Tag Archives: Historisk

Lavinia

Æneiden er hovudverket til den romerske forfattaren Vergil (Publius Vergilius Maro) som levde i 70-19 f.kr. Æneiden skulle vere ein hyllest til det romerske folket og keisar Augustus, og fortel om den trojanske helten Aenas som klarar å flykte frå det falne Troja og etter mange viderverdighetar hamnar i Italia der han blir den antatte stamfaren til romarane.  I siste delen av dette diktverket dukkar det opp ei ung jente ved namn Lavinia. Namnet hennar er omtrent alt Vergil skriv om henne, jenta sjølv får ikkje sei eit einaste ord.

I boka Lavinia lét Ursula Le Guin Lavinia fortelje sin eigen historie.

Lavinia er einaste barnet til kong Latinus av Latium. Latium er eit fredeleg kongerike på den italienske vestkysten, nett sør for dei 7 åsane der Roma etterkvart blir grunnlagt. Mor hennar vil gjerne gifte henne bort til fetteren sin, den unge og ambisiøse nabokongen Turnus. Far hennar høyrer derimot på Lavinia når ho fortel at det lokale orakelet har spådd at ho skal bli gift med ein framand helt. Det ho ikkje fortel far sin er at det ikkje var vanlege ånder som snakke til henne, men at ho hadde ein samtale med ånda til den enno ufødde diktaren Vergil som skulle komme til å skrive om henne. Lavinia er ei sterk heltinne, men ikkje ei som gjer opprør mot den rollen orakelet (eller i hennar tilfelle Vergil) seier ho skal ha, ho gjer derimot sitt beste for at spådommen skal bli sann. Vergil oppdagar på si side at han kanskje har forfordelt Lavinia i eposet sitt.

Så kjem Aenas til Latium og krig bryt ut.

Eg syns dette er ei veldig god bok. Ursula Le Guin skildrar eit tidleg Italia som er eit jordbruks- og krigarsamfunn styrt av mange småkongar. Det er eit religiøst samfunn der rituale,  plikter, gudar og orakel har sterk makt over enkeltmenneska og samfunnet sit liv, og det er fascinerande å få eit innblikk i korleis Italia kan ha vore før Romarriket vaks fram. Eg likar også veldig godt Ursula Le Guin sitt språk. Det er på mange måtar enkelt og utan masse pynt, men likevel så er det veldig poetisk. Eg skulle ønske eit eller anna forlag ville omsette Lavinia til norsk slik at dei som ikkje les engelsk også kunne få lese den.

Ursula Le Guin les frå Lavinia:

Dette syns andre om Lavinia:

Advertisements

Vann til Elefantene – Water for Elephants

Å lese Sara Gruen si bok Vann til Elefantene var ei flott oppleving. (ASVbib har den på både norsk og engelsk.)

Boka er ei erindringsroman fortalt av nitti (eller nittitre) år gamle Jacob Jankowski som sit på gamleheimen og tenker tilbake på sirkustida si under depresjonen i USA.

Som ung og nesten ferdig utdanna veterinær hamnar Jacob via tragiske omstende på «Benzinibrødrenes Mest Spektakulære Sirkus i Verden» som på langt nær er så spektakulært som namnet skulle tilsei.

Der møter han sirkusdirektøren Onkel Al, den Shakespeare-lesande dvergen Walter, sirkusarbeidaren Camel, dyreansvarlege August og August si kone Marlena, som har dei flottaste hesteoppvisningar. Jacob blir sjølvsagt forelska, og dramaet er i gang.

I tillegg til den personlege historia skildrar også Gruen ei verd der klasseskiljet var enormt og dyremishandling var ein del av kvardagen. Artistane representerte overklassen medan arbeidarane levde som dyr og risikerte «rødt kort» dersom dei blei overtallige. «Rødt kort» betydde å bli kasta av toget i fart.

Gruen har gjort grundig research av 30-talet si sirkusverd i USA og har bakt inn fleire sirkusanekdoter i forteljinga. M.a. er forteljinga om den skjønne elefanten Rosie inspirert av fleire elefantsoger frå sirkusverda.

Eg las boka på engelsk og det er derfor vanskeleg for meg å sei om den er godt omsett. Men, det er uansett ein historie som er verd å lese.

The Red Necklace – god bok frå revolusjonstida i Frankrike

The Red Necklace av Sally Gardner er ei av bøkene eg har hatt gleda av å lesa denne jula. Dei unge hovudpersonane Yann og Sido blir vaksne i løpet av dei åra den franske revolusjonen foregår. Yann er oppvaksen i teaterverda – ein gutt med sigøynarblod og spesielle magiske evner, Sido er den uelska dottera til ein forfengeleg marki – og som adeleg på veg mot giljotinen.  Dei møtes ved eit tilfelle og liva deira er for alltid botne saman.

Boka er spennande og dramatisk med eit rikt persongalleri av både hyggelege og mindre hyggelege personar. Språket er moderne engelsk, men stilen er tilpassa ei litt eldre tid slik at det ikkje føles feil i forhold til tida boka foregår i.