Tag Archives: Brystkreft

The C-Word

The C-Word by Lisa LynchI juni 2008 var Lisa Lynch 28 år, lykkeleg gift, glad i jobben sin og i full gang med å prøve å bli gravid. Å finne ein klump i brystet var nokså uventa, og ho forventa absolutt ikkje at klumpen skulle vise seg å vere brystkreft i stadium 3.

I løpet av det neste året gjekk ho gjennom all den behandlinga som ein slik diagnose fører med seg. Som den skribenten ho er så starta ho og opp ein blogg der ho blogga om livet som kreftsjuk, Alright Tit. Bloggen blei etterkvart enormt populær.

Boka The C-Word er hovudsakleg skrive etter at ho var ferdig med behandlinga og er på mange måtar ein kommentar til bloggen. Kvart kapittel startar med utrad frå ein bloggpost, det første frå juni 2008 og det siste frå juli 2009. Resten av kapittelet handlar om dei same tinga som bloggposten, men sett frå eit synspunkt etter at behandlinga er over. Forskjellen mellom her-og-no-synspunktet og tilbakeblikka er interessant.

Det høyrest kanskje ikkje slik ut, men dette er faktisk ei veldig morsom bok. Ho pyntar ikkje på kva det inneber å ha kreft. Å gjennomgå cellegiftbehandling, stråling, miste håret og handle parykkar, å føle seg elendig på grunn av behandling, forsone seg med å ikkje få barn, brystrekonstruksjon og ei ny brystvorte, å bli omvendt frå dyrehatar til katteeigar, å oppleve ei følelsesmessig berg- og dalbane…alt er med. Dei gode tinga er også med, som å få den beste behandlinga som moderne medisin kan tilby og kjærleiken ho er omgitt av frå slekt og venner.

The C-Word er ikkje noko «hjelpsom» bok med masse råd om kva kreftpasientar skal/skal ikkje gjere, men den lét aldri som den er noko slikt heller. Det den er er Lisa sin veldig lesverdige, ærleg, såre og morsomme historie om korleis det var for henne å få brystkreft før ho var 30, på eit tidspunkt då ein eigentleg skal ha eit godt liv med familie og venner utan alt for mange bekymringar i livet.

Bloggen Alright Tit blir framleis oppdatert, slik at du kan få med deg kva som har hendt i Lisa sitt liv etter at boka slutta sommaren 2009.

Dette syns andre om boka:

Advertisements