Tag Archives: Aviser

Morgenbladet – ny kjelde i Atekst

er førebels siste avis ut  i Atekst og er tilgjengeleg i fulltekst frå årsskiftet 2009/2010. Det betyr at det no er 79 aviser og 6 TV/Radio-kjelder tilgjengelege i Atekst.

Morgenbladet  er ei politisk uavhengig vekeavis med vekt på politikk, kultur og forskning, den er riksdekkande og kjem ut på fredagar.

Obs: Atekst er kun tilgjengeleg når ein er pålogga ped-nettet på skulen.

Atekst, sjokk og skandalar

På Askøy vgs. har vi tilgang til tekstarkivet Atekst der 71 norske aviser og tidsskrift gjer tilgjengelege artiklane sine i fulltekst. Dette er ein veldig nyttig database som av og til også kan brukast til å ha det litt gøy.

For nokre år sidan verserte det ein reklame for VG der ein papegøy sa «VG er en drittavis!«. Deretter kom det ein eksplosjon, og ein ganske rufsete og sotete papegøye endra visa si til «VG er en dynamisk avis. Dynamisk. Aaarrrk..» Min konklusjon etter litt søking i Atekst er at «VG er ei SJOKKERT avis!».

For å demonstrere eit søk for mine kursdeltakarar testa eg eit søk i overskrifter og ingressar for ein del norske aviser dei tre siste åra. Testordet var *sjokk* (gjev treff på alt med «sjokk» i) sidan eg hadde ein vag mistanke om at enkelte aviser er meir lettsjokkerte enn andre.

Mistanken blei bekrefta. VG hadde 848 sjokk i overskrifter og ingressar i denne tida medan Aftenposten (714) og Dagbladet (517) var dei neste på lista. Eg testa og kor «skandaliserte» regions- og rikspressa er, og her er konklusjonen at Aftenposten med sine 504 skandalar stikk av med ein knepen seier over VG (501). Dagbladet med sine 361 skandalar blir ein lillebror i denne klassen.

Dagens ikkje-særleg-sjokkerande hovudkonklusjon er at Oslofolk i den såkalla rikspressa er eit sart folkeslag. Den minste lille ting fører til sjokk og skandalar. Regionsavisene er mykje meir robuste, der er det trøndarane i Adresseavisa som stikk av med seieren med 474 sjokk og 214 skandalar. Bergens Tidende med 301 sjokk og berre 130 skandalar kjem langt nede på lista.

Prøv Atekst sjølv, kanskje de og kan finne morsomme ting. (Er kun tilgjengelig når du er logga på skulen sitt nett)

Bergens Tidende – artiklar om matsistuasjonen i verda

Bergens Tidende har i vinter hatt ein artikkelserie om matsituasjonen i verda. No har dei laga ei samleside for desse artiklane. Dei fortjener eit ekstra pluss for kartet som viser kva for område i verda som er omtalt i artiklane.

Askøyværingen i Atekst

No kan ein finne Askøyværingen i Atekst.
(fri tilgang frå skulen sitt nettverk for alle på Askøy vgs.)

Atekst er ein avisdatabase med artiklar frå 58 forskjellige norske aviser og tidsskrift. Nokre av desse ligg ute heilt frå 1982, mange av dei er tilgjengelege frå 1992. Askøyværingen er tilgjengelig frå 10.mars. 2008. Andre kjelder i Atekst som kan ha lokal interesse er Bergens Tidende og Vestnytt. Elles så ligg også alle dei store riksavisene som Aftenposten, Dagbladet, VG, m.fl. der.