Tag Archives: Foto

Bergen Offentlige Bibliotek på Flickr

Bergen Offentlige Bibliotek har, som første norske bibliotek, begynt å legge ut gamle bilete frå samlinga si på Flickr Commons. Førebels er det hovudsakleg bilete som har tilknytning Edvard Grieg og Ole Bull, men det betyr at det er bilete frå diverse stader i Bergensområdet og bilete av dei kjente herrane sine familiar og vener.

Bileta har ikkje copyright og kan derfor fritt nyttast av andre så lenge ein seier at bileta er henta frå Bergen Off. Bibliotek.

Mange store og kjente institusjonar legg ut sine bilete på Flickr Commons, og det blir stadig fleire. M.a. har Library of Congress liggande ute fleire bilete frå Norge. Forhåpentlegvis blir det også snart fleire norske institusjonar.