Tag Archives: Døden

Slaughterhouse 5

Den første boka eg har lest i 2011 er «Slaughterhouse 5 or The Children’s Crusade : a duty-dance with death» av Kurt Vonnegut, ei av dei klassiske science fiction romanene som eg lenge har hatt på skal-lese-lista mi. Boka kom opprinneleg ut i 1969 og er også utgitt på norsk under tittelen «Slaktehus 5 eller Barnekorstoget : en pliktdans med døden«.

13.-15. februar 1945 slapp dei allierte styrkane nesten 4000 tonn bomber og brannbomber over den tyske byen Dresden. Som resultat av dette blei nesten 25000 drept og 39 kvkm av byen totaløydelagt. (Talet på drepte har tidlegare vore estimert så høgt som 250000, men ei undersøking som Dresden fekk igangsett i 2010 anslår at talet var maksimalt 25000).  Kurt Vonnegut var krigsfange i Dresden og opplevde bombinga. Etter bombinga blei han og andre krigsfangar sett til å samle saman lika slik at dei kunne bli begravde, men det var for mange og etterkvart blei lika brent der dei blei funne. Sjølv sa Kurt Vonnegut på eit tidspunkt at han var den einaste som fekk nokon fordel av bombinga av Dresden sidan Slaughterhouse 5 var den store gjennombruddsboka hans.

Hovudpersonen i Slaughterhouse 5 er optikaren Billy Pilgrim. Som ung og dårleg amerikansk soldat blir han tatt til fange og hamnar etterkvart i Dresden der han opplever dei same tinga som forfattaren sjølv opplevde. Etter krigen fullfører Billy optikarutdanninga si, får seg familie og blir ein velståande mann. Men, det er to ting som gjer Billy annleis enn andre:
1.Han sit ikkje fast i tida, så når som helst kan han finne seg sjølv på forskjellige plassar i livet sitt. Dette gjer at han aldri er heilt avslappa, men og at han alltid veit kva som kjem til å skje han.
2. På bryllaupsdagen til dotra blir han kidnappa av vesen frå planeten Tralfamadore og blir utstilt der ei tid saman med filmstjerna Montana Wildhack. Tralfamadoriane er vise og lærer Billy at menneska ikkje kan sjå tida slik den eigentleg er. Tida er som ei fjellrekke, der alle tidspunkt er til stades og eksisterer samtidig. Alle tidspunkt er som dei er fordi dei må vere slik, men menneska kan berre sjå ein liten bit om gongen der trafaldamoriane kan sjå heile fjellrekka.

Eg elska denne boka. Akkurat som Billy sitt liv så er tidslinja i boka heller ikkje kronologisk. Vi hoppar fram og tilbake langs Billy si tidslinje i lag med han, og eg syns det er eit fabelaktig forteljartriks. Språket er gjennomført og usminka. Ingen fine omskrivingar for kroppslege funksjonar eller andre ting. Eg likar og at «forfattaren» aktivt er til stades i rammeforteljinga. Dette kunne vore ei veldig trist bok, men Vonnegut er ein tragikomisk mester. Spesielt med bruken av frasen «So it goes» som stadig kjem tilbake i løpet av boka.

Eg trur på mange måtar at dette er ei elsk eller hat bok og for meg var dette så absolutt ei elsk bok.

Andre folk har også elska den, og nokre mislikt den ganske sterkt. Det er nok folk som mislikar den, uansett om dei har lest den eller ikkje, til at den har fått ein 46.plass på den amerikanske bibliotekforeningen si liste over 100 most frequently challenged books : 2000-2009 (opp frå ein 67.plass tiåret før). So it goes. (for å sitere den mest brukte setningen i boka

Andre har også lest den. Nokre likar den, nokre likar den ikkje, men ingen tar til orde for noko forbud:

Advertisements

Hvis jeg blir / If I stay

Mia er 17 år og bur i ein liten by i Oregon. Ho er ein dyktig cellist og har nett tatt opptaksprøven til prestisjetunge Juilliard School. Elles er ho kjæraste med punkrockaren Adam, besteveninne med Kim og svært glad i familien sin. På ein køyretur blir bilen til familien påkøyrd av ein større bil og foreldra døyr på staden. Mia og broren blir sendt på sjukehus og Mia blir sendt vidare med luftambulanse til Portland utan å få vite korleis det går med broren. Medan ho ligg i koma ser ho seg sjølv, besteforeldra, andre slektningar, venner, Kim, Adam og alle andre på sjukehuset utanfrå. Ho svevar mellom liv og død og ei av sjukepleiarane seier til besteforeldra at det er opp til Mia sjølv om ho kjem til å overleve. Det er Mia som må bestemme seg.

Og det er mykje for Mia å tenke over medan ho bestemmer seg. Ho ser tilbake på livet sitt og korleis det var, og tenkjer på korleis livet vil bli dersom ho blir. Ho tenker og på korleis livet vil bli for dei ho etterlet dersom ho bestemmer seg for å dø. Ein skulle tru at det lett vart uoversiktleg når boka hoppar fram og tilbake i tid, men forfattaren har konsekvent omtalt hendingar før ulykka i fortid og det som skjer med Mia undervegs i døgnet etter ulykka i notid, så det blir aldri noko problem å halde orden på tidslinja.

Dette kunne fort blitt ei veldig trist og lei bok, men det er det ikkje. Mia sitt liv fram til ulykka blir skildra med varme og humor. Det er også kjekt å lese om ein tenåring som har eit godt forhold til foreldra sine og faktisk likar å tilbringe tid med dei og lillebroren. Eg set og pris på at ulykka og døden blir så nøkternt skildra. Her er ingen himmel som ventar eller englar som rådar Mia i den avgjerda ho må ta, det er kun ho som bestemmer.

Mia sine refleksjonar fungerer bra for meg, men innimellom syns eg ho blir litt for reflektert og moden for sine 17 år.  Eg las den engelske utgåva av boka og syns språket var greit og passande til hovudpersonen og forteljinga, eg har ikkje lest omsetjinga så eg kan ikkje sei noko om korleis språket er i den norske utgåva. Alt i alt syns eg at det er ei veldig god ungdomsbok som likevel ikkje er heilt god nok til ein toppkarakter.

Det er mange andre som har blogga om denne boka sidan den har vore med i ein bokbloggturne. Under finn du ei liste med lenker til nokre av bokbloggarane som har vore med på turneen og til nokre andre som ikkje har vore med på turneen: