Tag Archives: Humor

Valhall

I åra 1979-2009 utgav den danske teikneserieskaparen Peter Madsen dei 15 binda i serien Valhall.

Valhall tar utgangspunkt i dei norrøne gudesegnene og her møter vi Tor, Odin, Loke, Frøya, Siv og mange andre frå den norrøne gudeverda.

No har ASVbib den komplette serien til utlån.

Advertisements

Nytt i dvd-hylla

Denne veka har vi fått følgande nye filmar i dvd-hylla.

Twilight 2 – New Moon

Twilight-sagaen heldt fram. Edward og familien hans har flytta frå den lille byen for å beskytte Bella mot farane som ligg i deira verd, men Bella sitt begjær etter å bli gjenforent med Edward gjer at ho stadig tar større sjansar. Tilfeldigvis kjem Bella ansikt til ansikt med ein tidlegare dødsfiende og blir redda av ein flokk overnaturlig stor ulvar. Det blir klart at Bella stadig er i livsfare….

Vi har sjølvsagt den første Twilightfilmen også, og bøkene som filmane er bygd på.

Mørk blå, nesten sort

Jorge er i 20-åra, men bur framleis heime hjå foreldra i Madrid. Han vågar endeleg å fortelje far sin at han ikkje vil følge i faren sine fotspor og bli vaktmester, men heller vil få seg ei utdanning. Men Jorge har også ein bror. Broren sit i fengsel og treng ein tjeneste frå Jorge. Broren sin kjæreste, som også er innsatt, vil ha eit barn – og Jorge sin bror er steril…

Det levende slottet

Sofie er ei ung jente som blir forheksa av Ødeheksa og trylla om til ei gammal dame. For å bli ung igjen må ho bli venn med ild-demonen Calcifer og fri han frå trollmannen Haurus si makt. Ho får seg jobb på Haurus sitt levande slott og oppdagar at Haurus sitt rykte som ond trollmann (han skal visstnok ha for vane å ete hjertene til vakre unge jenter) nok er betydelig overdreve.

Biblioteket har bestilt boka Howl’s moving castle som filmen er basert på og vi har også nokre andre gode fantasybøker av forfattaren Diana Wynne Jones.

Det levende slottet er ein såkalt anime-film, ein japansk animasjonsfilm. Du kan lese meir om denne filmstilen i boka Anime som du kan finne her på ASVbib.

Oppvåkningen

I 1969 byrjar Dr. Malcolm Sayer som lege på Bainbridge hospital i New York. Han oppdagar at sjukehuset har ein avdeling med pasientar som har vore katatoniske etter å ha fått hjernebetennelse mange år tidlegare. Etter forsøk med nye medisinar byrjar pasientane å vakne.

Nye dvd’ar på Biblioteket

Dei siste dagane har vi fått inn nokre nye filmar på biblioteket. Dei handlar hovudsakleg om krig, krim og humorgrøss.

Krig

Flags of our Fathers : her blir vi med amerikanske styrkar under eit av dei største slaga i Stillehavet under 2.verdskrig. På øya Iwo Jima prøver amerikanarane å erobre festningen og dei to flystripene som er under japansk kontroll. Slaget om Iwo Jima varer frå 19.februar til 16.mars 1945. Det kosta over over 18000 japanarar og nesten 7000 amerikanarar livet. Bildet av det amerikanske flagget som blir reist på ein fjelltopp på øya er eit av dei mest kjente bileta frå 2.verdskrig. Vi blir med dei tre overlevande av soldatane som reiste flagget. Dei returnerer heim til ein heltestatus dei ikkje kjenner at dei fortjener. Filmen blei nominert til to Oscar.

Letters from Iwo Jima: I denne filmen er det den japanske sida av slaget som blir fulgt. Mange år etter slaget blir fleire hundre brev gravd opp på øya, og gjennom dei blir vi kjent med soldatane som kjempa på den japanske sida.  Dei var sendt til øya vel vitande om at dei truleg aldri kom heim igjen. Dei hadde lite å forsvare seg med, men heldt likevel ut i lang tid. Av alle dei mange tusen japanske soldatane på øya blei berre 216 tatt til fange. Filmen blei nominert til 6 Oscar og vant 1.

The Hurt Locker: Igjen er vi i krig, men denne gongen er vi i Irak. James er ny sersjant for ei gruppe elitesoldatar som har ansvar for å desarmere bomber. Han overraskar sine to underordna med å sende dei ut på veldig risikofylte oppdrag i ein urban krigssone der nesten kva som helst kan vere bomber. Det virkar ikkje som om James er redd for å dø. Filmen blei nominert til 9 Oscar og vant 6 av dei, m.a. for beste film, beste originalmanus og beste regi.

Krim

Gudfaren – del I, II og III: Dei tre filmane fortel historien om tre generasjonar av mafiafamilien Corleone gjennom fleire generasjonar. Filmane vekslar mellom familieliv og den brutale kriminaliteten som familien er involvert i.  Del I var nominert til 11 Oscar og vant 3, del II var nominert til 11 Oscar og vant 6 og del III var nominert til 7 Oscar.

Humor/Grøss/Musikal

The Rocky Horror Pitcture Show: Brad og Janet er eit ungt og uskyldig nyforlova par frå midtvesten. På veg til ein tidlegare lærar for å feire forlovinga får dei motorstoppp og tar seg fram til eit mystisk slott. Slottet er fullt av skapningar frå planeten Transsexuell i galaksen Transylvania. Brad og Janet er først frastøtt av det dei opplever, men blir begge forført av Frank-N-Furter. Dette er kultfilmen over alle kultfilmar med si heilt eiga blanding av humor, grøss og musikal.

The Gone-Away World

Nick Harkaway er debutant og står bak ei roman som eg ikkje klarar heilt å forklare kva handlar om. Det er ei forteljing om krig, om oppvekst, om kjærleik, om ninjaer, om mimeartistar, om vennskap, om identitet… Den er alt. Den har godt språk, har strålande observasjonar, forlet hovudforteljinga for å ta all slags avstikkarar, og er berre heilt fantastisk!

Sånn overfladisk sett handlar boka om Gonzo og vår namnlause forteljar som lever i ei post-akopalyptisk verd der det einaste som gjer noko av planeten leveleg er the Jorgmund pipe, og den står i brann. Men så gjer forteljaren eit hopp tilbake i tid og vi får følge dei to kameratane frå det første møtet i sandkassen, gjennom oppvekst og utdanning, gjennom krigen i landet Addeh Katir der det ultimate våpenet blir tatt i bruk og inn i verda slik den er etter krigen. Dette er ei bok som stadig vekk tar sine eigne avstikkarar innom funderingar om nytta av sauer på slagmarka, referansar til Star Trek, romantikk i eit krigsherja land, førstehjelp på slagmarka og mykje meir. Alt-i-alt høyrest ikkje dette særleg morsomt ut, men det er faktisk ei svært morsom bok og.

Eg syns det var litt vanskeleg bok å begynne på, men det innleiande slitet over dei første 10-20 sidene var så absolutt verd det! Og språket er heilt herleg det og. Eg håpar at Nick Harkaway kan skrive fleire like gode bøker, eg gler meg alt vilt til neste.

Les, les, les!

Dette syns andre om The Gone-Away World

Tatt av kvinner – Eon 5

Lars Lauvik er tilbake med sin spinngalne gjeng i Eon 5 – Tatt av kvinner.

Gjengen har som vanleg eit nokså irrasjonelt forhold til det meste her i verda som t.d. politikarar, julefeiring, stupebrett, sin herre og teiknemester Lars Lauvik og kolleagene hans, trafikkreglar og sjølvsagt kvinner.

Eg ler som vanleg masse.

 

Å vere bibliotekar!

Dangerous ideas

En uvanlig leser

En uvanlig leser av Alan Bennett er ei morsom forteljing om dronninga av England.

Ein dag rotar dronninga seg inn på bokbussen som har stopp ved slottet, og for å vere høfleg lånar ho ei bok. Dronninga blir raskt ein ivrig lesar  og dette byrjar etterkvart å uroe både hoffet og regjeringa. Lesinga endrar måten dronninga ser på seg sjølv – både kva som er plikt og kva som er glede. Dei høflege gamle spørsmåla om kor folk kjem ifrå og korleis trafikken var, blir erstatta av spørsmål om kva dei les for tida, og dette har dei fleste ikkje noko svar på. Ho byrjar og å få ganske opprørske tankar om dronningrolla, og det skal bli verre – ho vil skrive sjølv.

For ein ivrig lesar med store haugar av bøker som ho skal lese, er dette ei kosteleg bok. Eg kjenner meg igjen når dronninga må avbryte lesinga si på grunn av eit viktig offisielt oppdrag og knapt kan tenke på noko anna enn å komme tilbake til boka si. Også behovet for alltid å ha med seg ei bok er velkjent. Dronninga er kanskje ikkje ein så uvanleg lesar som tittelen skulle tilsei.

Boka henviser til mange forfattarar, både folk eg har høyrt om og folk eg aldri har høyrt om. Det er nok ein fordel å kjenne ein del til litteratur når ein skal lese denne boka, men det er på ingen måte nødvendig. Boka er full av morsomme situasjonar og observasjonar som alle kan sette pris på uansett litterær ballast.

Dette skriv andre om boka:
Kongelig bokorm – Dagbladet
Dronning hekta på bøker – Dagsavisen
Fantastisk morsom! – Books for keeps (blogg)
Kostelig om lesingens konsekvenser – Bergens Tidende