Tag Archives: Bergen

Bomber over barneskolen

Dei andre dokumentarteikneseriane eg har omtalt har vore av utanlandske forfattarar, men det finst også norske bidrag i same sjangeren. Ingebjørg Jensen si Bomber over barneskolen om bombinga av Holen skole på Laksevåg er eit slikt bidrag.

Laksevåg blei bomba av allierte fly 4. oktober 1944. Målet for bombinga var ubåtbunkeren «Bruno» og det tyske verftet, men det var hovudsakleg sivile som blei ramma. Mellom dei drepte var 12 tyske soldatar, 20 mannskap på tyske malmskip, eit ukjent tal sovjetiske krigsfangar og 193 sivile. Av dei 193 sivile omkom 61 barn og 19 vaksne på Holen skole som ligg 200 meter frå ubåtbunkeren.

Forfattaren har sett seg godt inn i historien. Den har prega hennar familie sidan bestemor hennar var ei av dei som blei drept under bombinga, og ho har intervjua mange av dei overlevande. For mange av dei har livet vore prega av fortielsen om hendinga «barn glemmer så fort» og at mange etter bombinga blei sendt «på landet» for å vere trygge, det blei lite tid til å bearbeide det som hadde skjedd.  Sidan det var dei allierte som stod bak bombinga har den heller ikkje fått den merksemda i ettertida som den ville fått om det var tyskarane som stod bak.

Teikneserien om den fatale dagen og konsekvensane av den utgjer mesteparten av boka, men på slutten finn vi ein fyldig faktadel med presentasjon av personane som er grunnlaget for hovudpersonane i forteljinga og bakgrunnsinformasjon om Laksevåg som bombemål.  Dei personlege historiane blir også presentert i dokumentarfilmen «Sår som aldri gror» (bestilt til ASVbib), og Ingebjørg Jensen har også skrive fleire artiklar om emnet.

Teikneserieteknisk er ikkje dette den aller beste serien eg har lest, men det er likevel ein flott serie som fortel den viktige historien på ein veldig god måte.

Andre omtalar av teikneserien:
Viktig historie i brokete bok – Barnebokkritikk
Gripende om skolebombing – Serienett

Advertisements

Regn

Regn av Stig Holmås

Regn av Stig Holmås

Regn av Stig Holmås er ei barndomsforteljing om to brødre frå Bergen på midten av 50-talet. Dei har ei mor som trur på Gud og Jesus og ein far som er meteorolog og trur på Wilhelm Bjerknes, den moderne vervarslinga sin far. Yngstebroren Bjørnar er veldig flink å gå på skøyter medan storebroen er meir opptatt av kameratane sine og nabojenta Laila som er døv. Så skjer ulykkene, og livet til dei to brødrene endrar seg for alltid. Boka handlar om uskyld og skyld, om søskenkjærlighet og å finne håp igjen.

Eg syns boka var lett å lese, og at den vart betre dess lenger ut i den eg kom. Absolutt å anbefale..