Tag Archives: Evolusjonsteorien

Darwins teori

I 2009 er det 200 år sidan to store menn i verdshistoria blei født. Abraham Lincoln blei USA sin 16.president og er nok mest berømt for å vere presidenten som fekk avskaffa slaveriet. Charles Darwin var den britiske naturforskaren som for 150 år sidan, i 1859, offentleggjorde evolusjonslæra sitt hovudverk «Artenes opprinnelse».

I samband med dette doble jubileet for Darwin er det ikkje rart at den siste tida har komt ut fleire bøker om evolusjonsteorien og Charles Darwin.

Ei av desse bøkene er «Darwins teori : evolusjon gjennom 400 år» av Erik Tunstad. Boka tar for seg utviklingslæra frå dei første folka begynte å tenke litt i dei same banene som Charles Darwin fram til vår tid, frå ein først begynte å gruppere dyr i familiar og klassar og til vi no kan lese historien om livet rett frå genene. Denne historien rommar heltar, tålmod, gjennombrot, tragedier, sjalusi, svik og bedrageri.

Ein treng slettest ikkje vere biolog for å ha glede av denne boka, men eg fann at eg trong ganske lang tid på å lese den. Det er så mange forskjellige personar og grupperingar som skal ha sitt, så fordi om eg syns historiane var interessante så må eg innrømme at det ikkje er alt frå boka eg kjem til å hugse. Likevel, det går jo an å gå tilbake og lese delar om igjen.

Alt i alt likte eg boka godt og vil anbefale den til alle som vil ha ei grei innføring i evolusjonsteorien sin historie, både før og etter Charles Darwin.

Meir om evolusjonslæra og boka:
Darwin til folket
– tb.no
Darwin og ånden som går – Stian Bromark
Darwins farlige idé – Klassekampen