Tag Archives: 5

De fortapte / Case histories

Eg har lest mi første bok av Kate Atkinson, og den er veldig god. Eg las den engelskspråklege utgåva «Case Histories«, men den er også omsett til norsk med tittelen «De Fortapte«. ASVbib har dei begge.

Boka byrjar med 3 saksforteljingar frå 1970, 1979 og 1994. To av sakene er uløyste og alle tre sakene påvirkar framleis liva til dei pårørande. Det dukkar og opp ei fjerde sak som vi får høyre om seinare i boka.

Ein varm sommar i Cambridge, 10 år etter at siste saka fann stad, blir privatdetektiv Jackson Brodie involvert i alle tre sakene. Han får ein del overraskingar.

Dette er inga «enkel» krimforteljing. Den har mange lag. Det er forbindelsar mellom sakene som ein ikkje mistenker, ein får ikkje direkte svar på alt ein lurar på og den har fleire interessante personar. Det fungerer også veldig bra å la dei tre saksforteljingane innleie boka, når du har lest dei har du virkelig eit behov for å finne ut kva som eigentleg hendte og du er sikker på at det er mykje du ikkje veit.

Som sagt tidlegare så syns eg at boka har nokre veldig interessante karakterar. Jackson er nylig skild, og det er ingen lykkeleg skilsmisse. Han drøymer om å pensjonere seg i Frankrike og han er ein overbeskyttande far for dotter si. Søstrene til det eine offeret er veldig ulike og småkranglar om det meste, svigersøstra til eit anna offer har eit nokså dårleg forhold til å fortelje sanninga og faren til det tredje offeret er framleis besatt av å finne ut kva som eigentleg hendte den forferdelige dagen i 1994. I tillegg så dukkar det opp nokre naboar….

Forteljinga blir formidla av 4 forskjellige stemmer: Jackson, Amelia (ei av dei småkranglande søstrene), Theo (faren til det tredje offeret) og Caroline (ei kvinne som først ikkje ser ut til å ha noko å gjere med nokon av sakene). Eg likar denne måten å gjere det på, det let oss få sjå personane frå fleire sider og gjev oss eit større bilde enn det ei stemme ville gjort.

Det høyrest kanskje ikkje slik ut, men dette er også ofte ei ganske morsom bok.

Som sagt så las eg den på engelsk, så eg kan ikkje sei noko om kvaliteten på ometjinga. Men, eg likte den engelske versjonen så godt at eg alt har begynt på ei ny bok av Kate Atkinson.

Les! Les! Les!

Dette meiner andre:

Advertisements

Slaughterhouse 5

Den første boka eg har lest i 2011 er «Slaughterhouse 5 or The Children’s Crusade : a duty-dance with death» av Kurt Vonnegut, ei av dei klassiske science fiction romanene som eg lenge har hatt på skal-lese-lista mi. Boka kom opprinneleg ut i 1969 og er også utgitt på norsk under tittelen «Slaktehus 5 eller Barnekorstoget : en pliktdans med døden«.

13.-15. februar 1945 slapp dei allierte styrkane nesten 4000 tonn bomber og brannbomber over den tyske byen Dresden. Som resultat av dette blei nesten 25000 drept og 39 kvkm av byen totaløydelagt. (Talet på drepte har tidlegare vore estimert så høgt som 250000, men ei undersøking som Dresden fekk igangsett i 2010 anslår at talet var maksimalt 25000).  Kurt Vonnegut var krigsfange i Dresden og opplevde bombinga. Etter bombinga blei han og andre krigsfangar sett til å samle saman lika slik at dei kunne bli begravde, men det var for mange og etterkvart blei lika brent der dei blei funne. Sjølv sa Kurt Vonnegut på eit tidspunkt at han var den einaste som fekk nokon fordel av bombinga av Dresden sidan Slaughterhouse 5 var den store gjennombruddsboka hans.

Hovudpersonen i Slaughterhouse 5 er optikaren Billy Pilgrim. Som ung og dårleg amerikansk soldat blir han tatt til fange og hamnar etterkvart i Dresden der han opplever dei same tinga som forfattaren sjølv opplevde. Etter krigen fullfører Billy optikarutdanninga si, får seg familie og blir ein velståande mann. Men, det er to ting som gjer Billy annleis enn andre:
1.Han sit ikkje fast i tida, så når som helst kan han finne seg sjølv på forskjellige plassar i livet sitt. Dette gjer at han aldri er heilt avslappa, men og at han alltid veit kva som kjem til å skje han.
2. På bryllaupsdagen til dotra blir han kidnappa av vesen frå planeten Tralfamadore og blir utstilt der ei tid saman med filmstjerna Montana Wildhack. Tralfamadoriane er vise og lærer Billy at menneska ikkje kan sjå tida slik den eigentleg er. Tida er som ei fjellrekke, der alle tidspunkt er til stades og eksisterer samtidig. Alle tidspunkt er som dei er fordi dei må vere slik, men menneska kan berre sjå ein liten bit om gongen der trafaldamoriane kan sjå heile fjellrekka.

Eg elska denne boka. Akkurat som Billy sitt liv så er tidslinja i boka heller ikkje kronologisk. Vi hoppar fram og tilbake langs Billy si tidslinje i lag med han, og eg syns det er eit fabelaktig forteljartriks. Språket er gjennomført og usminka. Ingen fine omskrivingar for kroppslege funksjonar eller andre ting. Eg likar og at «forfattaren» aktivt er til stades i rammeforteljinga. Dette kunne vore ei veldig trist bok, men Vonnegut er ein tragikomisk mester. Spesielt med bruken av frasen «So it goes» som stadig kjem tilbake i løpet av boka.

Eg trur på mange måtar at dette er ei elsk eller hat bok og for meg var dette så absolutt ei elsk bok.

Andre folk har også elska den, og nokre mislikt den ganske sterkt. Det er nok folk som mislikar den, uansett om dei har lest den eller ikkje, til at den har fått ein 46.plass på den amerikanske bibliotekforeningen si liste over 100 most frequently challenged books : 2000-2009 (opp frå ein 67.plass tiåret før). So it goes. (for å sitere den mest brukte setningen i boka

Andre har også lest den. Nokre likar den, nokre likar den ikkje, men ingen tar til orde for noko forbud:

Jeg har sett mørkets indre

Rett som det er får eg ein mistanke om at lesinga mi er ganske geografisk einsretta, nord-amerikanske og europeiske forfattarar dominerer ganske klart. Det er derfor på tide å gjere eit unntak frå dette ved å lese den prisbelønte boka Jeg har sett mørkets indre av K. Sello Duiker frå Sør-Afrika.

Jeg har sett mørkets indre handlar om gategutten Azure. Han er snart tretten år og foreldrelaus. Han bur på gata i Cape Town og livnærer seg ved prostitusjon. Azure skiller seg også ut frå mengda ved å vere ein svart gut med blå auge.

Azure sitt Cape Town er prega av vald, rus, prostitusjon, kriminalitet og eit raseskille som framleis er tydeleg til stades til tross for at det ikkje lenger er lovfesta. Det er store kontraster i boka mellom fattigfolket sine skur og dei luksuriøse heimane til mennene som tar Azure med seg heim for natta. Azure prøver å finne ut av verda og kven han kan og ikkje kan stole på. Han er alltid redd og på vakt.

Språket er prega av korte setningar med eit barnsleg preg, utan at innhaldet på nokon måte er barnsleg. Det fungerer veldig godt. Auzre er fokusert på å forstå og å bli sterkare og språket gjenspeilar det.

K. Sello Duiker levde eit tid blant gatebarna i Cape Town før han utgav denne boka.

Dette er ei bok du ikkje legg uberørt frå deg. Kontrasten mellom Azure sitt liv på gata i Cape Town og våre liv her i Norge er for stor til det. Les den og sjå sjølv.

Dette syns andre om boka (alle syns den er god):

Aeon-paradokset

Aeon-paradokset er den tredje boka i Kjetil Johnsen sin serie Den 4.parallell.

Eg har forlengst blogga om og likt dei to første bøkene i serien, Lasarusfenomenet og Carrington-katastrofen.

Aeon-paradokset foregår stort sett i Caine sin heimeparallell. I denne parallellen vann nazistane og japanarane verdskrigen og nazistane styrer no den austlege delen av USA. Dei er imidlertid på vikande front i krigen mot Sentralstatane og den japanskstyrte vestelege delen av USA. I desperasjonen prøver dei å finne ein annan parallell å flykte til og styre over, og det er her dei treng Emma sin hjelp. Emma er sjølvsagt ikkje særleg interessert i å hjelpe nazistane, men det blir lagt eit press på henne som ho ikkje kan stå imot. Og kva er det med Eve Thompson, den eldre dama som ser ut til å vite kva Emma vil seie før ho seier det? Medan Emma er fanga på forskningssenteret prøver Caine desperat å finne ein måte å redde henne på.

Som dei to første bøkene i serien så er også denne veldig spennande og handlinga driv framover i stor fart. For ein lesar som trivs veldig godt med science fiction sjangeren så er dette storveies lesing. Eg gler meg alt til neste og siste bok i serien. Den skal heite Maria-eksperimentet og kjem ut i 2011 ein eller annan gong. Som ein del av arbeidet med den siste boka har forfattaren besøkt Black Hills i USA der både Mount Rushmore og Crazy Horse monumentet er å finne, og det siste skal visstnok ha ein sentral rolle i boka. For meg blir det gjensyn med kjente trakter, så eg gler meg ekstra over det.

Det er ikkje så mange andre som har omtalt denne boka, men Mari likar den iallfall.

The Kiss of Death

I jula i fjor las og likte eg Marcus Sedgwick si vampyrbok My swordhand is singing, og no er det på tide å fortelje at eg likte den frittståande oppfølgjaren The Kiss of Death like godt.

The Kiss of Death handlar om Marko og Sorrel og foregår i Venezia over 100 år etter handlinga i forrige bok. Marko er son av ein lege og kjem til Venezia på jakt etter faren som reiste dit for å hjelpe glasmakaren Simono som er ein venn av han. Når Marko kjem til Venezia er faren forsvunne, men han finn Sorrel og Simono. Simono er blitt gal av mangel på søvn. Marko og Sorrel må både finne Marko sin far og finne ut kva som stjel Simono sin søvn. Etterkvart slår dei seg i lag med den gamle mannen Peter. Han ser iallfall ut til å forstå kva som foregår, men så har han også møtt skyggedronninga før. Det er onde makter på ferde i Venezia. Byen som vi kjenner frå bilde av kanalar og gondolar i solskin eller romantisk måneskin framstår her som mørk, tåkelagt og skremmande. Det er og karnevalstid og folk går rundt med masker. Beskrivelsen av byen og spesielt lagunen og øyane var slik at eg måtte rett Internett etterpå for å ta ein kikk på geografien.

Eg syns igjen at Marcus Sedgwick har gjort ein god jobb. Boka er veldig spennande og nifs. Eg elskar språket. Sedgwick brukar ikkje opp sidene med uvesentlege beskrivingar av folk sine hår og kle. Det som er tatt med av slikt er der med god grunn. Boka er på engelsk men krev ikkje at ein er av dei mest avanserte engelsklesarane. Den har og litt romantikk utan at det blir for romantisk for meg.

Dette syns andre om boka (alle likar den):

Her snakkar Marcus Sedgwick sjølv litt om boka:

ASVbib har også boka White Crow av Marcus Sedgwick. Eg kjem nok til å lese den etterkvart.

Fire & Hemlock – smakebit på ein søndag

Eg har vorte veldig glad i alle bøkene av Diana Wynne Jones som eg har lest, og eg kjem ikkje til å gjere noko unntak for Fire & Hemlock som eg no nett er ferdig med.

«Four years later Polly sat on the edge of her bed and took a bewildered look at the book as it now seemed to be. Only the cover design seemed to be the same. The title was different, the stories were different, and the writers were six people Polly had never heard of. She turned to the blank pages at the front, and there were no signatures written there. The only story which seemed to have been in both sets of memories was that one- She turned to the list of contents. «Two-timer» she read, by Ann Abraham.»

Ein av boka sine store inspirasjonar er den skotske balladen om Tam Lin.

ASVbib har ikkje Fire & Hemlock enno, men de er i bestilling. I mellom tida kan eg anbefale to av våre andre bøker av Diana Wynne Jones; Howl’s Moving Castle (også i animéversjon på dvd), The Dark Lord of Derkholm og Year of the Griffin (dei to siste høyrer saman, så det er lurt å begynne med den første av dei).

Blogging av Jill Walker Rettberg

Jill Walker Rettberg er førsteamanuensis på Universitetet i Bergen og forskar på korleis folk fortel historiar på Internett. Ho har blogga på bloggen jill/txt sidan hausten 2000, først på ei blanding av norsk og engelsk og etterkvart hovudsakleg på engelsk.

Då Jill i 2008 utga boka Blogging så tenkte eg med ein gong at den skulle eg lese. Dessverre har det tatt eit par år å komme så langt, men då eg første gjorde det så var boka absolutt verd å lese.

Dette er ikkje ei lærebok i korleis ein skal blogge, men ein gjennomgang av sosiale media sin funksjon i samfunnet med spesiell vekt på blogging. Boka tar for seg «journalistiske» og politiske bloggar, personlege bloggar, firma- og institusjonsbloggar, m.m. og ser på dei forskjellige sine forskjellar, likheiter og samfunnsrollar.

I tillegg til ei oversikt over bloggarsjangeren tar boka for seg blogginga sin historie og forhold til andre typar online og offline media.  Boka er på engelsk, men er rask og grei å lese uansett. Faktisk så kjapp og grei å lese at eg gjerne vil gå gjennom den igjen og bruke litt tid på å stoppe for å utforske dei omtalte bloggane nærmare (dei av dei som framleis er tilgjengelege iallfall).  Heldigvis har forfattaren vore omtenksam nok til å liste opp alle dei omtalte bloggane bakerst i boka.

Som sagt kom boka ut i 2008, og ting skjer fort på Internett. Diskusjonen om m.a. Facebook ber preg av at ting har skjedd på Facebook sidan 2008, men dette er ikkje noko stort minus sidan Facebook ikkje er noko hovudemne i boka. Det same gjeld truleg den veldig korte delen om korleis ein startar sin eigen blogg, men dei to sidene hoppa eg rett og slett over sidan eg har sett opp nokre bloggar etterkvart.

Veldig god bok for alle som er interessert i sosiale media generelt og blogging spesielt.

Jill har m.a. også publisert ein artikkel der ho skriv om å bruke bloggar i undervisning av studentar.

Dette syns andre om boka: