Tag Archives: Dystopi

The Maze Runner av James Dashner

The Maze Runner by James DashnerTenk deg korleis det er å vere ei forsøksmus som heile tida må springe rundt i ein labyrint. Labyrinten endrar seg frå dag til dag og i tillegg inneheldt den andre farar. Då vil du få ein god ide om korleis livet er for gutane (og den eine jenta) i The Maze Runner av James Dashner.

Eg hadde sett fram til å lese denne boka. Den såg veldig spennande ut og blir ofte samanlikna med den fabelaktige Dødslekene/The Hunger Games av Suzanne Collins.  Dessverre så endte eg opp med meir blanda følelsar for The Maze Runner.

Den startar veldig bra. Thomas vaknar opp i eit mørk og bråkete lite rom. Det einaste han kan hugse om seg sjølv er fornamnet, alt anna er vekke. Det mystiske rommet bevegar seg, snart opnar luke i taket seg og han befinn seg saman med ein stor flokk ukjente gutar på ein ukjent stad.

Det var her frustrasjonen begynte. På dei neste sidene prøver Thomas å finne ut kva for stad han har hamna på. Denne informasjonen må han stort sett vente på og den informasjonen han får er veldig oppstykka. Det er berre irriterande! For Thomas og for meg som lesar.  Generelt sett så har eg ingenting i mot at forfattaren heldt tilbake informasjon for å bygge opp historien, men eg protesterer når det virkar som om informasjon som kunne vore gitt i løpet av to sider blir gitt ut litt etter litt kun for å gjere boka litt lenger. Kanskje forfattaren og forlaget syntes at det ville forlenge og intensivere spenninga? Ikkje veit eg.

Heldigvis blir tempoet betre etterkvart. Utanom nokre stopp når Thomas bekymrar seg over den manglande hukommelsen sin eller når det tar alt for lang tid å hale litt enkel informasjon ut av ein av guttane i labyrinten, så er det faktisk veldig spennande.

Eg skulle ønske at eg vart meir følelsesmessig knytta til personane i boka. Eg trur eg ville vore det dersom eg ikkje hadde vore litt på kant med boka nesten frå begynnelsen av.

Som sagt før så har eg blanda følelsar. Eg syns at ein litt meir fortetta versjon av historien i The Maze Runner har alt som skal til for å gjere dette til ei storarta første bok i ein trilogi. Og sjølv om eg mislikar at historien haltar avgarde til å begynne med så må eg applaudere måten den får farten opp på etterkvart. Den spennande avslutninga som tydeleg viser at Thomas og dei andre guttane har fleire problem som ventar på dei, er også veldig bra. Lesarar som ikkje datt av i byrjinga på boka vil definitivt vere interesserte i å finne ut kva som skjer i bok nummer 2: The Scorch Trials.

Eg har høyrt rykte om at The Maze Runner skal komme på norsk, men førebels er den berre tilgjengeleg på engelsk.

Hjå meg får boka berre 3+, som straff for uthalingstaktikk.

Her kjem omtalar frå ein del folk som ikkje vart så irriterte som meg:

Dystopia 1 av Terje Torkildsen

Dystopia 1 av Terje Torkildsen handlar om seks elevar frå den internasjonale skulen i Stavanger som er på skuletur til London. Medan dei er der blir byen oversvømt av ei stor flodbølge. Alt samband med omverda blir brote og det blir erklært unntaktstilstand. Utan å vite noko om korleis situasjonen er heime i Stavanger har ungdommane og læraren som er med dei berre eit ønske. Dei vil heim.

Dette er ein spenndande start på ein planlagt fireboksserie. Boka er på ført, moderne og levande nynorsk utan spesielle vanskelege og uvante ord.

Til tross for at boka er spennande så fungerer den ikkje heilt for meg. Eg trur ikkje heilt på skildringane av korleis London vil fungere etter ein slik katastrofe, og eg trur ikkje heilt på skildringa av ungdommane heller. Eg syns ikkje boka er så veldig dårleg, berre ikkje at den er så veldig god heller. Forhåpentlegvis vil eg like Dystopia 2 betre når den kjem.

Men spennande er boka, det skal den ha.

Boka er ikkje anmeldt så veldig mange andre stader, men nokre andre meiningar fann eg:

  • Slapp dystopi – Barnebokkritikk
  • Røft og brutalt – Stavanger Aftenblad,  15.12.2009  – Artikkelen kan finnast på Atekst.

Terje Torkildsen er også forfattar av boka Marki Marco som han vann Uprisen for.

Veien / The Road av Cormac McCarthy

Av og til får ein følelsen av å bli hypnotisert av ei bok, og det var det som skjedde då eg begynte å lese The Road (Veien) av Cormac McCarthy.

Eg utsette lesinga av denne boka fordi eg visste at det var ein historie om ein far og sonen hans på vandring gjennom eit landskap lagt aude av ein eller annan type verdsompennande katastrofe, truleg ein krig. Eg rekna derfor med at det kom til å vere ein veldig trist historie. Og det er det. Men det er og slik ein intens, vakker trist historie. Ein historie om kjærleik mellom far og son, om kampen for å overleve mot alle odds, og merkeleg nok også ein historie om håp. Eg vil ikkje sei alt for mykje om handlinga i boka, men fleire av dei det er lenka til lenger nede på sida seier meir om det.

Språkleg er det også ei vakker bok. Korte setningar utan unødvendige innslag gjer at alt blir veldig intenst, det er for eksempel sjeldan at eg har opplevd redsle skildra så intenst med såpass få ord. Eg las den engelske utgåva og til tross for enkle setningar så fekk eg gleda av å måtte slå opp i ordboka for å finne tydinga av eit par ord. Det er berre å innrømme det, eg er så nerdete at eg syns slikt er gøy. Den norske omsetjinga har også fått godord, og Askøy vgs. har den på både norsk og engelsk. Boka har mellom anna vunne Pulitzerprisen for skjønnlitteratur 2007 og er også filma.

Les, les!

Dette syns andre om Veien:

The Ask and The Answer

The Ask and The Answer av Patrick Ness er andre boka i trilogien Chaos Walking. Førsteboka, The Knife of Never Letting Go, likte eg veldig godt.  I The Ask and The Answer held historien om Todd og Viola fram.

Eg vil ikkje skrive stort om innhaldet, fordi det vil øydelegge for lesinga av første boka i serien. Men den er kjempespennande, akkurat som The Knife of Never Letting Go.

Eg likte ikkje denne boka like godt som den forrige, men så likte eg også den veldig godt.  Todd og Viola er kompliserte personar som eg blir meir og meir glad i, og «skurkane» framstår heller ikkje som enkle og eindimensjonale. Det er fascinerande å sjå korleis «noise» (dei høyrbare tankane) både kan avsløre deg, skjule sanning og gje fiendar middel til å manipulere deg. Det blir i løpet av boka også meir og meir klart at dei innfødde, Spackle, absolutt er ein faktor som må reknast med når planeten si framtid skal avgjerast.

Eg har store forhåpningar til siste boka i trilogien «Monsters of Men». Den kjem ut ein eller annan gong i 2010.

Dette syns andre om boka:

Opp i flammer / Catching fire

Opp i flammer av Suzanne Collins er oppfølgjaren til Dødslekene som eg las i februar, og den er like god.

«Spoiler alert» for alle som ikkje har lest Dødslekene.

To personar overlevde dei 74. Dødslekene – Katniss og Peeta. Noko slikt har aldri skjedd før og det er derfor eit opprør mot Capitol og ei oppmuntring til alle opprørslystne folk i alle 12 distrikta i Panem.

Vel heime i Distrikt 12 fryktar Katniss kva presidenten og hans folk kan finne på å gjere for å hemne seg på henne. Ho fryktar for livet til både familie og venner, og frykta blir ikkje mindre når ho forstår at ho er blitt eit opprørssymbol for heile landet.

Ho treff og på to flyktningar i skogen. Dei er på leiting etter Distrikt 13 som blei øydelagt for mange år sidan. Ryktet seier at Distrikt 13 har bygd seg opp igjen og no er ei eiga makt utanfor Panem sin kontroll.I mellomtida strammar Capitol grepet om Distrikt 12 og dei andre distrikta i Panem. Katniss får klar beskjed frå presidenten om å dempe opprørstronga som ulmar i landet og å overbevise han om at ho kun er ei forelska ungjente utan ein opprørsk tanke i hovudet. Dersom ikkje….

Når utvelginga av deltakarar til dei 75. Dødslekene blir annonsert forstår Katniss at ho hadde god grunn til å frykte konsekvensane av at ho klarte å få både seg og Peeta levande ut frå dei forrige Dødslekene.

Det er alltid litt nifst med oppfølgarar, men Suzanne Collins har greid jobben til fulle.  Opp i flammer er like velskriven og spennande som Dødslekene.  Eg kan nesten ikkje vente på den neste boka i serien.

På Askøy vgs. har vi både den engelske og den norske utgåva av begge bøkene.

Dette meiner andre om Catching Fire
Karin’s Book Nook
Persnickety Snark
Time
Linus’s Blanket

Suzanne Collins si heimeside

Dødslekene / The Hunger Games

Eg var først motstrevande til å lese ”Dødslekene” (The Hunger Games) av Suzanne Collins, eg hadde lest litt på ryggteksten og var rett og slett redd for at den skulle vere for fæl. Men fleire av dei andre vgs-bibliotekarane i Hordaland fortalte meg at den var utruleg bra, og at eg berre måtte lese den. Og det gjorde eg….

Dødslekene finn stad i landet Panem som er det som er igjen av USA etter at krig og naturkatastrofar har øydelagt landet. Hovudstaden Capitol har all makt over resten av landet som er delt inn i 12 distrikt. Det var tidlegare 13 distrikt, men Distrikt 13 blei totalt øydelagt etter eit landsomfattande opprør ca.50 år før handlinga i boka finn stad. Som straff for dette opprøret blir kvart år to ungdommar, ein gut og ei jente, frå kvart distrikt tatt ut til å delta i ”Dødslekene” – eit realityshow der deltakarane blir plassert på ein stor utandørs arena der dei må kjempe til døden mens heile landet ser på. Den siste som står igjen er vinnaren. Vinnaren er sikra eit liv i luksus, og vinnaren sitt distrikt får nok mat til alle sine Dødslekeneinnbyggarar fram til neste års dødsleikar.

Vår hovudperson er jenta Katniss frå det lutfattige Distrikt 12. Som hjelpar i førebuinga får ho og guten Peeta den einaste tidlegare i vinnaren frå Distrikt 12. Han er ein bitter og alkoholisert mann som er tydeleg merka av det han hadde vore med på for mange år sidan. Deltakarane blir ført til Capitol der dei blir styla opp og er stjerner i eit stor medieshow – noko som for både Katniss og oss lesarar er ganske grotesk når ein tenker på kva leikane eigentleg går ut på. Katniss er ei tøff jente som er vant til å passe på mora og vetlesøstra si ved ulovlig jakt. Men dette er ingen garanti for å overleve dødsleikane.

Kollegaene mine hadde rett: ”Dødslekene” er tankevekkande, samfunnskritisk, original – og berre heilt FABELAKTIG.

Biblioteket på Askøy vgs. har den på både norsk og engelsk.

”Dødslekene” er den første i ein planlagt triologi: Bok nr. 2 ”Catching Fire” er planlagt utgitt 1.sept.2009 – og vi kjøper den så snart den er tilgjengeleg, både på norsk og engelsk.

The Knife of Never Letting Go – utruleg spennande første bind i serien Chaos Walking

The Knife of Never Letting Go av Patrick NessIgjen har eg hatt gleda av å lese ei veldig god ungdomsbok.

The Knife of Never Letting Go av Patrick Ness handlar om om Todd Hewitt som er den einaste guten blant berre menn i byen Prentisstown på planeten New World. Todd har lært at Prentisstown er den einaste gjenværande byen på planeten og at alle kvinnene døydde av ein sjukdom som vart spreidd av dei innfødte på New World. Ein biverknad av sjukdomen som utrydda kvinnene er at alle i byen kan høyre kva dei andre tenker, men likevel har mennene halde noko skjult for Todd – korleis ein blir vaksen.

Kort tid før bursdagen då Todd skal bli mann oppdagar han eit stille punkt. Det er jenta Viola. Ho kan høyre Todd sine tankar men han kan ikkje høyre hennar. Dei to må rømme frå byen og på vegen oppdagar Todd at det meste han har lært ikkje er sant. Flukta går mot byen Haven med mennene frå Prentisstown på stadig jakt etter dei.

The Knife of Never Letting Go er spennande og velskreven. Språket er moderne med mykje direkte tale, korte setningar og ein del «dialektisering». Forskjellige fontar er brukt for å illustrere forskjellige formar for uttrykk som t.d. andre sine tankar.

Boka er den første i serien «Chaos Walking». Neste bok «The Ask and the Answer» skal komme ut i mai 2009 – eg gler meg.