygda.

Snøkvit og søstra Rose reiser opp til Farmen. Der er gardsbestyraren vekke og det foregår mystiske ting. Det er revolusjon på gang og Gullhår og bjørnungen har blitt vaksne sidan sist.

Som den forrige forteljinga i Fables, Legends in Exile, så likar eg også denne veldig godt. Den tar kjente eventyrfigurar og lar dei oppleve nye eventyr. Som tittelen viser spelar den sjølvsagt også på den kjente romanen Kamerat Napoleon (engelsk tittel: Animal Farm) av George Orwell. Teikneserieromanen står fint på eigne bein dersom ein ikkje kjenner til dei forskjellige historiane det blir referert til, men det blir sjølvsagt morsommare når du «tar» mange av referansane.

Som det første heftet i serien så har også dette komt på norsk, men er dessverre utseld frå forlaget.

ASVbib har også bestilt dei neste hefta i serien.

Dette syns andre:

Crossfire av Dick & Felix Francis

Den siste veka har det gått i krimlesing, og eg begynte med Crossfire av far/son-duoen Dick & Felix Francis.

Dick Francis hadde ei rekke karrierer i løpet av livet: Under andre verdskrigen var han pilot i RAF, på 50-talet var han profesjonell jockey og jobba m.a. for Dronningmora (mor til Dronning Elisabeth) og frå siste halvdel av 50-talet til litt ut på 70-talet jobba han som journalist parallellt med å vere krimforfattar. Han står som forfattar av ein sjølvbiografi og over 40 krimbøker, dei fire siste saman med sonen Felix Francis. Bøkene hans er omsett til over 30 språk og over 30 av bøkene er omsett til norsk. Dick Francis døydde i 2010.

Dick Francis har omtrent alltid forskjellige hovudpersonar i krimbøkene sine, unntak er Sid Halley (ex-jockey som har blitt privatdetektiv) som er med i 4 bøker (første gong i 1965, siste gong i 2006) og Kit Fielding (jockey) som er med i 2 bøker. Hovudpersonane har forskjellige yrke og nokre av bøkene finn stad i andre land enn Storbritannia, men bøkene har likevel alltid ei eller anna tilknytning til det engelske veddeløpsmiljøet, og då helst til hinderløp.

Det felles miljøet i bøkene gjer at det for lesaren blir som å lese ein serie, ein veit kva som ventar ein og slepp å sette ser inn i eit heilt nytt univers. Samtidig har forfattaren fridom til å ha med nye personar og slepp dermed ta dei omsyna til personane sin forhistorie som vanlege serieforfattarar må.

Hovudpersonen i Crossfire er infanterikaptein Tom Forsyth som etter å ha blitt alvorleg skada i Afghanistan reiser heim til mor si som trenar veddeløpshestar. Han oppdagar raskt at alt ikkje er som det skal i veddeløpsstallen. Hestar taper når dei ikkje burde samtidig som mora ikkje vil innrømme at dette er eit problem.

Språket er greit, standard engelsk utan masse uvanlege ord. Sjølv om det ikkje er så mange hestar med i boka så er det naturleg nok ein del ord frå hestemiljø, men ingenting som ein ikkje kan finne omsett i vanleg ordbok.

Som vanleg med Dick Francis så er dette ei spennande bok med nokre skikkeleg overraskingar undervegs. Eg syns ikkje den er fantastisk, men bra nok.

Dette syns andre:

Fables : Legends in exile

Etter at ein frykteleg, ukjent fiende invaderer Eventyrland flyktar mange av innbyggarane til vår verd. Her bur dei side om side med vanlege folk, men dei har også sitt eige samfunn i Fabelbyen midt i New York. Snøkvit prøver å administrere Fabelbyen, og når søstra hennar Rose blir meldt sakna og etterlet seg ein veldig blodig bustad, så er det Snøkvit og Den Store Stygge Ulven som må finne ut kva som har skjedd med henne.

Dette er mitt første møte med Bill Willingham sine fablar, og eg likar dei virkelig godt. Dette heftet er illustrert av Lan Medina, Stan Leialoh and Craig Hamilton, og medan eg må innrømme at eg ikkje har nokon som helst kompetanse på dette området, så likar eg illustrasjonane godt.

Når Bill Willingham flyttar figurane ut av eventyrverda og inn i vår verd kan desse figurane ha heilt andre liv og personlege forhold enn dei som vi kjenner frå dei opprinnelege eventyra. Tida har gått, lykkeleg-alle-sine-dagar gjeld ikkje nødvendigvis lenger og figurar frå forskjellige eventyr kan godt ha eit forhold.

Likevel, til tross for at alle personane er kjente eventyrfigurar så er ikkje dette noko eventyr. Dette er ei klassisk detektivforteljing, og ei godt laga ei og.

Legends in exile er første boka i denne serien, og eg ser fram til å lese fleire av dei. Eg har lest den engelskspråklege utgåva sidan det er den vi har på ASVbib, men den er også utgitt på norsk. Den norske utgåva er dessverre utseld frå forlaget, men eg håpar at det etterkvart vil komme eit nytt opplag.

Dette syns andre:

La den rette komme inn av John Ajvide Lindqvist

Av og til les ein eg bøker som eg ser er veldig gode, utan at eg klarar å bli glad i dei. Ei slik bok er La den rette komme inn av John Ajvide Lindqvist.

I 1981 bur 12 år gamle Oskar i forstaden Blackberg. Oskar er eit ensomt mobbeoffer som drøymer om hevn. Så møter han mystiske Eli i nabolaget, jenta som luktar litt vondt og som berre er ute om kvelden. Ho bur i lag med Håkan. Håkan er på eit oppdrag, eit oppdrag der han må drepe. Etterkvart er det fleire som døyr og Oskar byrjar seriøst å lure på kven Eli eigentleg er.

Oskar er hovudpersonen i boka, men i tillegg til han møter vi eit stort persongalleri. Viktige rollar har også ein nabogut og Blackberg si samling av halvgamle, småslitne alkoholikarar.

Dei mange personane og stemmene gjer det av og til litt vanskeleg å halde oversikta, men fleire av dei gjer og historien rikare. Alle stemmene har til felles at dei er blant dei som på ein eller annan måte ikkje passar inn i storsamfunnet.

Som sagt så klarar eg ikkje heilt å bli glad i La den rette komme inn. Det er forskjellige grunnar til det: Eg kunne godt klart meg utan ei eller to av dei mange forteljarstemmene, det blir rett og slett litt mange å forholde seg til og gjer at boka blir litt lang for meg. Eg er også ganske pysete. Med boka si plassering i ein vanleg svensk drabantby der både vampyrar og andre skikkelsar er personar ein «kjenner igjen» frå sitt eige nabolag, så blir dette berre litt for nifst for meg. Eli blir dessutan ekstra farleg sidan grensa mellom den uskuldige barnedelen av henne og den blodtørstige vampyrdelen er ganske uklar. Eg er som sagt litt pysete.

Det blir derfor ein 4’ar – dei som er mindre pysete enn meg kan god runde karakteren opp til 4,5.

Intervju med forfattaren i Aftenposten.

Dette syns andre om boka:

Boka er filmatisert og ASVbib har også filmen.  I tillegg har vi også bøkene Menneskehavn og Håndtering av udøde av John Ajvide Lindqvist. Dei skal også vere ganske skumle.

Vel, kanskje eg tør sjå filmen no som eg har lest boka. Kanskje…

Stolen – a letter to my captor

It happened like this.

I was stolen from an airport.
Taken from everything I knew,
everything I was used to.
Taken to sand and heat, dirt
and danger. And he expected
me to love him. This is my story.


Gemma skriv eit brev, eit langt brev. Brevet er stila til Ty, mannen som er besett av henne, som kidnappa henne og heldt henne fanga langt ute i den australske audemarka. Ty seier at dei skal bu der for alltid, berre dei to.

Trur ikkje eg skal sei for mykje meir om innhaldet, men det er ei veldig fascinerande og spennande bok der det tørre landskapet i Australia si Great Sandy Desert spelar ein stor rolle.  Det er og ei bok som blir verande i hovudet ditt i mange dagar etter du er ferdig med den, eg likar bøker som oppfører seg slik.

Dette er Lucy Christopher si første bok, men det kjem fleire.

Dette syns andre om boka:

Intervju med Lucy Christopher der ho snakkar om sine bøker og også snakkar fint om John Marsden sin serie Tomorrow, when the war began/I morgen, da krigen kom, som også foregår i Australia.