Tag Archives: Fabel

Fables : Animal farm

Fables : Animal Farm av Bill WillinghamEtter at ein frykteleg, ukjent fiende invaderer Eventyrland flyktar mange av innbyggarane til vår verd. Her har dei som kan passere som menneske sitt eige samfunn i Fabelbyen midt i New York, medan dei som ikkje kan gå for menneske bur på Farmen på landsbygda.

Snøkvit og søstra Rose reiser opp til Farmen. Der er gardsbestyraren vekke og det foregår mystiske ting. Det er revolusjon på gang og Gullhår og bjørnungen har blitt vaksne sidan sist.

Som den forrige forteljinga i Fables, Legends in Exile, så likar eg også denne veldig godt. Den tar kjente eventyrfigurar og lar dei oppleve nye eventyr. Som tittelen viser spelar den sjølvsagt også på den kjente romanen Kamerat Napoleon (engelsk tittel: Animal Farm) av George Orwell. Teikneserieromanen står fint på eigne bein dersom ein ikkje kjenner til dei forskjellige historiane det blir referert til, men det blir sjølvsagt morsommare når du «tar» mange av referansane.

Som det første heftet i serien så har også dette komt på norsk, men er dessverre utseld frå forlaget.

ASVbib har også bestilt dei neste hefta i serien.

Dette syns andre:

Klokkemakeren

Klokkemakeren av Gert Nygårdshaug

Det ligg ein liten fredeleg, namnlaus landsby i eit namnlaust land. På markene rundt landsbyen beitar husdyr på det som tidlegare var kornåkrar. I eit koseleg hus nett utanfor landsbyen bur urmakar Melkior Mussenden og kona Mathilde. Dei lever eit regelmessig liv der timane blir markert av Mussenden sine 49 veggur.  Men, Mussenden har fått eit rart brev.

Ei natt dukkar det opp eit digert hol i bakken der landsbykyrkja stod, og landskapet rundt er også litt forandra. Militæret dukkar opp, forholdet til nabolandet blir forverra og landet sine «mektige allierte» (som også er nabolandet sine mektige allierte) kjem for å hjelpe til. Det mest foruroligande er at tida byrjar å oppføre seg merkeleg, alle i landsbyen blir isolert i sine eigne tidsbobler. Dei kan kommunisere når dei treffes, men alle si tid oppfører seg forskjellig.

Det blir Mussenden si oppgåve å bygge klokka som får tida tilbake i rute. Og for at han skal klare det må vi innom god mat, god vin, mange typar kalendre, religion, filosofi, landbrukspolitikk, vennskap, kjærleik og elektriske gjerde.

Det tok meg kort tid å bli vant til at Gert Nygårdshaug unngår punktum så mykje han kan, det hjelper sjølvsagt at han er glad i komma og semikolon, og etterkvart blei eg veldig glad i Melkior, Mathilde og deira lille landsby. Grunnen til at berre gav den ein 4’ar var at eg syns at ei bok der TID er så viktig skulle brukt meir tid på tidssystem og slikt og latt meg som lesar lære meir om det. Det blei littegrann for lettvint. Men, uansett så er dette ein veldig lesverdig historie, og ein historie som er lett å lese.

Dette syns andre om boka.