Tag Archives: 8.mars

Kvinnedagen 8.mars

I forbindelse med kvinnedagen har det som vanleg blitt lagt ut mange artiklar om kvinner og likestilling på Internett. I tillegg så finst det også mange artiklar i papirmedia som ikkje er fritt tilgjengelege på nettet.

Her er eit lite utval:

Gratulerer med kvinnedagen 8.mars

I 1975 erklærte FN 8.mars som den internasjonale kvinnedagen, men historia om ein kvinnedag går heilt tilbake til 1910.

På 1970-talet var viktige saker m.a.  lik rett til arbeid og utdanning, utbygging av barnehagar, sjølvbestemt abort og seksuell frigjering. Dei siste åra har kvinnedagen fått mindre oppslutning i Norge, delvis fordi mange av krava er oppfylt og delvis fordi andre saker har kome i fokus i likestillingsdebatten.

Det er likevel gode grunnar til å markere den internasjonale kvinnedagen. Kvinner manglar framleis rettar i mange land i verda og er ofte hardast ramma av sjukdom, fattigdom og krig.

I Bergen blir 8.mars 2010 markert på Torgalmenningen frå kl.1700. Ein av talarane er Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken. Her blir det tatt opp nasjonale saker som likeløn og internasjonale saker som mødredødelighet og sexindustri.

I Bergen er 8.mars berre starten på ein vekes lang kvinnefestival .